norsk DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk etter Ivar Aasen

 13 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE


Ofte, tidt — Olboge — Omskifte — Opp — Ord — Ost — Otte, ottast — Over

Twig

Ofte, tidt

Det som kjem for ofte, vil snart vere leitt. [156]

Ofte og smått vil fylle ein sekk. [156]

Ofte og smått gjer monn, om ikkje brått. [156]

Olboge

Olbogestøyt og enkjemanns sorg dovnar snart av (eller: varer ikkje lenge). [111]

Omskifte

Somme omskifte gjer godt (jf. variatio delectat, forandring frydar). [*165]

Opp

Eit opphav må allting ha. [166]

Han lyt opp [og fram], som skal vinne. [166]

Vel opplagt og ille utført får skam til takk. [166]

Ord

Av eit vondt ord kan kome både mein og mord. [112]

Dess lenger tretter, dess fleire ord å angre. [112]

Det er ikkje alle ord ein skal svare på. [111]

Det er ærleg mann som held ordet sitt. [112]

Det kan gå troll i ord. [jf. 112]

Det skal gode ord til å fang folk med. [112]

Det trengst gode ord til vondt ærend. [112]

Det trengst helst gode ord til ei låk ærend. [*111]

Det skal gode ord til å fange folk med. [111]

Ein fyller ingen mage med fagre ord. [112]

Ein kan ikkje vege alle ord på gullvekt. [111]

Eit godt ord gjer meir gagn enn ti vonde. [jf. 111]

Eit lite ord gjer somtid store verk. [111]

Eit låkt ord vil lenge henge på. [112]

Eit ord i rette tid er betre enn mange andre. [111]

Eit ord i tide er betre enn ti i utide. [111]

Etter ord får gjerning følgje. [112]

Frå ord og til verk er vegen lang (Von Worten zu Werken ein weiter Weg). [111]

Gåande ord vil vekse på vegen. [112]

Kloke ord har sin pris -. [112]

Leie bøner tek til med fagre ord. [112]

Når ordet er sagt, er mannen fast. [112]

Store ord drep ingen mann der store ord gjere lite verk. [jf. 112]

Store ord og feitt flesk sit ikkje fast i halsen. [112]

Vonde ord gjer vondt folk verre. [112]

Ost

Ein skal ikkje vente store gåver i kvart eit hus (ikkje vente to ostar på ein gard). [112]

Det blir ikkje ost av oppdrukken mjølk [unntatt i magen, som følgje av saltsyra der]. [112]

Otte, ottast

Det er betre å ottast føreåt enn angre etterpå. [113]

Ein får ikkje ottast for alt som kan kome. [112]

Otten gjer stundom faren større enn han er. [*113]

Over

Alle kan ikkje ha overmann. [jf. 186].

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


Ivar Aasen Norske ordspråk ordsprog ordtak i utval   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]