norsk DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk etter Ivar Aasen

 13 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Eige — Ein — Einslig — Eiter — El, regn-el — Eld — Elske — Elv, å — Embete — Ende — Eng — Engel — Enkje — Eple — Erte — Ete — Etle — Etter

Twig


Eige

Det er betre å eige enn alltid leige [22].

Det er ille for den som med éin skal eige og med ein annan skal ale (som avlar med den eine og oppfostrar med den andre, nemlig i eit nytt ekteskap - IA.) [22].


Ein

Det er ille å vere ein imot mange [23].

Ein kan ikkje gjøre meir enn eitt i senn (ein ting om gongen) [23].

Eitt først og anna sia [23].


Einslig

Det er betre å vere einslig enn i vondt følgje [23].


Eiter

Det er ikkje eiter i alt som sting i foten [23].


El

Store regn-el gjør store elvar [23].


Eld

Den som blir brent, blir redd elden [23].

Det er ille å sitje ved elden og fryse [23].

Eld og vatn er vonde herrar men gode tenarar [23].

Elden er ein uvørden gjest [23].


Elske

Elsk med vett, så varer det lenge [24].

Elsken ser ikkje lett alle lyte [jf. 24].

Elskhug er vond å gjømme [24]..


Elv og å

Det er ei lita elv ein ikkje kan drikke seg utørst i [24].


Embete

Den som har mange embete, styrer ikkje alle jamgodt [24].

Ikkje noe embete er utan ein vanske [24].


Ende

Alt har ein ende, så nær som pølsa: Ho har to [24].

Ein gong lyt enden kome [24].


Eng

Enga er mor til åkeren [24].

Ljuve enger mettar både folk og fe [24].


Engel

Det skal ein engel til for å gå lastelaust [25].


Enkje

Den modne enkja kan jamt meir enn veslejenta [jf. 25].


Eple

Dei største epla er ikkje alltid dei beste [25].

Eplet dett ikkje av før det er fullmodent [25].

Eplet fell ikkje langt ifrå rota (eller treet - IA.) [25].


Erte

Ein kan erte ein god hund til han vil bite [*25].


Ete

Den som et lengst, lever lengst [25].

Det blir jamt nok for ein etar; det er verre for ein drikkar [25].

Ein et seg ikkje meir enn mett om ein er rik [25].

Mange vil ete og ikkje streve; sia får dei streve og ikkje ete [25].


Etle

Etle = ha i sinne, ha planar om, vere meint på, akte, tenkje; velje ut, setje av, tenkje seg (til eit visst føremål); tenkje på (nokon) med (noko); la vere att, leive; setje av, spare, reservere; porsjonere, dele (ut))
Det er nær godt å etle seg det beste til sist [26].

Ein etlar seg vide der ein aldri kjem [26].


Etter

Etterpå veit alle mann råd [26].

Ettertanken er god, men føretanken er betre [26].


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


Ivar Aasen Norske ordsprå ordsprog ordtak i utval   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]