Norsk del, Gullvekta
Ordspråk etter Ivar Aasen
Seksjon › 4 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Hag — Halde — Halle — Halt — Halv — Ham — Hammar — Hamn — Hand — Hane — Hard, hardt — Hassel — Hast — Hat — Hatt — Hauk — Haust — Hav — Ha — Heider — Heil — Heim — Heimanfrå — Heime — Heit — Helar — Heldig — Helg — Helse — Hemn — Hende — Herberge — Herre — Hest, gamp  — Hjelp, hjelpe — Hjarte — Hogg — Hòl — Hoppe — Horn — Hovud — Hud — Hug — Hugse — Hund — Hunger — Hus — Husmann — Hylle — Hæl — Høg — Høgferd — Høgtid — Høne — Høyre — Høye — Håp, von — Hår

Twig

Hag (dugande)

Dugleik kan spare halve tida. [52]

Halde

Den som held med alle, held med ingen. [52]

Det er vondt å halde det alle vil ha. [52]

Ein kan ikkje halde med på alle sider. [52]

Halde opp i rette tid er ein god kunst. [52]

Halle

Hallande lass er lett å velte. [53]

Halt

Den halte spring når han er nøydd til det. [53]

Halt er betre enn fotlaus. [53]

Somme klagar over liktornen sin til dei treffer ein fotlaus.

Halv

Det er betre å tape halvt enn alt. [53]

Det halve er somtid betre enn det heile. [53]

Det halve med fred er betre enn det heile med ufred. [53]

Ham (utsjånad, klednad, hud, fjør, hår og pels)

Det syner på hamen korleis helsa er. [53]

Hammar

Det er betre å vere hammar enn sted. [53]

Ein får bruke hammaren mens jernet er heitt. [53]

Ein får hamre mens jernet er heitt. [53]

Hamn

Det er dårleg hamn som ikkje er betre enn havsjøen. [53]

Ein ligg tryggare i hamna enn på havet. [53]

Hand

Der eg når opp med handa, treng eg ingen stige. [54]

Det er låk hand som ikkje vil verje hovudet. [53]

Du burde halde det du lover [jf. Oy 53]

Ei lita hand kan stundom gi stor hjelp. [53]

Eigne hender tener oss best. [54]

Etter ord kan gjerning følge [jf. Oy 54]

Hand og munn skal følgast åt. (Det bør følge gjerning etter ord; ein skal halde det ein lover - IA). [53]

Like hender ror båten best. [54]

Rein hand treng inga vasking. [54]

Hane

Kvar hane er byrg på sin eigen møkkadunge [møkkahaug]. [54]

Hard, hardt

Den som tar til for hardt, held opp for snart. [55]

Du får vere dristig, men med varsemd.

Hardt mot hardt, sa kona, sette rumpa mot tornebusken. (Dansk).

Usle får pengemakta rundt om.

Hassel

Det er strengt å gå i hasselskog og ikkje sjå etter neter. [55]

Hast

Dess større hast ein har, dess fleire hefte ein får. [55]

Hast er god når huset vil brenne. [55]

Måteleg hast er best. [55]

Hat

Hat er fleire til harm enn til hugnad. [55]

Hat i reiret er til lite hygge.

Mykje hat er liten hugnad. [55]

Hatt

Éin hatt høver ikkje for alle hovud. [55]

Høge hattar passar ikkje i låge hus. [55]

Hauk

Det er hauk over hane. [55]

Når hauken er borte, er hanen byrg. [55]

Var alle fuglar haukar, fekk ingen høyre gaukar. [55]

Haust

Det er ikkje lenge haust før det er vinter. [55]

Ein mager haust lærer folk å spare. [55]

Haustnatta er som barnerumpa; ho er ikkje truande. [55]

Haustnatta kjem alltid dettande (brått. - IA). [55]

Hav

Den som vil på havet, skal ikkje ro hardt. [56]

Dess større hav, dess høgre båre. [56]

Ha

Det er betre å ha enn kunne få [men ikkje ei lei sjuke] [56]

Heider

For mykje heider er til skade. [57]

Han kan heider få, som er heider verdt. [*57]

Heil

Det fine er alltid betre heilt enn i knas. [jf. 57]

Det er alltid betre heilt enn gale. [57]

Eit heilt og to halve er ikkje alltid jamgodt. [57]

Heilt og reint er beste stasen. [57]

Heim

Ein fattig heim er betre enn ingen. [57]

Heimanfrå

Det kan gå seint å komme heimanfrå.

