norsk DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk etter Ivar Aasen

 13 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Gagn (bate, nytte) — Galen — Gaman — Gammal — Gang — Gap — Gape — Gard — Gauk — Geit — Gi — Gifte seg — Givnad — Gjerning — Gjerrig — Gjest — Gjete — Gjette — Gjort — Gjøle — Gjømme — Gjøre — Glad — Glas — Glede — Gli — Gløgg — Glømme — Gneiste — God — Golv — Gong — Gras — Grave — Grend — Grind — Gris — Gro — Gryte — Grå — Gråt — Gud — Gul — Gull — Gut — Gøy —  — Gås

Twig


Gagn (bate, nytte)

Gagn i allting bør vel ingen vente [jf. 8].

Den som gjør seg gagn av sin skade, er klok [40].

Det er av det gode, det som gagner og er ingen til skade. [8].

Det er godt, det som er somme til gagn og ingen til skade.

Det som gjør gagn, er godt nok [40].

Ein kan ikkje vente berre gode dagar og ingen netter.

Ein liten bate fører stundom til skade. [8].


Galen

Det er gale, same kven det er som fer gale [40].

Ein kan vere lenge galen før ein merkar det sjølv [40].

Mang ein er galen og merkar det ikkje; mang ein har vett og når det ikkje [40].


Gaman, moro

Den som gjør gaman; skal tole gaman [41].

Gaman dreg folket saman [41].

Mangt blir gjort for gaman [41].


Gammal

Dei gamle skal ein ære, dei unge skal ein lære [41].

Dei gamle var ikkje gapar [41].

Den gamle er eldst [40].

Den gamle viser kva den unge var [40].

Det er leitt å vere gammal og galen [40].

Det er ofte godt, det dei gamle har kveda [41].

Det gamle er visst; det nye er uvisst [41].

Det gamle skal nå det nye (Gammalt forråd skal vare til ein har fått ny forsyning. - Etter IA.) [41].

Det gamle står på sterke røter [41].

Ein blir aldri for gammal til song [40].

Ein blir aldri for gammal til sorg.

Ein blir aldri for gammal til å lære [40].

Gammal og galen gjør ingen høglig.

Ein skal ikkje kaste vekk det gamle før ein har det nye [41].

Gammal forsyning skal vare til ny forsyning kjem [40].

Ha dei gamle til råd, og dei unge til hjelp [40].

Sjå på dei gamle, så ser du kva du sjølv vil bli [40].


Gang

Ærendslaus gang er alltid for lang [41].


Gap

Ein finn like snart ein gammal gap som ein ung [42].

Ein gap kan spørje meir enn ti vise kan svare [42].


Gape

Ein skal ikkje gape meir enn munnen toler [42].


Gard

Alle vil klatre over det lågaste gjerdet [42].

Gjerde gjør grannar vel forlikt [42].

Lågaste gjerdet er lettast å klatre over [42].

Sjå ikkje etter garden, men etter karen ( t.d. om friar som eig gard - IA.) [42].


Gauk

Gauken gjel ved lauvsprett og tagnar for høysåter [42].


Geit

Ein får ikkje setje geita til å gjete hagen [43].


Gi

Den som gir skal teie; den som får skal tale [44].

Den som har gitt skal teie; den som har fått skal seie frå [44].

Det er ein skarv som giR betre enn han har [44].

Det er lett å gi når ein ventar jamgodt i gjengjeld [*44].

Ein skal så gi at ein sjølv kan leve [44].

Gi slik i dag at du kan gi i morgon også [44].

Kråka gir ungdom det ho ikkje vil ha sjølv [44].


Gifte seg

Den som gifter seg for brått, angrar det for trått [43].

Den som har det for godt, skal gifte seg [43].

Den som ikkje kan tole gode dagar, kan gifte seg. (Syv - IA.) [43].

Gift deg mens du ser; sidan er det heller seint [43].

Giftemål er ikkje hestekjøp [43].

Giftemål er som åleteina: Somme som er ute vil inn; somme som er inne, vil ut att [*43].

Gifting er eit vågespel. Går det vel, er det mye vel [43].

Gifting på ei von er mange til skade [43].


Givnad

Kvar får eigen natur følgje [44].


Gjerning

Gjort gjerning har inga attervending [45].

Ugjort gjerning får inga løn [45].


Gjerrig

Det bra er å ikkje vere for gjerrig.


Gjest

Den gløggaste er verst - [jf. 46].

Den minst akta får vere vaknast [46].

Det er vond gjest som jagar husbonden ut [46].

Siste gjesten kan få verste stolen.

Gjestebod er ikkje fattigmanns forum [46].

Når gjestebodet er gjort, står huset tomt [46].


Gjete

Den som skal gjete, får ha auga med seg [46].

Gjetetuva krev mat (ein gjetar har alltid god matlyst - IA.) [46].


Gjette

Den som gjettar, anten lyg eller seier sant [43].

Den som skal gjette og spå, anten lyg eller rammar på [43].

