![]() |
Djurklou-eventyr | ||||||||||||||||||||||
|
Koke suppe på ein spikar
DET VAR ein gong ei gammal kone som var ganske velberga, men fælande gjerrig og uvillig. Seint ein ruskete haustkveld kom ein vandringsmann til henne og bad om å få låne hus over natta. "Nei," sa den gamle kona, "dette er ingen gjestgivargard." "Ja men kjære søte mor," bad vandringsmannen, "Det er så fælt ver ute. Kan eg ikkje få bli likevel og liggje på golvet i stova?" "Ja, De skal vel få det då, ettersom De er så einvis," sa den gamle kona. "Skulle De ikkje også kunne gi meg litt mat, kjære mor?" "Nei, det er då heilt umogelig," sa ho. "Korleis skal eg kunne dele med andre når eg ikkje har noko å ete sjølv?" "No, det kan vel vere det same," sa vandringsmannen, "berre eg kan få låne ei gryte. Ein spikar har eg sjølv, og den kan ein koke god suppe på." "Kva for slag? Koke suppe på ein spikar?" Det hadde den gamle kona aldri hørt om. Då spikarsuppe måtte vere overlag billig mat, blei ho overlag nyfiken på korleis den skulle lagast. Den kunsten ville ho gjerne lære. Ho fór etter gryte og vatn. Vandringsmannen sette gryta på elden, tok ein vanlig tretomsspikar opp av lomma og la den i vatnet. "Det her skal bli ei god og nærande suppe," sa han, "men om ein hadde litt mjøl og litt gryn i den, skulle den bli mykje betre. Men når det ikkje finst, får ein klare seg likevel." "Det finst vel noko i huset, sjølv om eg har det hardt," sa den gamle kona, og vandringsmannen fekk det han trengte. Han rørde skikkelig om i gryta. "Det her blir ein prektig suppe som ein kan by herrar på," sa han. "Ja, sei det!" "Men med litt mjølk blei den enda betre." "Jaså, seier De det?" "Ja då, men når det no ikkje finst noko mjølk, så får vi greie oss utan." "Å for all del, det finst nok litt mjølk," sa den gamle kona og kom med ei bøtte. Han slo mjølka i gryta, rørde flittig om og sa: "Om vi no hadde litt salt kjøt og nokon gulrøter og poteter å leggje i og litt smør å frese den av med, så skulle det bli ei suppe å by sjølve kongen." "Å blå kors," sa den gamle kona, "å by sjølve kongen på suppe!" "Jojo men, men når det no ikkje finst, så." "Å jo, for den del finst det vel." Den gamle kona gav han alt han ville ha, og då suppa var ferdig, tok han opp spikaren, stappa den i lomma og baud den gamle kona å smake. Ho smaka og smatta. "Var den ikkje god, kanskje?" spurde han. "Jo heilt framifrå. Tenk at ein kan koke så god suppe på ein spikar. Det er då for underlig." Den gamle kona kunne ikkje rose kokekunsten hans nok. Og då vandringsmannen ville leggje seg til å kvile på golvet, gav ho han heller den beste senga si. Då han skulle gå neste morgon, fekk han ein blank riksdalar i vennegåve. "Takk og heider!" sa den gamle kona. "No har eg fått lære meg å koke suppe på ein spikar." "Ja, men det trengs jo noko meir til enn berre spikar," sa vandringsmannen. Og slik oppstod ordspråket: "Det er ingen kunst å koke suppe på ein spikar om ein berre har noko å jamne den med." Fanten og kjerringa
