norsk DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk etter Ivar Aasen

 13 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



Øl — Ølsle: opphissing, oppverming — Ønske — Ønskje — Ør — Ørn — Øyde — Øyre

Twig


Øl

Ein skal ikkje skryte av ølet som er udrukke [187].

Når ølet går inn, går vettet ut [ 187].

Sterkt øl gjør [får fram] store ord [ 187].

Tynt øl er betre enn tom skål [187].

Øl er ille når det er ille drukke [187].

Øl og brennevin gjør somtid folk til svin [ 187].


Ølsle

Dess større ølsle [opphissing, egging o.a.], dess større stur kjem det etter (Etter ei umåtelig iver og sprekleik kjem desto større slappheit) [187].


Ønske

Var det nok med ønske, så var alle mann rike [ 186].

Ønske fyller ingen sekk [186].


Ønskje (verb)

Det ein helst ønskjer, det trur ein gjerne [185].

Ein ønskjer mangt som ung; ein får det først som gammal [185].

Ønsk i den eine neven og spytt i den andre, så ser du kva som monnar mest [185].


Ør

Den galnaste (øraste) seier det sannaste [ 187-88].

Små barn og øre folk seier sanninga [188].


Ørn

Det kjem ingen ørn ut av eit sporve-egg [188].

Ikkje alt som er krokete i nebben, er ørn [188].

Ørnen fangar ingen fluger [188].


Øyde

Den som øyder meir enn han avlar, får snart vite kva fattigdom er [188].

Det er snart øydt, som ikkje er noe tilskøytt [ 188].

Ein får ikkje øyde meir enn ein avlar [188].

Å øyde mye og avle lite er visse vegen til armod [188].


Øyre

Det er eit underlig øyre som ingenting vil høre [ 188].

Ein lyt somtid spørje øyra meir enn auga. (Du får akte meir på kva kjente [vante, kunnige] folk seier enn på kva du straks kan sjå) [188].

Ein skal alltid ha opne øyre, men ikkje open munn. (Alltid høre, men ikkje alltid tale) [188].

Eit godt øyre får mye høre [188].

Når ein ser øyra av ulven, så er han ikkje langt unna (borte) [188].


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


Ivar Aasen Norske ordsprå ordsprog ordtak i utval   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 1999–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]