![]() |
Norske ordspråk etter Ivar Aasen | |||||
| 13 2 4 | ||||||
|
Nagle Narr Narre Natt Ned Nei Nemne Neve Noko Nase Nysgjerrig, nyfiken, forviten, Nygle Nær Nærast, nest Nød Nøgd (rikeleg mengd) Nøye, vere nøgd Nøyte Nåde
NagleEin driv helst ikkje naglar med berre neven. [*106] NarrDen som gjer narr av andre, er største narren sjølv. [107] Ein narr er vondt å gi seg av med. [106] NarreEin gong narra er inga skam; det er verre når det er to gonger. [107] NattIkkje alle netter er svarte. [107] Lang natt og lite søvn høver ille i hop. [107] NedDet er snart nedvelta som er ille oppstelt. [108] NeiDet er betre å seie nei enn å narre folk. [108] NemneNår mannen er unemnd, så er han uskjemd. [108] NeveDet skal sterke nevar til tunge tak. [108] NokoNoko er betre enn ingenting (når det er noko godt). [108] NaseDen som fell på nasen, han støyter ikkje nakken. [109] Ein lita nase er betre enn ingen. [109] Nysgjerrig, nyfiken, forviten,Den som ikkje er nysgjerrig, blir ikkje vis. [35] Nysgjerrigper blir ikkje alltid glad. [35] NygleDet er ikkje verdt å lage nygla før båten er bygt (nygla er ein liten tapp i botnen av båten). [109] NærAlt for nær er lite kjær. [109] Nærast, nestKvar eg seg sjølv nærast. [110] NødI nøda skal ein vennene røyne. [107] Nød lærer naken kvinne å spinne. [jf. 107] Nøda gjer det sure søtt. [107] Stor nød gjer stutte bøner. [107] Nøgd (rikeleg mengd)Ein skjønar ikkje nøgda før nøda kjem. [110] Nøye, vere nøgdDen som skal gjere alle fornøgd, får nok å gjere. [110] Ein skal vere nøgd, om ein ikkje får fanget fullt. [110] Nøyte, brukeDen skal ha fylt spiskammer, som vil vente på at ein annan dør. [110] NådeFor mykje nåde er ein våde [fare]. [107]. |
|
|
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]© 19992011, Tormod Kinnes [E-POST]. Ansvarsfråskriving: [LENKJE] |