Norsk del, Gullvekta
Ordspråk etter Ivar Aasen
Seksjon › 4 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Fager — Fagnad — Fall, falle — Falsk — Fang — Fange — Fant — Fare — Fare — Farken, pokker, bøvelen osv (eig. Fanden) — Fast — Fat — Fattig, fattigdom (armod) — Fiende — Finne — Fisk — Fjell — Fjør — Flekk — Fleste — Fly — Flyte — Flytte — Fløyel — Flå — Folk, også vondt folk — Forblinde  — Forbod — Forfall — Foring — Framsyn — Fot — Fram — Fred — Frende — Frette, spørje, få høyre, få vite — Fri — Fri — Frisk — Fryse — Frø — Fugl — Full — Fulskap — Fut — Fylle — Føde — Følge — Følge  — Føre — Først —

Twig

Fager

Det er mangt fagert det er liten fagnad med. [26]

Han er fager som fer fagert fram. [26]

Fagnad

Det kan til sist komme fagnad i fattighuset. [27]

Det kan vel komme sorg under silkeklede. [27]

Stor fagnad er sjeldan lang. [27]

Stor fagnad kan snart få ende. [27]

Fall, falle

Det er snarare gjort å falle enn å reise seg. [27]

Høvelegast fall er ganske alvorsamt.*

Som treet fell, så vil det ligge. [27]

Stort mod står for fall. [27]

Falsk

Det er ofte falsk under fagert skinn. [27]

Fang

Det er monn i mindre enn heile fanget fullt. [27]

Fange

Den fuglen ein ikkje kan fange, får ein la fly. [27]

Den som vil fange fuglen, får ikkje skremme han. [27]

Det er rev som rev skal fange. [27]

Ein har ikkje fuglen før ein fangar han. [27]

Ein skal ikkje selje fisken før han er fanga. [27]

Ein skal ikkje selje skinnet til bjørnen før han er fanga. [27]

Fuglen er ikkje så fager i handa som på kvisten. [27]

Ikkje alle fantar kjem i fangehuset. [27]

Ingen blir fanga der han ikkje finst. [27]

Kloke fuglar kan òg bli fanga. [27]

Sovande katt fangar inga mus. [27]

Fant

Det er forskjell på fant og fagnamann. [27]

Det er mang ein fant i fagert skinn. [28]

Det finst alle stadar fant imellom folk og folk imellom fant. [28]

Ikkje alle som går i fillete klede, er fant. [28]

Fare

Faren får fiendar til å halde saman. [29]

Fare

Ein kan fare kor ein vil, ein fer ikkje frå seg sjølv. [28]

Ein lyt fare etter folkesedene. [28]

Ingen fer vekk frå seg sjølv. [28]

Farken, pokker, bøvelen osv (eig. Fanden)

Får pokker ein finger, tar han heile handa. [30]

Fast

Den som er fast, slepp å binde seg. [28]

Det som er fast, er lett å fange. [28]

Fat

Fulle fat skal ein bere varleg. [28]

Fattig, fattigdom (armod)

Armoda er stor; men så er det mange om ho også (gammal skjemt - IA). [3]

Den fattige et når han kan, og den rike når han vil. [29]

Den fattige fangar reven og den rike får skinnet. [29]

Det er lett gjort å gjere fattigmann glad. [29]

Fattig mann kan også få ein god dag. [29]

Fattigdom er inga skam (utan det er sjølvvald). [3]

Fattigdommen er ein lei sengefelle. [3]

Fattige og rike er alle i dauden like. [29]

Rikdommen kan ein dølje, armod ikkje. [29]

Fiende

Fiendskap er lett å kveike; det er seinare å sløkke. [31]

Ingen fiende er så veik at han ikkje kan gjere vondt. [31]

Finne

Ein kan best finne det ein sjølv har gøymt. [31]

Fisk

Det kan komme stor fisk i fattigmanns båt. [31]

Ein skal ikkje selje fisken før han er fanga. [31]

Store fiskar riv sund garna. [32]

Fjell

Den som vil opp på fjellet skulle kanskje ikkje springe av garde. [*56]

Fjør

Det er fjør som gjer fuglen fager. [32]

Det er på fjøra ein kjenner fuglen. [32]

Det syner på fjøra kva fuglen er. [32]

Flekk

Det er reint lyte, det som ein kan vaske av seg. [33]

Ein ser snarare eit lyte på andre enn på seg sjølv. [33]

