norsk DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk etter Ivar Aasen

 13 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE


Pengar — Plystre — Pløye — Prente (trykke) — Prette (knep, puss) — Prøve, freiste — Pung — Purke, su — Pølse

Twig

Pengar

Den som har pengar, kan alltids få naut. [74]

Det er fleire som spør etter rikdom enn etter visdom. [113]

Det er leitt ha stor pung og lite pengar. [113]

Ein kan ikkje måle alle gode i pengar.

Ender pengane ender mest all fagnad etter kvart.

Når pengane er øydde, er det ute med høgferda. [113]

Pengar får dra pengar til seg. [113]

Rikdom gjer ovmod [= hovmod o.a.]. [113]

Rikdom gjer friaren fager. [113]

Rike folk slepper alle stader inn. [113]

Rus gjer ryre pengar. [113]

Småpengar fyller mest i pungen. [113]

Tom pung gjer hugen tung. [113]

Utan pengar falmar mang ein.

Plystre

Det er ute med plystringa når leppene er av. [11]

Pløye

Ein får pløye med den hesten ein har. [114]

Prente (trykke)

Det blir mykje prenta som ein ikkje hadde venta. [114]

Prenting gjer ikkje løgn til sanning. [114]

Prette (knep, puss)

Den som gjer ei prette, kan vente gjengjeld. [114]

Prøve, freiste

Den som prøver lite, han lite veit. [36]

Ein lyt prøve mykje for føda si skuld. [36]

Forsøkt er ikkje fullgjort. [36]

Pung

Det er leitt ha stor pung og lite pengar. [114]

Det er tom nok pung som annan manns pengar ligg i. [*114]

Ein går lett med ein full pung og tungt med ein tom. [114]

Tom pung gjer hugen tung. [114]

Purke, su

Det er sjeldan purka får sølvknapp i nasen. [147]

Purka veit kva som sømmer seg. [147]

Purke er purke, om ho så gjekk med perleband. [147]

Pølse

Det er ikkje så nøye [vanskeleg, knapt] med ei pølse i slaktetida. (. [115]

Passeleg pølse er alltid best. [115]

Passeleg pølse er best, sa presten i Halland, der dei baud han den store magepølsa. [115].

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


Ivar Aasen Norske ordspråk ordsprog ordtak i utval   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]