Heime

Det ein har heime, det slepp ein søke ute. [57]

Heime er kvar mann herre. [57]

Heimegjort kan også vere velgjort. [57]

Heit

Når heitt og kaldt kjem i hop, så jamnar det seg. [57]

Helar

Ein helar og ein stelar få begge lik lønn. [57]

Heldig

Den som lykkast, får alltids omhug vist seg. [58]

Ein lykkast ikkje alltid, enda om ein er dugleg nok. [58]

Også den flinke kan vere uheldig ein og annan gong [jf. IA]. [58]

Helg

Helgeplagg blir ein gong kvardagsplagg. [58]

Sådd ein dag før gir ei veke før i hus. [58]

Helse

Ei god helse er meir enn rikdom. [58]

Helsa er ikkje vørd før vanhelsa kjem. [58]

Hemn

Det følger lett hemn etter skammeleg ferd [*IA] [58]

Det kjem snart hemn av å bli utskjemd. [58]

Hende

Det hender mangt uventa. [58]

Herberge

Det er tidsnok å rose herberget når rekninga kjem. [59]

Herre

Alle vil vere herre; ingen vil bere sekken. [59]

Både herrar og narrar har frispråk. [59]

Det blir ikkje plass til to herrar eller to bjørnar i same hi.

Det er betre å vere herre i eit lite hus enn træl i eit stort. [59]

Ein saknar ein god herre når ein får det verre. [59]

Herremanns barn ha herremanns hug. [59]

Høge herrar få sjeldan høyre sanning. [59]

Store herrar kan ha lange hender. [59]

Hest, gamp

Den som ikkje har hest, får bruke sine eigne føter. [60]

Den som vil jobbe som ein hest, lyt ete som ein. [60]

Det syner på hesten, kva hage han går i. [60]

Ein skal ikkje døme hesten etter håra. [60]

Gammal hest finn vegen best. [60]

Hestejobbing fører til hesteåtferd.

Magre hestar er sjeldan kåte. [60]

Skinnmager hest er betre enn tom grima. [60]

Villig hest skal ein ri med måte. [60]

Villig hest skal vere lesst med måte. [60]

Hjelp, hjelpe

Dumt tolmod hjelper ingen i langdrag.

Ein kan ikkje hjelpe både den som bygger opp, og den som riv ned. [61]

Hjelp til sjølvhjelp er enno verdt eit grann.

Mange kan hjelpe ein, men ein kan ikkje hjelpe mange. [61]

Med gods manns hjelp kan ein mykje gjere. [61]

Hjarte

Der det er hjarterom, er det spelerom for litt av kvart.

Det som fyller hjartet mest, kjem først fram i munnen. [61]

Godt hjarte og tom hand vil ikkje semjast. [61]

Hogg

Alle vil ha øksa i bjørneskallen, men ingen vil halde i skaftet. [61]

Det skal harde hogg til harde kubbar. [61]

Ikkje alt høgg så hardt, som det trugar. [61]

Mange hogg fell store tre. [61]

Hòl

Den som ikkje bøter det vesle hòlet, får bøte det store. [61]

Hoppe

Ein skal ikkje hoppe høgre enn staven rekk. [62]

Horn

Når horna er av, er det seint å stanga. [62]

Store horn må ha ein sterk haus. [62]

Hovud

Det er ille å slå hovudet mot steinen. [62]

Det er svært å få alle hovud under ein hatt. [62]

Hovudlaus hær kan ille stri. [62]

Store hovud treng store hattar. [62]

Så mange hovud, så mange huglag. [62]

Hud

Ein skal ikkje selje huda av bjørnen før han er fanga. [62]

Heller vennelaus enn hudlaus [ein kan ikkje leve utan hud].

