![]() |
Norske ordspråk etter Ivar Aasen | ||||||||||||||||||
|
Va, vade Vake Val Vande (vrake) Vande (vanske) Vane Vanlykke Vanskelig Vantakk Var Vare, f Vare Varme Varsemd Vase Vatn Veg Vege Vegg Veik Vekse Vel Velde Velgjerd Velje Velstand Ven Vende Venje Venleik Venn, vennskap Vente, bide Vente Ver Verdt Vere Verda Verje Verk Verke Verst Vett Vide Vilje Vill Ville Vind Vinne Vinning Vinter Vis, f Vis Visdom Vise Viss, visse Vite Vitne Vogge Vogn Vond Vørde Våge Vår Vårherre
Va, vadeDet er vondt å vasse der ein ikkje ser botnen [168].VakeDess lenger ein vaker, dess lenger søv ein etterpå [168].
Det er godt å vake når andre vaker med [168]. ValDen som kan velje, slepp å ta det verste [168].
Det er leitt å ha valet og ta skalet [168]. Vande (vrake)Det er lett å vande når anna er for handa (Det er lett å vrake noe når du har mye å velje blant) [168].Vande (vanske)Dess større vanden er, dess større er verket [169].VaneDen gode vanen skal drive vekk den vonde [169].Gammal vane held seg best [169]. Gammal vane er vond å vende [169]. Vanen kan gjøre det tunge tålelig [*169].
Vanen vil gjerne vekse seg fast [169]. VanlykkeI vanlykka gjeld vennskapen mest [169].
Vanlykka krev godt mot [169]. VanskeligIngenting er vanskeligare enn å leve (også: å skikke seg blant folk) [168].
Mangt er vanskelig for den som veit lite [168]. VantakkDet er vantakk verda løner med [169].
Vantakk er verda si løn [169]. VarAltfor var kjem ingen veg [169].Betre føre var enn etter snar [169]. Godt å vere var; leitt å vere altfor var [169]. Ingen er så var at han ikkje kan fare ille [169]. Var ein så føre var som etter snar, så fór ein aldri ille [169].
Vare fuglar kan og bli veidde [169]. Vare, fDyre varer skal ein kjøpe i godt lys [*170].Gamle varer er lite vørde [169]. Gode varer seljer mest seg sjølv [*170].
Vonde varer går det seint å selje [170]. VareDen som varast av første skaden, kan sleppe den andre [*169].
Ein får både vare seg og våge seg [169]. VarmeDen som ikkje får varme seg, slepp å brenne seg [170].VarsemdDet ein ikkje tar vare på, kan snart skade få [170].Varsemd skadar ikkje [IA] [170].
Det er godt å ha varsemda med seg [om ein ikkje har lykka] [170]. VaseHan vasar mest som veit minst [170].VatnDet er ikkje verdt å bere vatn i elva [170].Det er leitt å ta seg vatn over hovud (å påta seg meir enn du kan makte) [170]. Ein lyt først i vatnet før ein lærer å symje [170]. Ein veit ikkje kva vatnet er verdt før brønnen er tom [170]. I lognaste vatnet er verste grunntrolla [170-71]. Stillaste vatnet kan ha djupaste grunnen [*170]. Ureint vatn sløkkjer også ein brann [170]. Vatnet er sterkaste drikken; det driv både kvern og sag [170].
Vatnet går til sjøen sjølvbedt [170]. VegBeinaste vegen er kortast, men ikkje alltid lettast [172].Der ingen vil av vegen, kan ingen kome fram [172]. Det er leitt å gå vegen og glømme ærendet [172]. Det går ingen flat veg opp på fjellet [172]. Han kjenner trulig vegen best, som gjekk den sist [*172]. Lang veg og veike føter høve ille i hop [172]. Range vegen blir ikkje rett, enda om mange følgjer den [172]. Vegane fell så vide [172].
Vegane møtast vide ( du lett kan treffe ein bekjent ein stad du ikkje venter det) [172]. VegeEin kan ikkje vege alt på gullvekt [172].VeggDet er skrøpelig vegg som ikkje toler ein vindstøyt [173].
Det er vondt når eine veggen er or huset (t.d. Om savnet av ein husfar eller husmor) [173]. VeikNår den veikaste er visast, så vinn han kan hende [*173].
Veike folk få verja seg med vett [173]. VekseDet veks trulig i lang tid, det som skal stå lenge [*173].Ikkje alt som er sått, veks fram [173].
