Norsk del, Gullvekta
Ordspråk etter Ivar Aasen
Seksjon › 4 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Sake — Saker, tøler — Saknad — Salve — Samhald — Samvit — Sann — Sanning — Sau — Saur, skit — Segl — Segn — Seie — Sein — Sekk — Selje — Seng — Søt — Side — Segle — Silke — Sin, sitt — Sinne — Sist — Sitte — Sjeldan — Sjuk — Sjø — Sjølv — Sjå — Skade — Skam — Skarv — Skei — Skifte — Skilje — Skilling — Skin — Skinn — Skip — Skive — Skjelle — Skjemme — Skjemt — Skjer — Skjere — Skjorte — Sko og skomakar — Skog — Skort — Skrap — Skravle — Skremme — Skryte — Skugge — Skuld — Skulder, herd — Skute — Skvett — Sky — Skjønn — Skyte — Slarv — Sleppe — Slå — Smake — Smed — Smiske, gjøle (rose) — Smør — Små — Snake (leite, snuse) — Snar — Snike — Snill — Snu — Snyte — Snø — Snøgg — Soge — Sokk — Sol — Sope — Sorg — Sove — Spak — Spare — Spe — Spele — Spenne — Spille — Spinne — Sporv — Springe — Spurnad — Spørje — Spå — Stabbur — Stad — Stakkar — Stav — Sted — Steg, fet — Stein — Stele — Stemne, styre, halde kurs,  — Stemor — Sterk — Stige — Stille — Stokk — Stor — Storm — Stove — Straum — Streng — Strid — Strå — Stund — Stut — Stutt, kort — Stykke — Styre — Stå — Sup — Svar — Svart — Sverje — Svie — Svik — Svin — Syde, koke — Sykje — Svømme — Syn — Synd — Synge — Sørge — Syte — Søke — Sølv — Søvn —  — Sålde  — Sår

Twig

Sake, skulde, kaste kort

Saka mann er god å gjeste. [124]

Saka mann får teie. [124]

Saker, tøler (jf. tools)

Kvar er sine saker [tøler] lik [Den som held orden i sakene, viser helst han tel for seg sjølv]. [163]

Merkeleg eigar, merkeleg orden.

Som eigaren er, held han orden.

Saknad, sakn, lengt

Det er alltid saknad i god manns daude. [124]

Kvar kjenner sin saknad best. [124]

Salve

Same salven høver ikkje til alle sår. [124]

Samhald

Med godt samhald kan dei veikaste vinne. [124]

Samvit

Godt samvit er godt å sove med. [124]

Sann

Det sanne er ofte seinaste trutt. [124]

Sant er sant, om enda ingen trur det. [124]

Sanning

Når sanninga søv, så vaker løgna. [125]

Sanninga er ofte hard å høyre. [125]

Sanninga kan lenge løyne seg. [124]

Sanninga vil alltid smette fram (den som vil lyge, kan lett mista seg). [125]

Sau

Den som gjer seg til sau, får ulven på nakken. [125]

Der den eine sauen spring føre, spring dei andre etter. [125]

Ein skabbete sau skjemmer heile hopen. [125]

Saur, skit, søle

Den som kastar saur [skit] på andre, blir saurete sjølv. [125]

Sauren er inga pryda. [125]

Segl

Same segl høver ikkje til alle båtar. [126]

Segl er ein god ting; men årar lyt ein først ha. [126]

Segn

Segner veks når dei kjem på vidda. [126]

Seie

Den som seier det han ikkje skulle, får høyre det han ikkje ville. [126]

Det blir mangt sagt som kunne vere tagt. [126]

Det er mangt sagt, som ikkje er sanna. [126]

Kvar seier som kvar har erfart. [126]

Ein får ikkje seie meir enn ein kan sanne. [126]

Ein lyt noko seie når ein ikkje får teie. [126]

Mange snakkar om Jesus, og har ikkje sett han [her stod: han Sante-Olav]. [jf. 126]

Sein

Det er betre seint enn aldri. [126]

Sekk

Alle vil vere herre, ingen vil bere sekken. [127]

Den som stel og den som stappar i sekken er begge like gode. [127]