Hug

Det er kjekkaste hugen, som kjem av seg sjølv. [63]

Dyret er ikkje så dumt at det ikkje har ein vilje. [63]

Hugen går ikkje bort med dugen. [63]

Naturlege lyster viser kva ein duger til. [jf. 63]

Hugse

Det ein ikkje hugsar, kan ein ikkje herme. [63]

Det hendte som ingen hugsar, har likevel hendt.

Det vi ser og hugsar, kan somtid berge båten.

Ikkje alt du trur du hugsar, stemmer med verkelegheita [hukommelsen er mykje formbar].

Hund

Den som er biten, ottast hund. [63]

Den som har hund, slepp å gøy sjølv. [63]

Det er dårleg hund som er redd ein hare. [63]

Det er ikkje enkelt å lære gamle hundar å gøy. [63]

Det hender at hundar få noko som ikkje var meint for dei. [63]

Ein skal ikkje sjå hunden på håra. [63]

Hunden veit kva skinn han skal rive. [63]

Mange hundar er haren sin daude (Når det er mange hundar om haren, så er det hans daude). [64]

Når to hundar bitast om beinet, kjem ikkje alltid den tredje og tar det. [jf. 64]

Så som hunden er, så er husbonden. [63]

To hundar om eit bein vil sjeldan semjast. [64]

Hunger

Hungeren krev ikkje herrerettar. [64]

Hus

Det syner på huset, kva husbonden er. [64]

Eit stort hus tar lang tid å sope. [64]

Høgste huset kjenner hardaste stormen. [64]

Lykkeleg er den som har hus over hovudet. [64]

Med stort hus veks behovet for tette tak.

Opne hus få ulike slags gjestar. [64]

Husmann

Husmanns hage kan òg bere blomar. [65]

Husmanns høna kan òg verpa egg. [65]

Hylle

Med hylling blir hylling gjengjeldt.

Hæl

Betre å gå til hæl og fot verkar enn ikkje nå langt nok. [65]

Det er betre hælen verkar enn hugen. [65]

Høg

Dess høgre ein er, dess lågare får ein lute. [65]

Dess høgre vi stå, dess fleire er dei som kan sjå oss. [65]

Det er hauk over hauk. [65]

Ingen er så høg at han ikkje må strekke seg. [65]

Høgferd

Høgferd kostar meir enn ho er verd. [66]

Høgtid

Det kan ikkje alltid vere høgtid. [66]

Høne

Den fattige får vere kjapp å gripe det han har fortent. [66]

Den som har høna, skal òg ha egga. [66]

Kloke høns kan også bli ute. [66]

Høyre

Den skal høyre grant, som vil seie sant. [66]

Det er sterkt vett som hugsar alt det skal vere.

Det som går inn eine øyret og ut det andre, er nok til fånyttes på eit vis.

Det er mangt ein skal høyre og ikkje herme. [66]

Ein skal høyre mykje før øyra dett av (før ein misser øyra)[66]

Høyre er godt, men sjå er enda betre. [66]

Smiger treng ikkje dei vørde høyre nøye etter.

Å gjere etter det beste kan vere betre enn å høyre det beste.

Høye

Det er best å høye mens sola skin. [66]

Håp, von

Der er von i hengande snøre. (om fiske - IA). [183]

Von om bot(eråd) gjer tunge byrder lette. [183]

Vona gjer den veike sterkare. [*183]

Hår

Det eine hårstrået etter det andre gjer bonden skallete. [56]

Naturleg hår skulle det vere fagnad i.

Innhald


Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Tala i klammer etter ordspråk viser til sider i 1881-utgåva av Norske Ordsprog, samla av Ivar Aasen (IÅ). Der står ordspråka med gotisk skrift. [Litteratur]

Ivar Aasen-ordspråk, ordtak etter Ivar Aasen, tematiske norske ordspråk, nynorsk ordsprogsamling, opp Seksjon Sett Neste

Ivar Aasen-ordspråk, norske ordtak etter Ivar Aasen, norske ordspråk etter tema, nynorsk ordsprogsamling BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]