Ingen blir vaksen før tida kjem [173]. VelDet er vanskelig å gjøre alt på beste måte. [173].Gjør vel; det spørst minst [173]. Gjøre vel og høre vondt er alltid tungt [173]. Han gjør alltids vel, som ikkje gjør ille (Om du ikkje hjelper oss, så er det likevel godt at du ikkje skader oss) [173]. Skikk deg vel, det spørst minst [173]. Vandre varlig, det spørst minst [173].
Velgjort varer lengst [174]. Velde (makt, herredømme)Velde viser kva mannen er [174].VelgjerdEi velgjerd er snart glømt [174].VeljeDen som får velje, tar det han vil [174].
Ein kan velje ille nok om ein ikkje vel det verste [174]. VelstandVelstand gjør venner, og vanlykka tar på (røyner) dei [174].Ven (vakker, pen)Det er mangt som er vent å sjå, så lenge det er langt ifrå (på lang avstand) [185].
Mye er vent som lite er, så nær som lite mat [*185]. VendeBetre å vende i bekken enn i fossen [*174].Det er best å vende mens det er vel [174].
Det er betre å vende enn fare villt [174]. VenjeEin lyt venje seg den vanen ein treng til [174].VenleikVenleik utan vett er mindre verdt [*185].Venleiken minkar utan vett i følge [*185].
Venleiken minkar, men vettet kan vekse [185]. Venn, vennskapAlle manns venn er ingen mann tru [178].Dei beste vennene er det færrast av [179]. Dei som vil oss vel, får vere vennene våre [*178]. Det er beste vennskapen som er minst omtala [180]. Det er godt ha venner langs vegane [178]. Det er ikkje min venn som hjelper min uvenn [178]. Det er ikkje min venn som ler når eg fer ille [178]. Det er mange venner mens det går vel (og få når ein treng mest [178]. Det er vanskelig å døme mellom venner [179]. Det er vanskelig å få venner i nøda når ein ikkje har fått dei før [178]. Det syner på vennene kva vettet er (Det viser seg på vennekretsen hans kva forstand han har) [179]. Ein finn somtid ein venn der ein ikkje ventar [178]. Ein god venn er gull verdt [178]. Ein gretten venn er betre enn ein leande uvenn [178]. Ein kan ikkje vere kvar manns venn lenge [178]. Ein kjenner sine venner best når nøda kjem [178]. Fattige venner skal ingen forsmå (dei hjelper så langt som dei når) [179]. Få venner og få uvenner er hollaste å ha [178]. Gamle venner skiljast ikkje for eit skjemtande ord [179]. Heldig er den som har passe mange venner [178]. Løynleg vennskap kan vare lenge [180].
Vennskap er betre enn slektskap [180]. Vente, bideDen brå er ein som ikkje kan vente og sjå.Det er leitt å vente lenge for lite [9]. Den som ikkje kan vente, får li mangt [9].
Vente lenge og få lite er dårlig å gå på [9]. VenteDen som ventar for mye, får for lite [*175].Det ein ventar hardt, kjem aldri for snart [175]. Ein skal vente det beste og vere budd mot det verste [175]. Vent det verste, så blir du ikkje narra [175]. Vente og håpe gjør ein ofte til tåpe [175].
Ventetimen er alltid lang [175]. VerHardt ver står ikkje lenge på [172].Veret er aldri så vondt at ikkje den døde må ut [172].
Veret vil ha sin vilje [172]. VerdtIkkje alt er så mye verdt som det er vørdt [Oz 238].VereDet er betre å vere enn berre late som ein er det [175].Kvar lyt vere som han er vaksen til [175].
Lat kvar haldast for den han er [175]. VerdaDet er verda ein skal lære i [175].Det går ingen stad underligare til enn i verda [175]. Lærer ein ikkje anna, så lærer ein å gå spakt [175]. Verda er til dels som ein tar henne til [*175].
Verda er vid; men endå sitt somme for trongt [175]. VerjeVondt å vere verjelaus; verre rådlaus [176].Det er godt å verje der ingen vil herje [176]. Det er lett å verje der ingen vil herje [176]. Det er vanskelig å verje der alle vil herje [176].
VerkDet syner på verket kva vettet er [176].
Uvilla verk er ikkje reknande [176]. VerkeDet er betre å verkja i handa enn i hugen (betre å anstrenge seg enn sia å angre på ei forsømming) [176].