Det kjem ikkje anna ut av sekken enn det som i var. [127]

Det lønner seg sjeldan å kjøpe grisen i sekken. [127]

Ein fyller ingen sekk med fagre ord. [127]

Ein får stille munnen etter matsekken. [127]

Ein rister ikkje meir ut av sekken enn det som er i. [127]

Ein rister ikkje mykje ut av ein tom sekk. [127]

Ein skal ikkje kjøpe grisen i sekken. [127]

Ein skal knyte band for sekken om han ikkje er full. [127]

Ein skal knyte bandet for ein halv sekk også. [127]

Fellessekken blir alltid for liten. [127]

Når du løyser bandet av sekken, ser du det som er i han. [127]

Når ein lèt opp sekken, ser ein kva som er i han. [127]

Store ord fyller ingen sekk. [127]

Tom sekk vil ikkje stå rett. [127]

Ønske fyller ingen sekk. [127]

Selje

Den som har noko å selje, får noko å telje. [127]

Den som kjøper skrap, får selje med.

Ein kan ikkje både selje og ha det same sidan. [127]

Ein kan ikkje selje fisken før han er fanga.

Ein skal ikkje selje fuglen før han er fanga.

Gode varer sel seg sjølv.

Når kua er seld, følger mjølka med. [127]

Seng

Som ein lagar senga, så ligg ein til. [127]

Søt

Ein skjøner det søte når ein har kjent det sure. [151]

Side

Alle vil snu venaste sida fram. [127]

Segle

Der ein ikkje får segle, lyt ein ro. [127]

Ein får segle så ein ikkje kollseglar. [128]

Silke

Ein lyt somtid slite silke for armod (må somtid bruke ein kostbar ting fordi ein ikkje har noko simplare for handa - IA). [128]

Sin, sitt

La kvar sjå først på seg og sitt, og sidan på meg og mitt. [128]

La kvar skøyte sitt først. [128]

Sinne

Når sinnet går av, kjem angeren etter. [128]

Sinne gir vonde minne. [128]

Sist

Den som sist kjem, får drikke grugget. [128]

Sitte

Det er betre å sitte i ro enn å reise seg og falle. [128]

Han sit ille, som ikkje kan stå opp. [128]

Sjeldan

Det som kjem sjeldan, verkar fort friskt og nytt. [129]

Sjuk

Den som sjølv er sjuk, han kjenner sykja best [Likevel: Ein treng ikkje vere sjuk for å vere lege][129]

Ingen sit den sjuke så nær at han veit kva han lir. [129]

Sjø

Sjøen gir mykje, og tar mykje også. [129]

Sjølv

Det ein sjølv gjer, får ein sjølv ha. [129]

Seg sjølv skal ein verken ovrose [rose overhendig] eller ovklandre. [jf. 130]

Sjølv er beste tenaren. [129]

Sjå

Den skal sjå mykje som skal leve lenge. [128]

Det ein sjølv får sjå, det slepp ein å tvile på. [128]

Det er mangt ein skal sjå og ikkje ta på. [129]

Det som ein ser, det lyt ein tru. [129]

Ein ser ikkje lenger inn i mannen enn til tennene (ser ikkje kva han tenker). [129]

Han skal sjå vel, som vil seie sant. [128]

Skade

Annan manns skade er lettast å lære av. [130]

Av skade blir ein vis (og ikkje rik). [130]

Det er betre ha skade enn skammeleg bate [bate: fordel, gagn]. [130]

Det er liten skade, som ikkje syner seg. [130]

Ein manns skade er somtid annan manns bate. [130]

Halv skade er betre ein heil. [130]

Heldig er den som aldri blir skadd. [55]

Skade og skam lærer folk å fare visare fram. [130]

Skaden er aldri så vel gjort at han ikkje var betre ugjort. [130]

Skam

Det er betre å sitte med ei lita skam enn komme heim att med ei stor. [131]

Det er inga skam å få skade saklaus. [131]

Det er inga skam å vike for ei kjempe. [130]

Skam og skade følgast åt. [131]

Skamflekken er vond å vaske. [131]

