NORSK DEL, GULLVEKTA  

Djurklou-eventyr

 13 › 1 › 4

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Djurklou-innleiing

SVENSKE DJURKLOU-EVENTYR OG SEGNERS FUGL, BLÅ ARA
Blå ara

I Noreg kunne den svenske eventyrsamlaren Nils Gabriel Djurklou (1829-1904) vore eit ganske ukjent namn om ikkje Nordahl Rolfsen hadde omsett eventyr av han og teke dei med i den mykje brukte leseboka si for folkeskolen - og illustratørane Erik Werenskiold og Theodor Kittelsen. For Djurklou skreiv mykje på svensk dialekt; han omsette tilmed eventyr og segner frå svensk riksspråk til dialekt før han gav dei ut.

Djurklou var friherre (baron) av gammal svensk lavadel. Han blei sendt til universitetet i Uppsala, men tok ikkje slutteksamen. I 1854 overtok han Sörby og sat der som vørda godseigar med mange tillitsverv, også ved hoffet. Djurklou agiterte for og fekk senka vasstanden i to svenske innsjøar i åra 1878-87. Det førte med seg at 3 500 hektar blei innvunne og heile 15 000 hektar vassjuk og ufruktbar jord blei lagt under plogen.

Og så samla han segner og eventyr og pynta på dei - utbroderte også. "I oversetjingane sine søkte Djurklou alltid å leggje inn humoristiske og realistiske, stundom drastiske detaljer og uttrykk for å live opp framstellinga," heiter det. I eitt eventyr som ikkje er med her, endrar han såleis "kvit som nyfallen snø" til "kvit og søt (rar) som ei lita sukkerdue på ei sukkerkake", til dømes (Gidlunds, bd 3, s 205-6).

Trass i hyppig bruk av humor i Djurklou-eventyra, står livet fram som hardt i ei tid då fattigdom og svolt dreiv store skarar til å utvandre. I eventyra er folk anten gode, gavmilde og hjelpsame - eller gjerrige og sjølviske før dei blir overlista eller straffa hardt. Store behov i Sverige skin fram slik, som meir eller mindre dølgde normkrav, fortel Booss (xviii).

Den til tider overlegne humoristen Djurklou prøvde å skrive folkeleg, skjemtsamt og samstundes realistisk, og tillet seg til tider å leggje inn drastiske detaljar og utrykk for å live opp framstellinga. Han stod faktisk på høgde med H. C. Andersen og andre kjente, hevdar Jøran Sahlgrein. Tja, korleis er det å forstå? Det er fleire slags høgder: Djurklou profilerte seg som folklorist, og det gjorde ikkje Andersen. Begge omforma folkeeventyr, men Andersen gjekk lengst slik, og det er kunsteventyr han sysla mest med. Djurklou var ikkje så personleg og oversentimental i stilen som Andersen, men friskare og meir ope humoristisk. Det kan no så vere. (Gidlunds s. 201-08).

Det er tatt med to versjonar av eventyret "Fanten og kjerringa" for å syne Djurklous stil meir i detaljar. Den som vil, får jamføre. Den første er ifrå Kils sokn, den andre har Djurklou samla. Det er den same handlingsgangen i dei, men Djurklou-versjonen er meir pratsam og litt mindre morosam, kan ein vel synest? Den har iallfall blitt dobbelt så lang. Friherren blir elles skildra av prosten Johan Wahlfisk som "kvick och skämtsam och med ett outtömligt förråd af intresseväckande historier."

Djurklou var levande interessert i Werenskiolds teiknekunst og lykkeleg over å få han med som illustratør. Werenskiold trivdest på sett og vis også; han skriv i eit brev til Gerhard Munthe (frå 6/8 1887):

"Det mest morosame vi har hatt, var då folkediktaren, ein medisinar Bondesen var her . . . når han syng og spelar fele til på ein gong, . . . slepper han seg laus så det er (ein) ordentleg klem i framstellinga. Det skulle vere moro å få han til Kristiania (Oslo) ein gong." (Djurklou 1971: 12-13).

Eventyrskjønnaren Moltke Moe (son til Jørgen Moe) skriv elles til Werenskiold:

"Mer om de svenske typer i modsætning til de norske . . . helt svenske typer . . . skulde det ikke være ret at gå ud fra vor østlænding? bare med en smule stærkere kolorit." (Djurklou 1971: 13)

Ein kan elles lese meir om Djurklou i Gidlunds eventyrsamling, tredje bandet, s. 201-8. Sitatet der sukkerdua dukkar opp, er derifrå. Ein finn eventyr av Djurklou i fleire gamle bøker. Referansane til ei av dei er nedafor. Desutan finst ei bok på engelsk med omsette Djurklou-eventyr, og ei engelskspråkleg samlebok av Booss.

I den tida Djurklou verka, hadde svenskane mange andre eventyrsamlarar og -forteljarar. Gunnar Hylten-Cavallius gav til dømes ut sine "Svenska folksagor och äfventyr" nesten like tidleg som Asbjørnsen og Moe kom med sine to første samlingar, frå 1841 til og med 1844, til samanlikning.

- Tormod Kinnes

SAMLINGA  

TILGIFT

Litteratur  

Litteratur  

Booss, Claire. Scandinavian Folk and Fairy Tales: Tales from Norway, Sweden, Denmark, Finland, Iceland. New York: Gramercy Books, 1984 (Inneheld 16 Djurklou-eventyr)

Djurklou, Gabriel. Ur Nerikes Folkspråk och Folklif: Antäckningar utgifne till Fornvänners Ledning.. Örebro: N. M. Lindh, 1860.

Djurklou, Gabriel: Folke-eventyr. Ny utgåve. Fabritius. Oslo, 1971.

Djurklou, Baron Nils Gabriel. Fairy Tales from the Swedish. Tr. Hans Lien Brækstad. London: Heinemann, 1901.

Gidlunds. Svenska folksagor, bd 3. Stockholm: Gidlunds, 1981 inneheld "Soger og sægner frå Nærke, samla av Gabriel Djurklou, fortalde av Jöran Sahlgren". Stockholm: Gidlund, 1981.

Hyltén-Cavallius, Gunnar Olof, och George Stephens, samlarar. Svenska Folk-Sagor och Äfventyr efter muntlig Öfverlemning. Första Delen. Stockholm: A. Bohlin, 1844. — Jamfør 4. band ovafor.

Kungliga Gustav Adolfs Akademien. Svenska sagor och sägner: 5. Sagor och sägner upptecknade av Gabriel Djurklou I. Ved Jöran Sahlgren. Stockholm: Tryckeri Aktiebolaget Thule, 1943.

Kungliga Gustav Adolfs Akademien. Svenska sagor och sägner: 6. Sagor och sägner upptecknade av Gabriel Djurklou II. Ved Jöran Sahlgren. Uppsala: A.B. Lundequistska Bokhandeln, 1953.

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   © 2007–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]