norsk DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk etter Ivar Aasen

 13 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE


Lag — Lage — Lagnad — Lam — Land — Lang — Lass — Last, klander — Laste, klandre — La, lathans — Laus — Le — Leggje — Lei — Leige — Leik, leike — Leite — Leiv (levning) — Lempe — Lengte — Lese — Lett — Leve — Li — Liggje — Lik — Like, adv — Like — Like, v — Likning, samanlikning — Linn — List — Lite, stole — Liten — Liv — Ljot (stygg) — Loge — Lokke — Loppe — Lov — Lov, ros — Love — Lugge — Lute, bøye seg — Lyde, lytte — Lyge — Lykke — Lys — Lyst — Lyte — Lækje — Lærdom — Lære — Løgn — Lønn — Løyne — Låg — Låk, dårleg, sjuk — Lån — Låne — Låse — Lått

Twig

Lag

Godt lag gjer langevegen lett. [82]

Ikkje noko lag varer så lenge at det ikkje lyt skiljast ein gong. [82]

Lage

Det er seint å lage det som alle skal like. [83]

Det lagar seg ymist i lengda. [83]

Lagnad, i sær dårleg lagnad (og forloga)

Ingen kan unngå litt lagnad (jf. Ingen kan sin lagnad fly. [83]).

Lam

Eitt lam gir lite ull på rokken. [83]

Land

Feitt land føder late folk (tysk). [83]

Han får følgje land, som har lek båt. [83]

Kvart land har sine ulemper. [83]

Kvart land har sine fordelar. [83]

Kvart land har sine seder. [83]

Nærast ved land er verst å segle. [83]

Lang

Ingen er så høg at han ikkje må tøye seg, og ingen så låg at han ikkje må bøye seg. [83]

Lange-tida lækjer mange sår. [83]

Lange-vegen gjer sitt verk (han gjer trøytt). [84]

Lass

Han kjører godt lass til garden, som får god kone (dansk og islandsk). [84]

Når lasset veltar, fell noko av. [*84]

Når lasset veltar, ser ein det var gale kjørt. [84]

Tungt lass og liten hest høver ille i hop. [84]

Last, klander

Det er leitt å få last for velgjort. [84]

Laste, klandre

Det er lettare å laste enn å gjere noko betre. [84]

Det er mange som lastar det dei sjølve lystar. [84]

Ein skal laste varleg og love sparleg. [84]

La, lathans

Den late sit i senga og ønskjer han hadde lege. [84]

Han er lat, som lastar logna (som lastar still sjø fordi han blir nøydt til å ro). [84]

Late drengen og varme senga vil så ugjerne skiljast. [84]

Ein lat får mat. [*88]

Laus

Det er mangt laust som læst vere traust. [85]

Le

Han ler best, som ler sist. [95]

Ikkje alle som ler er lystige (og ikkje alle er låke som lèt ille). [95]

Leggje

Ein får ikkje leggje meir på seg enn ein kan bere. [86]

Lei

Ein blir lei av leiken, enda om den er god. [86]

Ein kan bli lei av godmaten også. [86]

Leige

Ein lyt noko leige når ein ikkje kan eige. [86]

Leik, leike

Det er god leik som ingen angrar. [86]

Ein får stundom leike når ein ikkje lyster. [87]

Ein leikar best med sin like. [87]

Ein leikar så lenge med katten at ein får kjenne klørne hans. [87]

Leite

Den som ille leitar, han lite finn. [87]

Det er fåfengt å leite etter det som ikkje er til. [87]

Det leitar på den, som lat er (arbeid røyner den late mykje). [87]

Ein leitar stundom ute etter det ein har inne. [87]

Leiv (leivning)

Ein leiv er inga niste. [87]

Lempe

Med lempe kan det tunge bli lett. [87]

Lengte

Den som lengtar, har langa stunder. [87]

Han lenge lengtar, som mykje ventar. [87]