Skarv

Den eine skarven veit kva den andre vil. [131]

Skarven skjemmer alle skjer som han sit på. [131]

Skei

Skei og fat hjelper ikkje utan mat. [131]

Skifte

Det er alltid skifta på; den unge skal til, og den gamle frå. [131]

Skilje

Det er lett å skilje det som aldri vil henge i hop. [131]

Skilling

Det er ein god skilling som sparer ein dalar. [131]

Ein kan ikkje spare både skillingen og skinnet (Enten må du betale for arbeid eller arbeide sjølv). [131]

Skillingen er alle stadar velkomen. [131]

Skin

Der det ikkje er skin, er ingen skugge. [132]

Skinet dårar mange. [132]

Skinn

Gamle skinn treng mykje smurning. [132]

Skip

Ros ikkje skipet før det kjem i storsjøen. [132]

Skive

Det er lett å skjere store skiver av annan manns skinke. [132]

Skjelle

Skjelling bit ikkje på skinnet. [132]

Skjellsord duger ikkje; der dei høver best, der bit dei minst. [132]

Skjemme

Den som skjemmest vil skjule seg. [132]

Det er ille å skjemmast av velgjort. [132]

Skjemt

Det er forskjell [is. skil] på skjemt og alvor. [132]

Det er mangt som yppast [startar] med skjemt og endar med alvor. [132]

Skjer

Eit lite skjer kan bryte store skip. [132]

Skjere

Det ein ikkje kan skjere, lyt ein hogge. [132]

Skjorte

Det er vondt å rive skjorta; det er verre å rive skinnet. [135]

Skjorta er alltid nærare enn kufta. [135]

Sko og skomakar

Alle skor blir ikkje sauma på same leisten. [133]

Ein får skape skoen etter foten, og ikkje foten etter skoen. (P. Syv).

Ingen veit kva skoen trykker, utan den som har han på seg. [133]

Sko og kvern og hest skal ingen låne ut. [133]

Skomakar, sit med din leist! (ikkje døm om ting du ikkje forstår). [133]

Skomakarbarna ha somtid verste skorne. [133]

Skog

Han kjem seint til skogen som er redd kvar buske. [133]

Skogen er snart rydda; han er ikkje snart opp att runnen. [133]

Skogen har mange auga. [133]

Skort

Når ein kjem i skort [mangel], blir det vesle stort. [134]

Skrap

Den som kjøper skrap, får selje med tap. [134]

Skravle (drøsor: sladder, skrøner, prat)

Færre ville skravle laus om færre ville høyre på. [jf. 21]

Skremme

Ein får ikkje skremme den fuglen ein vil fange. [134]

Ein skremmer snarare dei gode enn dei vonde. [134]

Var det ikkje skremsel, kom somme før i fengsel.

Skryte

Ein skal ikkje rose det som urøynt er. [134]

Han skal ikkje rose seg sjølv, som god ros vil ha. [jf. 134]

Han skal ikkje skryte sjølv, som skryt vil ha. [134]

Ein skal ikkje rose ølet udrukke. [134]

Ros deg sjølv, så slepp ein annan. [134]

Han lyt skreppe sjølv, som har låke grannar. [134]

Skugge

Den som er redd for kvar ein skugge, kjem aldri til skogs. [134]

Det er leitt å vere redd sin eigen skugge. [134]

Skuld

Bunden mann er sorgbunden. [134]

Den som ordnar skulda si, han bøter buet sitt. [134]

Når skulda er borte, er mannen fri.

Skulder, herd

Det skal sterke [skuldrer] herder til tunge byrder. [58]

Skute

Ein skal ikkje skryte av skuta før ho har vore ute i sjøen. [135]

Når skuta kjem i skodda, får ho gå spakt. [135]

Skvett

Ein liten skvett er betre enn ingenting vått. [135]

Sky

Lita sky kan skugge for både sol og måne. [135]

Skjønn

Det høyrer skjønn til skjemting. [135]

Skyte

Det er fåfengt å skyte og ikkje råke. [133]

Slarv

Slarv og løgn held godt i hop. [135]

