Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 21
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Myggen og oksen
  2. Oksane og hjula
  3. Skjelpadda og endene
  4. To slags hypp
  5. Hauk og due

Myggen og oksen

Mygg og okse. Modifisert illustrasjon av Arthur Rackham

Ein mygg flaug summande over enga og sette seg ned på ytste spissen av det eine hornet til ein okse. Etter at han hadde kvilt ei kort tid, gjorde han klar til å fly bort. Men før han flaug, bad han oksen om orsaking for å ha brukt hornet hans som kvileplass, og la til: "Du er vel svært glad for at eg drar no."

"Det er det same for meg," svarte oksen. "Eg visste ikkje eingong du var der."

Vi blir ofte viktigare i våre eigne auge enn i auga til oksen og andre omkring oss.

Oksane og hjula

Eit par oksar trekte ei tungt lasta vogn langs ein gjørmete landeveg. Dei måtte bruke alle kreftene sine til å trekke vogna, men dei klaga ikkje.

Hjula på vogna var av eit anna slag. Sjølv om det dei hadde å gjere var svært lett samanlikna med det oksane gjorde, knaka og stønna dei i kvar einaste sving. Oksane som sleit og drog av all makt for å trekke vogna gjennom djup gjørme, fekk øyra fylt med høg knirking og klaging og jamring og ramling frå hjula i tillegg. Jamringa frå hjula gjorde slitet mykje verre å halde ut.

"Stille!" brølte oksane då tolmodet deira til sist brast. "Kva har de hjul å klage så høgt over? Vi trekker lasset, og de gjer det ikkje, og vi held heilt stilt om det i tillegg."

Dei syt og klagar somtid mest som lir minst.

Skjelpadda og endene

Skjelpadda såg kor lystige og glade fuglane flaug i lufta, korleis andre dyr sprang omkring og dansa og leika, og følte seg mindre fornøgd enn vanleg. Ho skulle gjerne sett seg om på landjorda, ho også, men skjoldet rundt ho og dei klumpete beina gav ho veldige problem med å komme seg noko særleg i veg.

Ein dag møtte ho eit par ender og fortalde dei om vanskane sine.

"Vi skal hjelpe deg å sjå ein del av verda," sa endene. "Ta tak i denne pinnen med dei hornete kjevane dine, så ber vi deg langt opp i lufta. Derifrå får du sjå heile landskapet. Men du må ikkje opne gapet mens vi er i lufta, for då mister du taket i kjeppen, og bakken er hard å falle på."

Skjelpadda blei veldig glad over å få sjå seg omkring, og greip pinnen fast med nebben sin mens dei to fuglane tok tak i kvar ende av kjeppen og fór til vêrs med ho. Oppetter bar det. Snart nådde dei skyene.

Akkurat då flaug ei kråke flaug forbi. Ho blei overraska over det ho såg, og gol: "Kva . . . ei skjelpadde under skyene? Det er berre å gratulere med bragda."

Skjelpadda gløymde seg og ville helse kråka tilbake. Men straks ho opna nebben for å gjere det, mista ho taket i pinnen og fall ned på berget. Der slo ho seg forderva på ein stein.

Det er ei tid til å teie og ei til å tale, heiter det.

Note. På ryggen har skjelpadda eit øvre skjold, og omkring buken eit nedre skjold. Dei to skjolda er føydd saman langs sida på skjelpadda. Skjoldet er heimen som skjelpadda ikkje går ut av. Hovudet, halsen, halen og lemmane kan hos dei fleste skjelpaddene trekkast innanfor skjolda når det er fare på ferde.

Skjelpadder som lever i hav kallast gjerne havskjelpadder og har breie luffar; landskjelpadder har tjukke og klumpete bein med føter; og sumpskjelpadder har føter som også er eigna til å svømme med.

To slags hypp

Ein bonde køyrde vogna si langs ein gjørmete landeveg etter kraftig regnvêr. Hestane makta berre med naud og neppe å dra lasten gjennom den djupaste gjørma, og til sist stod dei stilt, for eine hjulet sokk nedi til navet.

Bonden klatra ned frå vogna og stilte ved sida av og tok eit oversyn, men han prøvde ikkje å få vogna ut av gjørma. Han svor i staden over å sitje fast, og bad himmelen om hjelp. Eit sendebod blei sendt på englevengar derifrå, kom fort til staden og sa:

"Stikk skuldra inntil til hjulet og hypp på hestane. Trur du at du kan flytte vogna berre ved å stå og sjå på ho og be masete og høgrøysta? Vi i himmelen seier du gjer vel i å gjere ein innsats sjølv også til tider - og synest truleg annleis for andre."

Og då bonden pressa skuldra til hjulet og ropte "hypp" til hestane, flytta vogna seg lett. Snart var vegen lettare å køyre på også.

Sjølvhjelp er stundom god hjelp.

Høgare makter kan godt finne på å hjelpe den som gjerne vil hjelpe seg sjølv litegrann.

Hauk og due

Ein hauk var ute på jakt og forfølgde ei due då han flaug seg inn i eit nett som ein bonde hadde sett opp. Hauken snakka pent for seg til bonden, og bad om å få sleppe laus. "Eg har jo aldri gjort deg noko vondt", sa han.

"Det kan så vere", sa bonden, "men dua du var etter, hadde ikkje gjort deg noko vondt, heller."

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]