norsk DEL, GULLVEKTA  

Norske ordspråk etter Ivar Aasen

 13 › 2 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE


Rake — Ramn — Rang — Rate — Raud — Redd, redsle — Regn, regne — Reie — Rein — Reise — Rekne — Renne, springe — Rett (porsjon etc.) — Rett, adj — Rett — Rev — Rik — Rikdom — Ris — Riste — Rive — Ro, v — Ro — Røde, snakke — Rokk — Rom, rommeleg — Rom, adj — Røme — Rope — Røre — Rose — Rove — Røyk — Røyne,  — Røynsle, erfaring — Rukke, rynke — Rus — Rygg — Ryr —  — Rå, råde — Råd — Rådlaus

Twig

Rake

Det er forskjell på å rake seg og skjere kjeften av seg (også: skjere skinnet av seg). [115]

Ramn

Det er ikkje ramn alt som har svarte fjør. [115]

Rang

Det range blir ikkje rett før det er omsnutt. [115]

Rate (rat: skrap, avfall; rate: vrake, kaste bort)

Folk som er storleg forkasta, trivst truleg best for seg sjølv. [*115]

Raud

Den som er frisk og raud i dag, kan vere daud i morgon. [115]

Ein kan vel bli raud, om ein ikkje er redd (eller: raudne). [115]

Redd, redsle

Ikkje alle som rømer unna, er redde. [122]

Der ingen er redd, er faren verst. [122]

Han er mykje redd, som ikkje tør å skjelve. [122]

Redd mann spår alltid vondt. [123]

Redsle gjer faren større enn han er. [123]

Redsle gjer rådvill. [123]

Regn, regne

Det er likså godt å sitje i regnet som under ufsedropen [ufs er takskjegg]. [117]

Det kjem ikkje regn frå alle skyer. [117]

Når det regner på presten, så dryp det på klokkaren. [117]

Reie

Det som er tillaga [reidd], er nesten oppete. [*117]

Så som ein reier om seg, så ligg ein til. [117]

Rein

Han skal sjølv vere rein som vil vaske andre. [117]

Rein mat kan ein ete i mørket. [117]

Reise

Det er ikkje alt det går like lett å reise opp som å rive ned. [118]

Rekne

Han skal rekne som vil bli rik. [118]

Rett rekneskap gjer god vennskap. [118]

Renne, springe

Det er fåfengt å renne på range vegen. [118]

Det renn ikkje mykje ut av ei tom tønne. [118]

Rett (porsjon etc.)

Ein får laga rettane etter kor god råd ein har [hs etter råda]. [119]

Rett, adj

Det er ikkje alltid rettast som er lettast. [119]

Rett gjort er vel gjort. [119]

Rett

Det er betre lite med rett enn mykje med urett. [118]

God rett kan og gå spilt. [118]

God rett vil somtid ha god hjelp. [118]

Urett hører hinmannen [fanden]. [118]

Streng rett kan somtid bli urett (tillempa etter ein latinsk talemåte). [118]

Rev

Det er ikkje rev alt som er raudt i håret. [119]

Det er rev som rev skal fange (list imot list). [119]

Ein skal ikkje setje reven til å gjete gjæsene. [119]

Gammal rev er vond å veide. [119]

Reven ranar ikkje nær ved hiet sitt. [119]

Rik

Det kan kome rik manns bøn for fattig manns dør (den rike kan ein gong be den fattige om hjelp). [120]

Han er rik nok, som er nøgd med sine. [119]

Det sit ofte rikt barn på fattig kones fang (P. Syv). [120]

Var alle rike, ville ingen ta teneste. [119]

Rike barn blir store barn. [119]

Rike folk slepp alle stader inn. [119]

Rikdom

Fleire spør etter rikdom enn etter visdom. [120]

Fleire vil vere rike enn vise. [120]

Rikdom blir somtid lasta, men aldri bortkasta. [120]

Rikdom gir så lett for mykje mod. [jf. 120]

Rikdom gjere friaren fager. [120]

Rikdommen kan ein dølje, men ikkje fattigdommen. [120]

Ris

Det er ille å binde ris til sin eigen bak. [120]

Det trengst ikkje ris til den som er vis. [120]

Riste

Ein rister ikkje meir ut av sekken enn det som er i den. [120]

Ein rister ikkje mykje ut av ein tom sekk. [120]

Rive

Det er lett å rive det som er ròte. [120]

Det er lettare å rive ned enn reise opp. [120]

Ein riv ikkje noko av den som er naken før. [120]

Ro, v

Det er ille å ro når åra er av. [121]

Ein skral roar lastar årene. [121]

Han slepp å ro som får reke med straumen. [121]

Ro

Ei lita ro er jamt god. [jf. 120]

Røde, snakke

Det er lett å røde om ein annans møde. [123]

Han røder stundom mest, som minst veit. [*123]

Rokk

Som ein legg på rokken, så spinn ein på snella. [121]

Rom, rommeleg

Det blir alltid rom for ein ny rett. [121]

Det blir vel rom for ein kjærkomen gjest. [121]

Rom, adj

Det er rommeligare ute enn inne. [121]

Einkvar vil ha det rommeleg omkring seg i huset (osb.). [121]

Røme

Ikkje alle som snur ryggen til, rømer. [123]

Ingen rømer frå seg sjølv. [123]

Rope

Det er fåfengt å rope der ingen hører. [121]

Så som ein ropar til fjellet (berget), så svarar det (steile bergveggar gir best gjenlyd – IA). [121]

Røre

Det ein ikkje rører, blir ein ikkje skjemd av. [123]

Rose

Ein skal ikkje rose ølet udrukke. [122]

Rove

Det er på rova ein kjenner reven. [122]

Han held hardast i rova, den som eig kua. [122]

Røyk

Det er ikkje all røyk det er eld oppunder. [123]

Ein får tole røyken for elden si skuld. [123]

Røyne,

Mangt er betre i røynda enn synda.

Han får røyne [erfare] mykje, som skal leve lenge. [123]

Røynd manns råd er helst best. [jf. 123]

Røynsle, erfaring

Røynsla er ein dyr læremeister. [123]

Røynsla er ein god læremeister, men ho er somtid noko dyr. [123]

Rukke, rynke

Ikkje alle rukker kjem av alder. [122]

Rus

Rus er jamt ei sjølvvalda sykje. [jf. 122]

Rus gjer pengar ryre. [122]

Rygg

Ein stinn rygg er redd for å bøye seg. [122]

Ryr

Ryrast blir somtid dyrast (Det som varer minst, kan med tida koste mest). [122]

Det umodne kan bli godt, men ikkje det rotne. [jf. 116]

Rå, råde

Mange kan rå andre og ikkje seg sjølv. [117]

Kvar rår etter sitt syn. [117]

La den rå som best er røynd. [116]

Råd

Alle veit råd med ei vond kjerring utan den som har henne. [116]

Det blir vel råd til å få ei rik jente gift. [116]

Det er råd for alle ting, så nær som for døden. [116]

Det er råd for alt når ein berre visste kva det var. [116]

Ein skal ikkje rose rådet før det er røynd. [116]

Eit godt råd er gull verdt. [116]

For mykje råd er uråd. [116]

Godt råd i rette tid hindrar både harm og strid. [116]

Med råd og lempe kan ein vinne meir enn ein ventar. [116]

Råd etter gjerd er lite verdt. [116]

Ta råd av den som mest har røynt. [116]

Rådlaus

Det er ille å vere rådlaus når noko røyner på [tek på oa.]. [117].

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


Ivar Aasen Norske ordspråk ordsprog ordtak i utval   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 1999–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]