Lese

Lese og ikkje forstå, fri og ikkje få, og segle med ingen vind er tre gagnlause ting. [88]

Lett

Det lettaste er ikkje alltid det rettaste. [88]

Lett og tungt vil stundom skiftast. [88]

Leve

Den som lever lenge, får mangt å lide. [91]

Den som lever lenge, får høyre mykje. [91]

Dess lenger ein lever, dess meir får ein sjå. [91]

Ein får leve etter landsens sed. [91]

Ein kan leve ille med mykje. [*90]

Ein lever aldri så lenge at ein ikkje har noko ugjort. [91]

Ein lever ikkje lenge av kjærleik og sønnavind. [91]

Ein skal både leve og la leve. [91]

Ein skal leve med mat, men ikkje leve berre for maten. [90]

Lev så at andre kan leve med (eng. Live and let live). [91]

Li

Betre å li for sanning enn å få lønn for løgn. [88]

Det lir mens det skrid (det går vel smått, men det går likevel). [88]

Han får mangt li, som ikkje kan bie. [88]

Mangt er anna likt (d'er mangt odro likt). [88]

Han får ymse li, som alltid vil stri. [88]

Liggje

Alt vil liggje der det lågast er. [88]

Lik

Like barn leikar best. [88]

Likt og likt vil halde i hop. [88]

Likt søkjer likt. [88]

Like, adv

Like sterke kan lenge stri. [89]

Likesæl fer aldri vel (Den likeglade kan ikkje vente lykke [suksess]). [89]

Like

Med sin like kan ein lengst halde lag. [89]

Like, v

Alle liker ikkje eitt; somme liker kaldt og somme heitt. [89]

Det som kvar mann liker, er langt å trette om. [89]

Somme like mora og somme dottera. [89]

Likning, samanlikning

Alle samanlikningar haltar (somt er likt, og somt ikkje). [89]

Samanlikningar er oftast leie (Samanlikning, især mellom personar, vekkjer gjerne anger). [89]

Linn

For linn er eit lyte; for strid er verre. [89]

List

List imot list er eit gammalt spel. [89]

Lite, stole

Det er leitt å lite på ingen. [89]

Liten

Den som vil forsmå det vesle, treng ikkje få det store. [90]

Lite er betre enn ingen ting (når det vesle er noko godt). [89]

Det er godt å vere liten i eit rommeleg hus [stort sett][mots. 89]

Det er leitt å vere liten og låst vere stor. [89]

Det vesle minskar i vanlykka [*IA]. [90]

Ein kan gøyme lite lenge. [90]

Liv

Han leikar ikkje lint, som livet skal verja. [90]

Livet er alltid kjært, om det enda er lite verdt. [90]

Livet lyt ein verja, som lengst ein kan. [90]

Så lenge der er liv, er der håp. [90]

Ljot (stygg)

Det stygge varer lenger enn det fine. [91]

Ein stygg ein kan vere god, og ein vakker kan vere vond. [91]

Loge

Det kan bli stor loge av liten gneiste. [92]

Lokke

Den som lèt seg lokke, treng ingen til å truge. [92]

Han er god å lokke, som vil hoppe etter. [92]

Loppe

Lopper og slarvekoner kan ingen berge seg frå. [92]

Lov

Ein får lov følgje eller land fly. [92]

Med lov skal ein land byggje. [92]

Som han ville. [92]

Var inga lov i landet, fekk den sterkaste styre. [92]

Lov, ros

Ein får ofte lov for lite, og last for endå mindre. [92]

Love

Det er betre ulova enn ille halde. [93]

Det er ikkje langt frå lovaren til lygaren. [93]

Ein lover mangt i si nød; ein held ikkje alt til sin død. [93]

Ein skal love varleg og halde det vel. [92]

Love er lett; halde er heller tungt. [92]

Lugge

Det er låkt å luggast med bjørnen. [93]