Fleste

Mest alle ser på dei fleste, og få på dei beste. [*33]

Fly

Ein får ikkje fly før vengane er vaksne. [33]

Flyte

Der det største kan flyte, flyt det minste også (om båt og last - IA). [33]

Der ein flyt i fjøre sjø, der flyt ein visst i flo. [33]

Flytte

Det fell alltid noko av flyttelasset. [34]

Ingen veit kva han eig før han skal flytte. [33]

Tre flyttingar er så godt som ein husbrann. [34]

Tre gongar flytta er som ein gong brent. [34]

Fløyel

Fløyelsbot på vadmålsbrok vil ikkje høve i hop (vadmål er tjukt ulltøy - IA). [34]

Flå

Ein kan ikkje flå det som ikkje er fanga. [33]

Folk, også vondt folk

Dess meir folk, dess meir tjuveri. [34]

Det blir aldri folk av fe. [34]

Det er fagnad å finne folk i øydemarka. [34]

Folk er iblant slik som ein fer med dei til. [*34]

Gammalt folk har nok ymse lært. [jf. 34]

Godt folk er kjekt å ha med å gjere. [34]

Godt folk kan òg få vanskar og vanskjebne. [34]

Storfolk og små barn er like: Dei toler så lite vondt. [34]

Storfolk og småbarn kan visst aldri vente. [jf. 34]

Forblinde

Annan manns lyte er lette å sjå.

Annans skade er det enklast å lære av.

Auget er det første ein blir blind på.

Beint fram som ei blind merr.

Blindast er den som ikkje orkar å sjå.

Den lyt sjå vel, som vil ha vinning.

Den skal sjå vel og rett, som sant vil seie.

Den som har berre eitt auga, får vakta det.

Den spår ille som er redd.

Det er ikkje alt som spådd det blir noko av.

Det ein sjølv får sjå, det slepp ein å tvile på.

Betre å lære av éin skade enn av mange.

Det er eit barskt auge som aldri vil sjå godt.

Det er mange stadar å leite på, og få å finne på.

Det lytet ein ikkje veit av, er verre å rette.

Like barn leikar best.

Skade og skam lærer somme å fare visare fram.

Skremsel gjer forblinda.

Somme lyte er lettare å sjå enn å rette på.

Vonde auge evnar ikkje å sjå det som er fint.

Forbod

Mange forbod skaper mange forbrot (brot). [35]

Forfall

Det gjeld å ha gyldig forfall. [35]

Forfall kan lovt bryte. [35]

Foring

God fôring gjer fagert fe. [35]

Framsyn

Framsyn er halve føda. [35]

Lite framsyn blir armods mor. [35]

Fot

Det er ille å bryte foten på flate golvet. [35]

Det går seint å sette fot under eige bord; (å ta til med eit nytt hushald). [35]

Ein får ikkje rette foten lenger enn fellen rekk (i senga). [35]

Ein stor fot gjer store steg. [35]

Vi kjem aldri til å stå på yngre føter. [35]

Fram

Fram og tilbake er like langt. [36]

Han kjem vel fram, som fer makleg. [*36]

Fred

Den som fred vil nyte, skal ikkje freden bryte. [36]

Den som kan ha fred, skal ikkje vekke ufred. [36]

Det er betre å gøyme fred enn gjere fred. [36]

Ein får ikkje lenger fred enn grannen vil. [36]

Fred kviler på vakre draumar. [36]

Ingen rår for freden aleine. [36]

Frende

Det er godt ha frendar; det er betre ha vennar. [36]

Frette, spørje, få høyre, få vite

Det er lite, det som ikkje blir snakka om. [36]

Ein kan få høyre mangt om ein ikkje ferdast langt. [36]

Fri

Ingen er så fri at han får gjere alt han lyster. [36]

Fri

Den som frir til pengar, spør ikkje etter alderen. [36]

Det er lett å fri når ein veit ein er velkomen. [36]

Frisk

Den som er frisk, er snart fager nok. [37]

Friske folk treng ingen lækjar. [36 ]

Friske treng ingen Jesus. [Matteus 9:11-12].