"God kveld og vel møtt," sa fanten. "God kveld igjen" sa kona, "kor hører den karen heime?" "Sønnafor sol og austafor måne," sa fanten, "Og no skal eg heim igjen, for no har eg gått over heile verda så nær som dette soknet." "Det var langvegsfarande kar, det," sa kona. Kva kunne det vere for ærend han hadde? Jo, han ville søkje husly for natta, sa han. "Kunne tenke det," sa kona, men då var det like godt han kom seg av stad med det same, sa ho, for husbonden var ikkje heime, og dette var ikkje nokon gjestgivargard. "Å kjære, søte mor," sa fanten, "du skal ikkje vere så vriden og vrang, for vi er då menneske begge to, og nesten sin skal ein hjelpe, trur eg det står skrive." "Hjelpe!" sa kona, "Hjelpe! Skulle ein ha hørt slikt? Kven hjelper meg, trur du, enda eg ikkje har matsmulen i huset?" Nei, han var nok nøydt til å søkje seg anna husly, sa ho. Men fanten var som fantar plar vere, han fall ikkje for første hogget, og alt det kona skapte og bar seg, så var han like iherdig og blei ved å gnåle og gnage så ho til slutt laut gi seg likevel, og han skulle då få liggje på golvet natta over. Det var eit godt tilbod og det skulle ho ha takk for, meinte han. "Betre på golvet utan blund enn å fryse i skogen som ein hund," sa han, for det var ein lystig kar, den fanten, og eit rim hadde han på hand til allting. Då han no kom inn i stova, fekk han sjå at det ikkje var så usselt for kona som ho ville ha det til med alt sytet sitt, men ho var grisk og ei lus til å gnage og klage frå morgon til kveld. No gjorde han seg fin, må vite, og bad så inderlig vakkert om å få noko å ete. "Kor skulle eg ta det frå?" sa kona, "i heile dag har eg sjølv ikkje smakt noko." Men fanten var ful, han. "Å stakkars deg, då, bestemor," sa han, "då må du vere bra svolten og tom i tarmane. Så får eg sjølv bli den som byr til gilde." "By til gilde," sa kona, "det er leit å høre lusa hoste i lovotten!" Han såg ut til å kunne by til gilde, han! Kva skulle han ha å by på? "Den som vide fer, blir mangt vâr. Den som mangt har sett, misser ikkje vettet så fort," sa fanten, "Det er betre å vere livlaus enn rådlens. Lån meg ei gryte, mor!" No tok kona til å bli nyfiken, og så fekk han gryta. Han slo vatn i den og sette den på varmen, og så blåste han så flammane sto rundt om gryta. Så tok han ein firetomsspikar fram av lomma, vendte den tre gongar i handa og la den i gryta. Kona fekk store auge. "Kva skal dette bli?" spurde ho. "Spikarsuppe," svara fanten og tok til å røre i vatnet med grautsleiva. "Spikarsuppe?" sa kona. Mykje hadde ho sett og mangt hadde ho hørt, men at ein kunne koke suppe på ein spikar, hadde ho aldri hørt snakk om. Det var ein kunst for fattigfolk, og den kunsten kunne ho ha lyst til å lure ut av han, sa ho. Ville ho lære den kunsten, skulle ho berre sjå på, sa han, og så rørte han i gryta. Kona sette seg på huk med hendene på knea, og auga gjekk rundt etter som fanten rørte i gryta. "Dette plar bli ei god suppe," sa han, "men litt tynn blir den nok denne gongen, for eg har kokt på berre denne spikaren heile veka. Hadde eg berre ein neve sikta havremjøl å leggje i, så var den sorga sløkt. Men det ein ikkje kan få, nyttar det ikkje å tenkje på!" sa han, og så rørte han med sleiva. Jammen hadde kona lit mjølrusk likevel, sa ho og gjekk etter mjølet, og det var både sikta og fint. Fanten til å røre og kona til å glo, snart på han og snart i gryta så auga var nær ved å springe ut av skallen hennar. "Dette blir suppe å by fremmende på," sa han og tok neve på neve av mjølet og la i gryta. "Og hadde eg berre hatt ein bit salt kjøt og nokon små poteter å leggje i, så skulle det bli mat for herremenn om dei var aldri så kresne. Men det ein ikkje kan få, nyttar det ikkje å tenkje på!" sa han opp att og rørte vidare i gryta. Når kona fekk tenkt seg om, så hadde ho nok nokon poteter, ja, ho hadde nok ein kjøtbit også, og alt det gav ho fanten. Han til å røre igjen, og