![]() |
Norske ordspråk etter Ivar Aasen | |||||
| 13 2 4 | ||||||
|
Mage Mager Mak Makt Male Male Mann Mark Mat Mein Meister Merke Mest Mett Minnast Minne Minst Miss Misse Mistenke Misunning, avund Mod (godt humør, mot, oa.) Møde Mølle Monn Monne Mor Mørke Moro Møte Møy Munn Mus Møkk Mykje Måg (svoger) Mål Måne Måt (mål, måte, måtehald) Måte, skikk (gjerd) Måtehald
MageMagen blir mett før auget trur. [97] MagerMykje mager er sjeldan fager. [97] MakFar i mak, så kjem du best fram. [97] MaktMåteleg makt er alltid best. [97] Stor makt og lite vett er ein våde [våde = fare] [97] MaleEin kan ikkje male med det vatnet som er runne. [98] MaleDet er fåfengt å male i mørket. [100] MannDet er mangt som høver menn og ikkje barn. [99] Det er mann, som gjer manns verk. [98] Det er manns lykke å få store kaker (skjemtande) [99] Ein liten mann kan få ein stor skugge. [98] Ein mann styrer båten best. [98] Ein veit ikkje kva mannen er før han får noko makt. [99] Han blir alltid mann, som noko godt kan. [98] Ingen mann gjer meir enn han kan. [98] Nykomen mann har mangt å spørje. [98] MarkDess vidare mark, dess verre å verje. [99] Det er mangt i marka og meir i sjøen. [99] MatAll mat kjem ikkje på eitt fat. [99] Dei som har munn, søkjer mat. [*99] Det er maten, som giv mannen makt. [100] Maten er god, men helsa er betre. [100] Maten lyt vere viss, kva anna som er uvisst. [99] Tørr mat er betre enn tomt fat. [99] MeinEit mein er snart fått; det er ikkje snart avgått. [101] MeisterDet første ein meister gjer, det er at han lærer. [101] Medvind, børRimeleg medvind er best. [17] Passe bør er best. [17] Børen blæs like godt om den seglande søv eller vaker. [17] Bra vind i rygg er best. [17] MerkeDet er godt å gå etter sine merke (er lett å kjenne att tinga sine når ein har sett merke på dei. - IA). [101] MestDet meste er ikkje alltid det beste. [101] MettEin blir ikkje mett av berre matlukt. [102] Ein blir ikkje mett med det at ein ser på maten. [102] Mett og svolten syng ikkje same visa. [102] MinnastEin minnest mykje og gløymer meir. [102] MinneEldste minna varer lengst. [102] Kjært minne kjem ofte att. [102] MinstDet minste kan bli det tyngste. [102] MissDet er misgjerda ein skal hate og ikkje mannen. [102] Mishørsla gjer mange løgner. [102] Mista seg [ta feil] kan alle. [102] MisseHan misser ikkje, som først får. [102] MistenkeDen som gjerne mistenker andre, er sjeldan heilt å stole på sjølv (IA). [161] Misunning, avundDess meir ein blir misunnt, dess betre står ein seg. [113] Det er lita lykke som ikkje blir misunnt. [113] Misunning gneg stein. [113] Mod (godt humør, mot, oa.)Mod er der nok av når ingenting nøyder på. [103] Modet minkar, som alderen veks. [103] Stort mod står for fall. [103] MødeMinste møda er alltid best. [106] MølleDet som først kjem til mølla får først male. [105] Inga mølle går med det vatnet som er rent vekk [hs avlaupet]. [105] MonnAlle monner dreg ("dreg til", tilfører eitkvart. - IA). [104] Det er monn i mindre enn heile fanget fullt. [104] Ein liten monn er også monn (ein liten tilvekst er ikkje å forakte). [104] MonneDet monnar på mila når ein går; det monnar ingenting når ein står. [104] MorEin kan ikkje ta ei god mor der ho ikkje er å finne. [103] Han skal sjå vel på mora, som vil ha dottera. [103] Som mora går føre, kjem dottera etter [jf. Som mor så dotter]. [103] MørkeI mørket er alle kattar grå (er alt like svart). [105] MoroDet er for ille å ha moro av annan manns mein. [104] MøteEin kan møte mykje på ein lang veg [kome ut for mykje]. [106] MøyDet er mange møyar imot sin vilje. [106] MunnEin får stille munnen etter matsekken (leve sparsamt når det er lite forråd). [104] Mange munnar tømmer snart ei tønne. [104] MusDet trivst ikkje mus i matlaust hus. [104] Når musa er mett, er mjølet beiskt. [105] MøkkMøkk er bondemanns rikdom. [105] MykjeAlt for mykje sprengjer sekken. [105] Det er ikkje så mykje, som monn skal gjere. [*105] Det kan bli for mykje av det gode også. [105] Mykje kan snart få ende, og lite kan vare lenge. [105] Måg (svoger)Ein får ikkje to mågar med ei dotter. [100] MålFullt mål er ikkje for mykje. [100] MåneMånen lyser best når han er lengst frå sola. [100] Måt (mål, måte, måtehald)Det skal ikkje vere for lite, og heller ikkje for mykje. [101] Rette måtet kan vere vanskeleg å treffe. [*101] Måte, skikk (gjerd)Som ein lagar seg til, så fer ein. [101] MåtehaldRette måten er svær å finne. [62]. |
|
|
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]© 19992011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |