![]() |
Norske ordspråk etter Ivar Aasen | ||||||||||||||||||||
|
UbodenUbodne kan bli sitjande utan å få mat. [163] UbundenDet er mangt ubunde som held. [163] Mangt held saman utan å vere bunde (IA). [163] UdyrDet er ille å ale udyr i sitt eige hus. [163] Det ligg ikkje udyr i alle vegar. [163] UfredEin lyt somtid ha ufred før ein kan få fred. [163] Ufred er lettare å yppe enn å ende. [164] UgiftBetre ugift enn ille gift. [164] UgjortDet er betre ugjort enn ille gjort. [164] Det er godt å ha noko ugjort når ein ikkje skal døy. [164] UgrasUgras kjem alltid igjen; det sår seg sjølv. [164] Uheldig, uheppenUheldig er den som svelt i hel i julehelga. [164] UkjentDet er betre å vere ukjent enn ille kjent. [164] UllDet er betre å misse ulla enn sauen. [164] Det er ulla ein skal klippe og ikkje skinnet. [164] Ein skal klippe ulla, men ikkje skjere skinnet. [164] UlvDen som vil bu med ulvane, får tute (hyle) med ulvane. [165] Når ulven er død, så drep han ingen sau. [164] Ulven skifter håra, men ikkje hugen. [165] UlykkeDen eine ulykka dreg den andre etter seg. [164] UlærdBetre ulærd og vettig enn lærd og uvettig. [165] UnderDet som er under, kan ein gong kome opp. [165] Understeinen hjelper oversteinen å male (i mølla). [165] UndrastHan undrast mykje, som lite veit. [165] UngDei gamle skal ein ære. [*165] Den unge kan døy, den gamle skal. [165] Det er leitt å vere ung og ør; verre å vere gammal og galen. [165] For dei unge er mangt ulært (IA). [165] Når dei unge ler, så geipar dei gamle. [166] Ungdom, yngdUngdom er alltid ven, og helst når vett følgjer med. [€185] Ungdom og alder er jamnast ulike. [€185] Ungdommen har framtida for seg. [166] Ungdoms blod og stort mod vil følgjast. [166] Ungdoms minne vil sitje inne lenge. [166] UnneEin skal unna dei andre, som ein ønskjer seg sjølv. [166] UrettDet er låkt å lida urett, og verre å gjere urett. [166] Urett er like fullt urett, enda om han endå går lenge ulasta. [166] Ut, uteDet er låkt å leite ute etter det ein har heime. [167] Det kjem ikkje godt ut der berre ille er inne. [167] Det som skal ut, er visst; det som skal inn, er ofte uvisst (om utgifter og inntekter). [167] UtruDer ei utru kjem inn, er ho sein å få ut. [167] Utsetje (uthale, drøye, trekkje ut, oa)"Vente med" tek alt som "vente med" får. Det som blir utsett til seinare høve, kan bli utsett lenge. Duger ingen ting, duger voneleg utsetjinga. Somling kan bli farleg (tilmåta etter eit britisk ord).
UvaneEin uvane kan koste mykje. [167] UvennEin uvenn er verst når han lèt som han er venn. [168] UvêrEtter uvêr kjem godvêr. [167] Uvêret ventar ikkje til mannen er heim komen (til båten er i land). [167] Uvisse
Den som går i uvisse, kan mykje misse. [168].
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 19992009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||