![]() |
Norske ordspråk etter Ivar Aasen | ||||||||||||||||||
|
Kake Kald Kall Kalv Kar Kaste Katt Kjeft Kjenne Kjerald Kjerne Kjerneved Kjerre Kjole Kjær Kjærleik Kjøp, kjøpe, kjøpmann Kjør, kjøre Klage Klede Klippe Klive Klo Klok Klokke Klut Kløyve Knute Kokk Kome Kone Konge Korn Koste Krøkje Krok Krybbe Krype Kråke Ku (kyr) Kufte Kunne (kan) Kunst Kval Kvas (tros) Kvat (frisk, modig; snøgg, flink) Kvede Kveikje Kveld Kvile Kvinne Kviskre Kvist Kvit Kyrkje
KakeGod kake er si eiga marknadsføring.
Tørr kake er betre enn ingenting å smake [69]. KaldKaldt er betre enn kokande [69].KallDess høgre kall, dess høgre fall [69].KalvKua kjem ikkje i hug at ho var kalv [69].
Som kua går føre kjem kalven etter [69]. KarDet er kar, som gjør kars verk [69].Det er lett å vere kar der ingen er å kappast med [69].
Ein kan vel vere kar om ein ikkje seier det sjølv [69]. KasteKast ikkje frå deg det gamle før nytt står samla.Kast ikkje ut babyen med det skitne vaskevatnet. Når ein kastar eitkvart i hundehopen, gnell den som det råkar [*70].
Når tjuven kastar tjuvegods, ser han ut som folk flest - [70]. KattDess meir ein stryk katten, dess høgre set han rumpa (også figurlig, om lyst til å høre smiger - IA) [70].Det er betre å fø ein katt enn mange mus [70]. Naturen tillet kattefar å tyne i flokken -. Då Tor gjekk brytekamp mot katt, var det med eitt Midgardsormen. I tussmørket verkar kattar mindre strålande [*70]. Kor glad ein katt kan vere inni seg [*70]. Katten veit kva han skal verja seg med [70]. Katten veit kven han kjæler med [70]. Bakgårdskatt syng sin skjerande serenade for di det er kamp på gang. Sovande katt fangar inga rotte.
Var ikkje katten, kom mysene betre til KjeftEin kan ikkje henge kjeften på veggen. [70].
På kjeften kjenner ein hunden og på målet mannen [70]. KjenneDen som ein gong er funnen skyldig, blir seinare lett mistenkt [71, 72].Den som er for kjent, kjenner seg ofte betre enn det er grunn til. Den som har på seg skoen, kjenner best kor den klemmer [71]. Den som har vada i stryket, kjenner det vel. Den som kjenner dei tolv pulsane, bør skjøne kva veg det ber [akupunkturlære]. Den som kjenner seg best, går for storkunstnar i faget. Dess nærare vi kjem, dess betre kjennskap [71]. Det er i nøda vi lærer å kjenne kven som er ekte venner [71]. Du veit knapt nok kva vondt er før du kjenner det [71]. Du veit kva godt er når du kjenner gjenklangane innafrå. Dei høgste husa kjenner stormkasta mest. Kjenn deg sjølv (gresk visdom). Kjenne seg sjølv er ein stor kunst [71]. Kvar kjenner sin sko klemme [71]. Kvar kjenner sitt handverk best [71]. Kvar kjenner sitt sakn [71]. Kvar og ein kjenner noen mistenkte [71]. Kvinne kjenner kvinne best, sa den kvinnelige gynekologen. La kjent folk kjenne sin beste profil - La kvar kjenner fiendane sine når dei er årsak til familiegjeld. Når ein kar blir fødd, er fiendane hans alt omkring han. Det gjeld å kjenne slike. Når katten mjauar, kjenner han seg. Oppkomlingar kjenner ingen normal pietet.
Sin eigen lyte får kvar man vite om og kjenne best [71]. KjeraldKvart kjerald får stå på sin botn [72].KjerneDen som vil ha kjernen, får først bite skalet [72].KjernevedKjerneved er varig nok [cf. Oy 1].KjerreTomme kjerrer skramlar mest [72].KjoleEin grå kjole er så god som ein blå [72].KjærDet som er kjært, er alltid vent [73].
Kjærlig auge ser noen lyte [jfr. 73]. KjærleikBra kjærleik glir lett og sikkert og ber seg sia [73].Det er ved kjærleik menn kan kome til kort. Det som kan gå føre seg i kjærleik, kan vare nesten utrulig lenge. Falsk kjærleik kjem nær kongelig smiger, og smakar verdsetjing. Gammal kjærleik rustar ikkje [73]. Kjærleik verkar bra når den er passe varm og klok. Kjærleiken går ikkje berre etter fagre klede [*73].
Kjærleiken ser ikkje alltid etter venleik [73]. Kjøp, kjøpe, kjøpmannDen litt slappe øvekjøper [82].Den som kjøper alt han ser, kan òg få gråte når annan ler. [82]. Ein kan ikkje kjøpe alt for pengar. Ein kan ikkje kjøpe den som kjøper alt (grovfarse-ord) [82]. Godt kjøp har vide grenser.