ho til å glane. "Det her blir mat som ein kan by dei grommaste storfolka," sa han. "Skulle ein ha sett slikt," sa kona, "og det berre på ein spikar." Det var nok ein tusenkunstnar, den fanten. "Hadde vi no hatt litt gryn og ein liten mjølkeskvett, så kunne vi be sjølve kongen smake, for slikt et han kvar kveld," det visste han, for han hadde vore i teneste hos kokken til kongen "Å nei, be sjølve kongen smake!" og kona tok til å slå seg på knea, ho var reint forferda over fanten, så fin han var. "Men det ein ikkje kan få, nyttar det ikkje å tenkje på," sa fanten. Jemen hadde ho litt gryn, og reint utan mjølk var ho heller ikkje, for den beste kua hennar hadde nettopp kalva, og så gjekk ho etter både det eine og det andre. Fanten til å røre, og kona til å glane, snart på han og snart i gryta. Rett som det var tok fanten opp spikaren. "No er det ferdig, og vi skal ha eit rettelig festmåltid," sa han. "Men til slik suppe brukar kongen og dronninga å ta seg ein dram eller to og eit stykke smørbrød i det minste. Og så har dei duk på bordet når dei et. Men det ein ikkje kan få, nyttar det ikkje å tenkje på," sa han og retta opp kroppen. Men no kjende kona seg stor og fin ho også, og var det ikkje noko anna som mangla for å få det pent som kongen hadde det, så syntest ho det kunne vere moro å ha det slik ein gong ho med, og leike konge og dronning med fanten. Ho bort til skapet i same stunda og fram fann ho brennevinsflaske og drammeglas og smør og ost og spekekjøt og kalvedans, så det blei eit stasgilde. Aldri hadde kona hatt det så fint, og aldri hadde ho smaka slik suppe heller, og det berre på ein spikar! Ho var så blid og glad for den nyttige lærdommen at ho slett ikkje visste korleis ho skulle skikke seg med fanten som hadde lært henne ein slik kunst. Dei åt og drakk og drakk og åt, og til slutt blei dei søvnige begge to. No skulle fanten til å leggje seg på golvet. Men det kunne no slett ikkje gå an, det var umogelig, meinte kona, slik ein grom kar måtte liggje i senga. Ho trengte ikkje å naude han. "Dette er som i jula" sa han, "og betre kvinnfolk har eg ikkje treft. Hå, hå, ja," sa han og la seg i senga og sovna. Kaffikoppen og flaska var det første han fekk i handa då han vakna om morgonen. Då han skulle til å gå, gav kona han ein blank dalar. "Og takk for den nyttige lærdommen," sa ho, "no kan eg skaffe meg gode dagar sia eg har lært å koke suppe på ein spikar." "Å, den kunsten er ikkje så stor, berre ein har noko godt å jamne med," sa fanten, og så gjekk han. Kona stod i forstova og stira etter han. "Slike folk veks ikkje på kvar busk," sa ho. (s. 110-15) Ho som laut gråte slikPÅ DEN TIDA då St. Peter Burg gjekk omkring, kom han seint ein kveld til ein stor bondegard og bad om husly for natta. Ja, det skulle han då få.Tidlig neste morgon takka han for godt husvere og skulle av stad. "Pengar å betale deg med, har eg ikkje," sa han til kona på garden, "men det eg kan gi, det gir eg: Det første du gjør i dag, det skal du halde på med heile dagen," Då måtte ho gråte: "Kva i all verda? Akk, så dum eg var som gav nattely for ingenting," og så bortetter. Sia det var det første ho gjorde, laut ho sitje og gråte mens ho vov. Inga hjelp kom, og det var vel ingen som kunne hjelpe ho heller. Ho græt noko enormt, og slik blei Bottenviken danna - [s 23-29] Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] Omsetjing og design, © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||||