Sleppe

Ein skal heller sleppe ni som er saka [skuldige] enn refse ein som er saklaus. [*136]

Ein skal ikkje la folk trakke på seg [IA]. [136]

Slå

Det er forbode å slå, men ikkje å slå igjen (tysk: Schlagen ist verboten, widerschlagen nicht). [135]

Det er uvandt [enkelt] å slå der ingen slår imot. [135]

Smake

Den som vil smake på alt, han får både surt og salt. [136]

Det smakar godt, som sjeldan bydast. [136]

Smed

Ingen smed kvekk for ein gneiste. [137]

Smiske, gjøle (rose)

Det er ille å smiske for den ein hatar.

Smiger lar seg vel høyre, men er lite verd å akte.

Smør

Det blir ikkje smør av oppeten rømme. [137]

Det brånar mykje smør i ein heit omn. [137]

Skite smør er godt nok for sjuke hundar. [137]

Små

Dei små når somtid like langt som dei store. [136]

Det er godt for småfuglen at katten ikkje kan fly. [136]

Det små kan smette der det store står fast. [136]

Småfuglane syng best. [136]

Småpengar fyller mest i pungen. [136]

Snake (leite, snuse)

Den som vil leite alle stadar, får mangt å tenke på.

Snar

Det er best når det går både snart og vel. [137]

Ein lyt vere både snar og var (forsiktig). [137]

Snike (tigge, prøve å få ein godbit

Den som skal snike til seg ein godbit, får ikkje furte og bli arg. [jf. 137]

Snill

Snille folk kan bli mest plaga (med bønn og krav om hjelp og tenester). [*138]

Snu

Ein kan snu seg kor ein vil, ryggen vender akter til. [137]

Snyte

Det er seint å snyte seg når nasen er av. [138]

Snø

Der ein kastar ein snøball, skal ein vente ein tilbake. [138]

Snøgg

Ein får vere både snøgg og gløgg. [138]

Ein skal vere snøgg i kjellaren og lenge i fjøset. [138]

Soge

Gamle soger får mange tillegg. [138]

Sokk

Det er betre ha bøtte sokkar enn berre føter. [138]

Når sokken er lappa tre gongar, får det vere nok. [*138]

Sol

Låg sol gjer lange skuggar. [138]

Når sola skin, passer ingen på månen. [139]

Sola har sitt gamle lag: Kor ho kjem, så gjer ho dag. [139]

Sola lyser likt for fattig folk og rikt. [138]

Sope

La kvar sope frå si eiga dør. [139]

Nye soplimar sopar best. [139]

Sorg

Inga borg er fri for sorg. [139]

Løynleg sorg er sårast. [139]

Små sorger taler; dei store teier. [151]

Sorga sig av smått om senn. [139]

Sove

Det er godt å sove på heilt skinn. [139]

Ein kan vel sove om ein ikkje snorkar (is. ryt). [139]

Han søv godt, som ikkje kjenner kor hardt han ligg. [140]

Det søv ikkje alt som blundar. [140]

Spak

Ein kan vel vere spak, om ein ikkje er lat. [140]

Spare

Den som sparer til i morgon, sparer til musene. [140]

Det som er spart, er vunne. [140]

Sanka og spara kan lenge vare. [140]

Spar ifrå lokket; det er seint å spare på berre botnen (jf. eng. It is too late to spare when the bottom is bare). [samansett, jf. 140]

Spe

Det ein seier på spe, kan og bli sant. [140]

Spe og spott gjer ingen godt. [*140]

Spele

Det er dårleg spelar som ikkje kan meir enn ein slått. [141]

Det er leitt å spele der ingen vil danse. [141]

Han spelar best, som ikkje taper. [141]

Spelmann utan strengar er som fugl utan vengar. [141]

Spenne

Det er hardt å spenne mot brodden. [141]

Ein spenner ikkje lenger enn foten rekk. [141]

Spille

Det er ikkje spilt, det som er spart. [141]

Spinne

Ille spunne blir ille strikka. [141]

Når ein ikkje spinn, har ein stryet sitt urørt [stry: dott]. [141]

Som det er spunne, så blir strikkinga. [141]