Det er godt å gjette det alle kan vite [43].


Gjort

Det som er gjort i dag, ligg ikkje ugjort i morgon [46].

Skulle alt vere gjort som er sagt, blei mangt eit ord usagt [46].


Gjøle (smiske, rose, skryte, gjølord: smiger)

Dess meir ein roser galningen, dess galnare blir han [46].

Dess meir ein roser ei gal furie, dess verre blir ho.

Skryt gjør gapen glad [46].

Når ein roser ein narr, får ein kanskje nytte av han sia [*46].


Gjømme

Det som er gjømt i dag, det er ikkje mist i morgon [52].

Ein skal gjømme noe til den gamle mannen (til seg sjølv i alderdommen - IA.) [52].

Gjømt er ikkje glømt (berre ein veit å finne det - IA.) [52].


Gjøre

Den som gjør mest, skryt minst [45].

Den som gjør vel, han ser vel [45].

Det er godt å gjøre med god reiskap [45].

Eitkvart lyt ein gjere, skal vel vere [45].


Glad

Ein kan vel vere glad, om ein ikkje dansar [46].

Ein skal vere glad om ein ikkje får alt ein ønskjer [46].

Ikkje alle som kved er glade, og ikkje alle som græt er blaute [46].


Glas

Den som bur under glastak, skal ikkje kaste stein på andre [46].

Ein glasvegg gjør mye lys men liten varme [slik var det før termorutene] [46].

Glede

Best glede varer lengst [46].


Gli

Det er skil på gli og dette [47].


Gløgg

Gløgg gjeter gløggare vørdar.


Glømme

Det er ikkje glømt, som er gjømt [47].


Gneiste

Ein liten gneiste kan starte stor brann [47].


God

Det er godt mens det gode varer [47].

Det er lett å vere god når det ikkje kostar [47].

Det er tungt å vere god når ein ikkje får sjå noe godt [47].

Det gode er ikkje akta før det vonde kjem [48].

Det kan bli for mye av det gode. (importert - IA.) [48].

Det kan bli for mye god import.

Ein skal ta goddagane mens ein får dei [48].

Godmaten er glømt så snart den er slukt [48].

Godt menneske kan også bli gjort arg [48].

Godt nok er nest det verste [48].

Ikkje alt godt er gammalt, og ikkje alt nyttig er nytt [48].

Ingen er for god til å tene seg sjølv [47].

Ingen er så god at han ikkje kan få ein vond tanke [47].

Få ting er så gode at ein ikkje kan bli lei av dei [jf. 48].


Golv

Det som ligg i golvet, dett ikkje ned [48].

Reint golv er lett å sope [48].


Gong

Ein gong er ingen vane [48].

Ein gong får vere den første [48].


Graut

Det er lett å lage graut av annans mjøl [49].


Grave

Han skal grave djupt, som vil byggje høgt [49].


Grend

Det er betre å bu i ei god grend enn å vere vidkjend [50].


Grind

Ein skal elske sin granne, men la grinda stå (Love your neighbour, but don't pull down the hedge) [50].


Gris

Det er ikkje stor gris før han skal slå krøll på halen sin [50].

Ein lyt ale grisen for flesket si skuld [50].

God gris vaskar seg sjølv [50].

Grisen er ikkje kresen, seier ikkje nei til snusk.

Grisen har ingen grunn til å vere kresen i gryta.

Smågriser får vel tenner; smågutar blir vel menn [50].


Gro

Mens graset gror, kan kua dø [51].


Gryte

Når gryta koker over, slår ein kaldt vatn i [51].

Små gryter har også øyre. [51].


Grå

Betre grå enn skalla.

Betre grått hår enn ikkje hår [49].


Gråt

Den som græt for ingen ting, kan tørke tårene sjølv [50].

Ein skal ikkje gråte for ukomen skade [50].

Han græt ikkje for gull, som ikkje gull har ått [50].


Gud

Det som Gud vil ha fram, kan ingen hindra [51].


Gull

Ein kan kjøpe gullet for dyrt også [51].

Gull er godt; men mat lyt ein ha aller først [51].

Gull er gull, om det enda ligg i sørpedungen.


Gut

Det kan kome ein stor gut frå eit lite hus [52].

Galne gutar bli gode menn [52].

Liten gut kan mye lære [52].


Gøy

Den som gøyr sjølv, slepp å halde hund [52].


Alt går ikkje som ein gjettar [41].

Betre å gå på land og kroke enn ligge i vatn og rope (åtvaring mot å gå på veik is - IA.) [41].

Det er godt at det går fort; det er betre at det er vel gjort [41].

Ikkje alt går så vel som ein håper [41].


Gås

Den som gjør seg til gås, får reven på seg [42].

Gåsa lærer seg sjølv å symje [42].

Gåsa toler godt at ein skvetter vatn på henne [42].

Når den eine gåsa går i vatnet, så går dei alle [42].


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


Ivar Aasen Norske ordsprå ordsprog ordtak i utval   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]