Det er låkt å lugge den skalla. [93]

Lute (bøye seg)

Det er betre å lute enn å støyte skallen sin. [94]

Han får lute, som har låge dører. [94]

Lyde, lytte

Den skal lytte vel, som skal vitne. [94]

Lytte og lære er ungdoms ære. [94]

Lyge

Den som lyg og den som løyner sanninga, er begge ubra. [*91]

Den som skal lyge, skal ha godt minne (så vedkommande ikkje gløymer kva han har sagt før). [91]

Det er lett å lyge når det er langt heim. [91]

Færre ville lyge når færre ville lytte på. [91]

Langt ifrå er lett å lyge (når du taler om noko som er langt borte eller lite kjent). [91]

Lykke

Det er ikkje alle som lykka vil leika med. [93]

Det er lykka som gjer gapen gammal. [93]

Det står ikkje på når lykka leitar etter mannen. [93]

Ein skal ikkje rosa lykka før leiken lykkast. [94]

Lykka er snar til å snu seg. [94]

Lykka fell ikkje likt for alle. [93]

Lykka og æra får somtid misunning. [jf. 94]

Når lykka er best, må ein vare seg mest. [94]

Når lykka er god, hender store ting. [93]

Lys

Eit levande lys brenn like godt om ein tenner eit anna med det. [91]

Lyst

Det er god lyst som ikkje dreg ulyst etter seg. [95]

Lyte

Annan manns lyte er lette å sjå. [95]

Det er ikkje lyte alt som blir lasta. [95]

Det lytet ein ikkje kan løyne, får ein lov til å syne. [95]

Den finn gjerne lyte, som vil leite. [95]

Ingen er funnen lytelaus. [95]

Lyte er lett å sjå, men ikkje så lett å rette på. [95]

Lækje

Det ein ikkje kan lækje, det lyt ein lide. [95]

Beste lækjedommen møter sykja før ho kjem i huset. [96]

Lærdom

Det skal meir til lærdom enn berre lesing. [96]

Lærdommen blir større mens folket blir verre. [*96]

Lære

Det er lettaste å lære av annan manns skade. [96]

Det går tungt å lære når nøklane er borte.

Ein lærer så lenge som ein lever. [96]

Han er godt verdt som er godt lærd. [96]

Han lærer lett, som hugen har. [96]

Løgn

Løgn og tjuveri vil henge i hop. [95]

Lønn

God lønn gjer hage hender. [96]

Lita lønn og tung tenesta høver ille i hop. [96]

Lønn og ære lokkar folk til å lære. [96]

Løyne

Den som løyner si lykka, får inga misunning. [96]

Mykje er løynt for den som lite har røynt. [97]

Det ein ikkje kan løyne, det lyt ein syne. [96]

Det er ikkje verdt å løyne det som folk veit frå før.

Det er låkt å løyne det som alle veit [alternativ: vanskeleg, for seint][96]

Låg

Det som står lågt, det dett ikkje hardt. [85]

Ingen er så låg at han ikkje lyt lute ofte. [85]

Låk (sjuk, dårleg)

Ikkje alle er så låke som dei lèt til. [85]

Ikkje alt er så ille som det er lite vørdt. [85]

Alt er ikkje så låkt som det lèt. [85]

Lån

Lån er to manns lykke når det kjem heim i høveleg tid [til utleigaren]. [85]

Lån og borg er stundom to manns sorg [borg: kausjon][85]

Lån og leige er inga eige. [85]

Låne

Ein låner til sin venn og krev av sin uvenn. [86]

Lån er inga gåve. [86]

Lenge lånt er ikkje gitt. [86]

Låse

Det går tungt å låse når nøklane er borte. [96]

Det er låkt å låse for kjente tjuvar. [96]

Lått

Det er vond lått som folk må gråte av. [86]

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


Ivar Aasen Norske ordspråk ordsprog ordtak i utval   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]