Sporv

Sporven har hus i kvar gard. [141]

Springe

Det er tungt å springa med ei byrd på ryggen. [141]

Det hjelper ikkje sprang når vegen er lang. [141]

Han får ikkje springa, som har langt å gå. [141]

Han spring langt, som spring ifrå rova si. [141]

Spurnad

Det er ikkje all spurnad ein skal svare på. [141]

Spotteleg spørsmål får spottelege svar. [141]

Spørje

Den som ikkje spør, blir ikkje visare enn før. [jf. 142]

Det er betre spørje to gongar enn fare éin gong vill. [142]

Det er lett å spørje; kanskje verre å svare. [jf. 141]

Det står fritt å spørje, og fritt å svare nei. [141]

Han lyt spørje, som ingenting veit. [141]

Han spør, som ikkje veit, og trivlar, som ikkje ser. [141]

Han spør, som ingenting veit: Har høna spenar?. [141]

Spå

Ein kan spå sannare enn ein sjølv trur. [140]

Mannen spår og Gud rår. [140]

Stabbur

Eit fullt stabbur gjer ei god matmor. [142]

Stad

Dess større stad, dess mindre husrom. [142]

Det er mange stadar å leite på, og få til å finne på. [142]

Når alt er på sin rette stad, så er det godt å finne. [142]

Stakkar

Når den eine stakkaren hjelper den andre, så ler englane. [142]

Stav

Ein broten stav er vond å stø seg på. [143]

Sted

Det er dårleg sted som støkk for hammaren (det er dårleg ambolt som knekk (o.a.) under hammaren). [143]

Mellom sted og hammar er det hardt å ligge. [143]

Steg, fet

Dess høgre steg, dess større fall. [144]

Han er heldig som aldri går eit steg fåfengd. [30]

Stein

Den steinen ein ikkje kan bere, lyt ein velte. [143]

Den steinen ein ikkje kan løfte, får ein la ligge. [143]

Det er seint å sjå på steinen når ein har støytt seg på han. [143]

Det ligg ein stein framfor kvar manns dør. [*143]

Ein liten stein gjer også ein støyt. [143]

Ein skal ikkje legge stein på børa (Ikkje plage den som er nok plaga frå før). [143]

Når steinen er kasta, er det vanskeleg å ta det att. [143]

Stele

Den som stel og den som stappar i sekken er begge like gode. [143]

Det er ikkje greitt å stele frå ein tjuv. [143]

Stemne, styre, halde kurs,

Stemne i aust og hamne i vest er ei vanheppe [f. eks. Styre mot aust og hamne i vest er eit uhell]. [144]

Stemor

Stemor kjem som salt i sårt auge. [147]

Sterk

Ingen er så sterk at han ikkje kan bli trøytt. [144]

Ingen er så sterk at han ikkje somtid treng hjelp. [144]

Stige

Den som ikkje stig opp, han slepp å stige nedetter. [144]

Stille

Dei bli ein gong stille, dei som no er ville. [144]

Stokk

Det vil meir ein éin stokk til ein vegg. [144]

Stor

Alle vil store vere; ingen vil sekken bere. [145]

Det er leitt å byrje stort og ende med skort. [*145]

Det er vondt å ha to store i ein sekk. [145]

Ingen er for stor til å lære. [145]

Når dei store slåst, få dei små kjenne såra [jf. soldatane]. [145]

Storm

Stor storm gir store bårer [bølger]. [145]

Stove

Ei stor stove vil ha stort stabbur (stor huslyd treng mykje forsyning). [145]

Straum

Den store straumen vil dei fleste følge. [145]

Det er stridt å svømme imot straumen. [145]

Streng

Ein får slite nokre strengar før ein blir meister. [146]

Strid

Der dei store strir, få mange svi. [146]

Utan strid kjem ingen siger. [146]

Strå

Det er fåfengt å dra strå framfor gamle kattar. [146]

Det går mange strå i eit lass (og mange lass i ei løa). [145]

Små strå toler stormen best. [145]

Stund

Gode stunder gå jammen fort. [*146]

Stut

Stuten kan vel stange om ein ikkje erter han. [146]

Stutt, kort

Stutt må tøye seg; langt må bøye seg. [146]

Stykke

Ikkje alle kan få største stykket. [146]

Styre

Den som vil styre, skal først lære å lyde. [146]

Der alle vil styre, kan ingen segle. [146]

Det er vanskeleg å styre dit ein ikkje veit vegen.

