![]() |
Norske ordspråk etter Ivar Aasen | ||||||||||||||||||||
|
JamnDet jamnaste er det greiaste. [68] Jamt og smått går verket best. [68] JenteDet går lettare å få rik jente gift. [*44] Jentehugen kan òg vere heit. [45] Pen jente treng mest ikkje stas. Sjå jenta saman med andre på kvardagar, ikkje berre i kyrkja. [44] Snill jente blir snill kone. [44] Stasjenta kjem ikkje til alters utan ho vil det sjølv. JernDet er dårleg jern som ikkje toler eit hamarslag. [*68] Ein får smi jernet mens det er heitt. [68] Vi brenner somme av jerna når mange er saman i elden. [68] Jord (eigedom, middel)Den som har jord, får snart ein make. [68] Der jorda er best, er ugraset mest. [68] Somme får ikkje jord nok før dei får munnen full [dvs. ligg døde nedi jorda]. [68] Jul
Feir jul så du har eitkvart godt til pinse.
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||