Fryse

Den som frys, trur neppe det er varmt nok. [jf. 37]

Det er betre å fryse enn å breie vondt oppå seg. [37]

Det er betre å ligge aleine enn å vere ille gift. [37]

Det er vondt å fryse; det er helst verre å brenne seg. [*37]

Frø

Av små frø blir det store tre. [37]

Det blir ikkje frø av alle blomar. [37]

Ein får ikkje frø når ein bryt av blomen. [37]

Fugl

Alle fuglar er ikkje haukar (somme er berre gaukar). [37]

Den fugl ein ikkje kan fange, får ein la fly. [38]

Den som vil fange fuglen, får ikkje skremme han. [38]

Det blir ikkje fugl av oppetne egg. [37]

Det er dårleg fugl som ikkje finn sitt eige reir. [37]

Det er ikkje fugl, alt som fly vil. [37]

Det er lite om fuglen når fjøra er av. [38]

Det er låk fugl som skjemmer sitt eige reir. [37]

Det kjem ikkje steikte fuglar flygande. [37]

Ein fugl i handa er betre enn ti i skogen (eller på taket). [37]

Ein har ikkje fuglen før ein fangar han. [38]

Ein skal ikkje selje fuglen før han er fanga. [38]

Stor fugl treng stort reir. [37]

Fuglen er ikkje flogen med same han kjem frå egget. [38]

Fuglen flyg aldri så høgt at han ikkje kjem att til jorda. [38]

Kloke fuglar kan òg bli fanga. [37]

Kvar fugl har sin song. [37]

Kvar fugl syng med sitt nebb. [37]

Like fuglar flokkar seg helst. [37]

Like fuglar flyg best i flokk. [37]

Liten fugl har små fjør. [37]

Minste fuglane syng fagrast. [37]

Små fuglar verper små egg. [37]

Storfuglar fangar ikkje fluger. [37]

To fuglar ber betre til reirs enn ein. [37]

Vare fuglar kan også bli fanga. [*37]

Visste fuglen kor fattig han er, så song han ikkje så fagert. [38]

Full

Betre for fullt en for tidleg tomt (om forrådshus, forsyningslager). [38]

Det kan vere fullt, om det ikkje flyt utover. [38]

Fulskap

Det er fulskap i alle ting, så nær som i nysila mjølk [utan dioksin mm.]. [38]

Det er fulskap i alle ting, så nær som i nysila mjølk. Og den blandar dei med vatn. [38]

Fut

Det er godt å vere fut når ein slepp å gjere rekneskap. [*38]

Fylle

Det er vanskeleg å fylle ein sundriven sekk. [39]

Ein treng ikkje fylle det som er fullt frå før. [38]

Føde

Det er ikkje føde i alt som fyller. [39]

Ein skal fø folk, men ikkje gjø dei. [39]

Ikkje alt som fyller, nærer. [39]

Følge

Godt følge gjer langevegen lett. [38]

Følge

Den som følger og den som går føre, er like gode. [38]

Den som vil følge når det er medvind, får følge i motvinden også. [*38]

Føre

Betre å vere føre var enn etter snar. [39]

Den som er føre vis, får sleppe skiten ettertanke. [*39]

Den som har føretanke, slepp ettertanke. [39]

Den som skal føre mykje, får fare med lempe. [40]

Den som skal føre mykje, får fare varsamt. [40]

Den som var føre vis, ville aldri fare ille. [39]

Føre vis fór aldri gale. [39]

La den som veit vegen, gå først. [39]

Når den som går føre fer vill, fer andre med. [39]

Var ein førevis for ein aldri gale. [39]

Først

Den som kjem først på mølla, får først male. [39]

Den som kjem først åt elden, får best varma seg. [39]

Den som kjem først, kan bli først ferdig [Det gjeld å posisjonere seg fint, ikkje dårleg]. [39]

Den som kjem først, kan få beste sitteplassen. [*39]

Det som først kjem i karet, set ein smak etter seg. [39]

Det som kjem først i sekken, kjem helst sist ut att. [*39]

Ein gong får vere første gongen. [39]

Ein gong lyt vere den første. [39]

Først komme, først hjelpt (jf. First come, first served ). [39]

Førsterettar er bra å ha. [39]

Det er betre at ein får enn ingen får. [29]

Når ein ikkje får, slepp ein å takke. [29].

Innhald


Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Tala i klammer etter ordspråk viser til sider i 1881-utgåva av Norske Ordsprog, samla av Ivar Aasen (IÅ). Der står ordspråka med gotisk skrift. [Litteratur]

Ivar Aasen-ordspråk, ordtak etter Ivar Aasen, tematiske norske ordspråk, nynorsk ordsprogsamling, opp Seksjon Sett Neste

Ivar Aasen-ordspråk, norske ordtak etter Ivar Aasen, norske ordspråk etter tema, nynorsk ordsprogsamling BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]