Stå

Det står ikkje i åtte år som i åtte dagar. [143]

Ein står best på sin eigen fot. [142]

Sup

Den eine supen drar gjerne den andre etter seg. [jf. 148]

Svar

Det er ikkje alltid verdt å svare før ein er spurd. [jf. 148]

Ikkje svar er også eit svar. [148]

Svart

Det svarte svir ikkje. [148]

Svart hund har kvita tenner. [148]

Svarte høner verper kvite egg. [148]

Sverje

Den som ofte sver, er lite truande. [149]

Ein skal ingen ting forsverje (Det hender så mangt uventa). [149]

Svie

Det kjem svie etter kløe. [149]

Svik

Svik blir ein gong røynt, om det er lenge løynt. [149]

Svin

Det høyrer svinet til at det skal rote. [149]

Svin tar aldri tukt. [149]

Syde, koke

Det ein sjølv koker, må ein sjølv kunne ete. [129]

Sykje

Ukjend sykje er låk å lækje. [150]

Svømme

Det er lett å svømme når ein annan held under haka. [150]

Ein god svømmar kan også søkke ein gong. [150]

Syn

Det er betre å gå etter syn enn etter segn (segn = det høyrde). [150]

Syn går over segn. [150]

Synd

Den eine synda drar fort den andre med seg. [jf. 150]

Synd og skam vil følgast åt. [150]

Synda skal ein hate, men ikkje dumme menneske. [jf. 150]

Synge

Ein får ikkje synge høgre enn halsen toler. [151]

Ein kan ikkje synge og supe i senn [ikkje synge og drikke samtidig]. [151]

Kvar fugl syng med sitt nebb. [*151]

Kvar syng som kvar har mål til. [151]

Sørge

Ikkje alle som ber svarte klede, sørger. [151]

Syte

Den som gjerne vil syte, får alltid noko å syte for (IA). [151]

Syt ikkje for kven som skal grave ned den som døyr sist [syte for: sørge for - syte: klage][151]

Sålde

Det er seint å sålde når kornsåene står fast i halsen (kverken) [sålde: reinse med såld]. [151]

Søke

Det er søknaden som gjer selnaden [etterspørsel driv sal]. [151]

Sølv

Det er ikkje sølv alt som singlar (og ikkje gull alt som glimar). [150]

Sølv i pungen gir mat i munnen. [150]

Søvn

Søvnen er ingen stortjuv, men bror til dauden [samansett]. [*149]

Bonden kan så, men ikkje sette akset på. [jf. 125]

Dei som sår noko, dei får noko. [125]

Det hjelper ikkje kor ein sår når ein ikkje får [godt] år. [125]

Som ein sår, får ein hausta [tilmed i hundrefold!]. [125]

Vi veit kva vi sår, men ikkje kva vi får. [125]

Sår

Groande sår skal ein ikkje rive. [125]

Lite sår kan skjemme både legg og lår. [125]

Sår er sjeldan så vel grodd at ikkje arret synest. [125].

Innhald


Høyet i hus

På ymse sider er det små teikn i teksten: parentesar, symbol, tilvisingar og anna til nytte for mykje "høyberging": (1) Teiknforklaringar; (2) Handtering av tørka fôr.

∼ Tala i klammer etter ordspråk viser til sider i 1881-utgåva av Norske Ordsprog, samla av Ivar Aasen (IÅ). Der står ordspråka med gotisk skrift. [Litteratur]

Ivar Aasen-ordspråk, ordtak etter Ivar Aasen, tematiske norske ordspråk, nynorsk ordsprogsamling, opp Seksjon Sett Neste

Ivar Aasen-ordspråk, norske ordtak etter Ivar Aasen, norske ordspråk etter tema, nynorsk ordsprogsamling BRUKARGAID: [Lenke]
© 1999–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]