I kjøpmannskap gjeld ingen brorskap [71]. Kjør, kjøreDet kjører mange som heller skulle gå [sykle, jogge, drive aerobicstrening] [82].KlageEin skal ikkje klage over ufått skade [73].
Kvar klagar si kvide [73]. KledeDet er betre å kle seg vel enn å fryse i hel [75].Kle deg som dei fleste og lev som dei beste [75]. Ein kan henge klede på ein gardstaur også [ikkje berre på modellar] [75]. Ein lyt nok gå i dei kleda ein har [jfr. 75].
Fine klede skjuler mange lyte [75]. KlippeEin klipper ikkje meir av sauen enn som han har på seg [74].KliveDen som ikkje kliv opp, dett ikkje ned [74].KloDet er med kloa katten fangar mus [74].KlokHan er klok, som lærer av annan manns skade [74].Ingen er så klok at han ikkje kan ta feil [hs mista seg] [74].
Klokskap er ingen trollskap [74]. KlokkeDet er lite om ei klokke når kolven er or [74].
Klokka går like godt om ingen ser på henne [74]. KlutGøym ein klut i fire år; treng du han enda ikkje, så kast han vekk [*75].
KløyveIngen kan kløyve seg (= ein kan ikkje vere på to stader i senn) [75].KnuteKvar er sin knute kunnig (Einkvar kjenner sine eigne planer best) [75].KokkDess fleire kokkar, dess verre suppe (sod) [76].
Det er gild kokk som kokar alle til lags [76]. KomeDet kan kome den dag, då kua treng rova si [75].
Det kan mye kome før enden kjem [76]. KoneAlle veit råd med ei vond kone så nær som den som har henne [76].Ei god kone er beste husbunaden (Ei god kone er beste buskapen i huset – Syv) [76]. Ei kona utan taus får tene seg sjølv [76].
La det vere kone eller kall: Den klokaste styrer best [76]. KongeHan lyt sitja på det same kongen som me (sessen sin)[76].KornEit korn i senn vil ein gong fylle ein sekk [76].KosteDet kostar å vere kar (folk) [77].KrøkjeEin skal ikkje krøkje seg meir enn at ein kan rette set opp att [78].KrokDet krøkjer seg til krok, som krok skal vere [78].
Det lagar seg til krok som krok skal vere (om tre) [78]. KrybbeKrybba skal ikkje vere høgre enn hesten [78].KrypeEin får krype til ein lærer gå [77].KråkeKråka er gildaste fuglen der ikkje fleire finnast [77].
Kråka veit kva purke ho skal sitje på [77]. Ku (kyr)Det blir inga ku av ein oppeten kalv [78].Det hjelper lite at kua mjølkar når ho spenner mjølkebytta i koll [79]. Gamlekua har også vore kalv [78]. Kua kjem ikkje i hug at ho var kalv [79]. Kua mjølkar i forhold til det fôret ho får [*79]. Når den eine kua skjener, så skjener hine med [79]. Når kua har mist rova, så ser ho kva rova dugde til [79].
Som kua går føre, kjem kalven etter [78]. KufteEi grå kufte kan ha mye under seg [79].
Ei kufte og ein kjole er mest like gode [79]. Kunne (kan)Det ein kan, skal ein gjere; det ein ikkje kan, skal ein la vere [79].
Det er mangt ein kan og ikkje skal [79]. KunstDet er stor kunst å hjelpe seg med lite [79].KvalDet kjem ikkje kval til lands kvart år (Islandsk) [80].
Det rek ikkje kval på land kvart år Det er ikkje kvar dag at kvalen
driv til lands [80]. Kvas (tros)Der er kvas i alle skogar [160].
Det kan falle kvas av dei beste tre [160]. Kvat (frisk, modig; snøgg, flink)Dei kvate få fø dei late [80].KvedeEin får ikkje kvede høgre ein halsen toler [80].
Ingen kved betre enn han kan [80]. KveikjeDet er godt å kveikje der vedkubbar er (om å gjenoppta ei forretning, t.d. å byggje der ein grunnvoll er lagt føreåt) [80].
Ein skal ikkje kveikje større eld enn ein sjølv kan sløkkje [80]. KveldKvelden vil ha sin rett (nemlig kvile) [80].
Kvelds-klåren æ ein skjeden måren [81]. KvileEin kan kvile like godt på ein stein som på ein stol [81].
Ei lita kvild er alltid god for den som er trøytt og mod [81]. KvinneDen som lastar kvinna, gløymer mor si [81].Kvinne kjenner kvinne best [81]. Kvinne og mann er mye like [81]. Kvinnfolk er eit folk for seg sjølv [81].
Kvinner og menn, like mange, gjør eit godt lag [81]. KviskreDet er ikkje verdt å kviskre om det som kvar mann veit [81].KvistUnge kvister bøye seg best [81].
Sjeldan blir kvistar betre enn sjølveigne tre [81]. KvitIngen blir kvit av di at han gjør ein annan svart (om baktaling) [81].KyrkjeGamle kyrkjer har dimme glas (vindauge) [gamle får ventelig vanskar med å sjå] [82].
Kyrkjegarden gjør alle mann jamrike [82].
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||