Han veit korleis ein annan verkjer som sjølv har kjent det same [176]. VerstDet verste lyt òg bli gjort (om arbeid) [176].VettDet er vett i alt som lever [181].Det er vett som skal vende hugen [181]. Det er vettet som viser svina vegen [182]. Det kjem vett med alderen [181]. Det skal vett til å gjøre seg galen også [181]. Ein får ikkje vett før ein ikkje lenger har bruk for det [181]. Hadde vi større vett, så hadde vi mindre strev og stri [181]. Han lyt bruke vettet som vett har [181]. Han treng vett, som skal fare vidt [181]. Lite vett får mye å stri med (Dess mindre plan i arbeidet, dess meir strev) [181].
Vett varer lenger enn venleik [182]. VideDen som vankar vidt, sankar alltid eitkvart (det kan bli erfaring og kunnskap) [177].ViljeEin manns vilje er ingen rett [177].
Ingen vilje hjelper når makta manglar [177]. VillDei som no er ville, blir ein gong stille [178].
Ville folar blir temt med tida [178]. VilleDet er eitt ein vil, og anna ein lyt [177].
Ein vil så mye og vinn så lite [177]. VindDet blæs ingen vind etter alle manns ønske [179].Det er god vind, som alle kan sigle med [179].
Vinden er ikkje god å binde (og vende) [179]. VinneDet den eine vinn, det taper hin (den andre) [179].Den som vinn, er mest vørd [180].
Vinne og tape er kjøpmanns lagnad (eller rett) [179]. VinningDet er god vinning, som ingen taper for [180].
Det kjenst godt å ha håp om vinning [180]. VinterSnølause vintrar gjøre graslause vårar [somme stader] [177].
Vinteren vil spørje kva sommaren har sanka [177]. Vis (måte)Vis og vane rår meir enn vett [180]VisDei vise kan også fare vilt (mista seg, ta feil) [180].Det er ikkje alltid den visaste som vasar mest. Det er ikkje alltid den visaste som vinn [180]. Dyra er visast (siktar til dyras evne til å kjenne årstida og veret) [180].
Ingen er så vis at han ikkje kan bli dåra [180]. VisdomDet er mye visdom som er lite vørd [181].Ein veit ikkje så mye som ein skulle [181]. Visdom er ikkje rart arvegods [181]. Visdommen kan ein dølje, men dårskapen ikkje [181].
Visdommen rekk ikkje alltid til [181]. ViseEi god vise er ikkje for ofte sunge [181].Viss, visseBetre å bu i vissa enn i håpet [181].Betre å sitje med vissa enn gå med håpet [181]. Betre å vite visst enn berre å gjette [181]. Det ein er viss på, det slepp ein å spørje om [181].
Det er betre ha lite visst enn mye uvisst [181]. ViteBetre å vite litt for mye enn altfor lite.Betre å vite rett enn å håpe feil [182]. Den som ingenting veit, har ingenting til å dølje [182]. Det eg ikkje veit, gjør meg verken kald eller heit [182]. Det ein ikkje veit om, kan ein ikkje vare seg for [182]. Ein veit ikkje støtt kva ein kan bli [*182]. Han får vite lite, som ikkje kan teie [182]. Vanskelig å vite kva den kvekkande tenkjer.
Vanskelig å vite kva den teiande tenkjer [182]. VitneHan skal ingenting vitne, som ingenting veit [183].
Ingen kan vitne sannare enn han veit [183]. VoggeDet er ikkje verdt å hente vogga før barnet er født [183].VognDet er vanskelig å få vogn der alle vil kjøre [183].
Når vogna veltar, veit ein det var gale kjørt [183]. VondDei vonde er verst når dei let som dei er gode [183].Det er vondt og godt i alle land [184]. Det vonde er snart fått, og ikkje så snart avgått [184]. Han ventar vondt, som vondt har gjort [184]. Ingen er så vond at han ikkje kan gjøre ei velgjerning [183]. Vondt er vondt, om det enda kjem godt ut av det [184].
Vondt og godt skal begge uthaldast [184]. VørdeDet er mangt, som er mye vørdt og lite verdt [184].
Ein skal vørde den som har gjort vel [184]. VågeDet er leitt å våge alt på eit kast [171].
Vågande vinn, og vågande taper [171]. VårNår våren kjem, er vinteren gløymd [171].
Når våren kjem, er vinteren gått av moten. VårherreVårherre har fleire enn oss å føde [172].
Vårherre let til å hjelpe den som hjelper seg sjølv [*171].
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 19992007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||