Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 22
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. To ferdafolk og havet
  2. Løva og eselet
  3. Budeia og spannet med mjølk i
  4. Herren og apemora
  5. Ulvane og sauane

To ferdafolk og havet

To ferdamenn gjekk langs kysten. Langt uti sjøen såg dei noko som kom drivande på bølgene.

"Sjå," sa den eine, "eit stort skip kjem frå fjerne land, fullt av rike skattar!"

Det som kom drivande, kom stadig nærare land.

"Nei", sa den andre, "det er ikkje eit skip med skattar om bord. Det er ei fiskarsjekte med dagens fangst av velsmakande fisk."

Det dei såg, kom heilt inn til land eit stykke framom dei, og bølgene vaska det opp på stranda.

"Det er ei kiste med gull frå eit vrak," ropte dei. Begge styrta til stranda, men det som dei siste gongen hadde trudd var ei skattkiste, var ein tømmerstokk.

Ein får ikkje la store draumar om skattar drive seg frå sans og samling.

Løva og eselet

Ei løve og eit esel blei samde om å jakte i lag, og jaga snart ein flokk villgeiter inn i ei hole. Så la dei planar for å fange dei. Eselet skulle gå inn i hola og jage ut geitene, mens løve skulle stå ved inngangen og slå ned bytte.

Planen verka godt. Eselet larma forferdeleg i hola, sparka og let av all makt, så geitene rømde ut i panikk, berre for å bli offer for løva.

Eselet kom stolt ut av hola. "Der skremte eg dei godt, kva?" sa det.

"Ja," svarte løva. "Om eg ikkje hadde visst du var eit esel, kunne eg ha blitt skremt og sprunge min veg, eg også."

Den som skryt grueleg mykje, imponerer kanskje ikkje dei som kjenner vedkommande.

Budeia og spannet med mjølk i

Ei vakker, ung budeie hadde vore i marka og mjølka kyrne, og var på veg heimover derifrå med skinande kvit mjølk i eit spann ho balanserte pent på hovudet sitt. Mens ho gjekk, var ho opptatt av å legge planer for dagane frametter.

"Denne gode, rike mjølka", tenkte ho, "skal gi meg mykje fløyte å kinne. Smøret eg får då, går eg til marknaden med. Med pengane eg får for smøret, skal eg kjøpe ei mengde egg å få klekt ut. Kor fint det blir når dei alle er utklekte og garden er full av fine, unge kyllingar. Når tida er god, vil eg selje kyllingane. Med pengane skal eg kjøpe ein gild, ny kjole å ha på til marknaden. Alle dei unge mennene kjem til å sjå på meg. Dei vil komme strøymande og prøve å kysse meg, men eg skal berre gjere eit kast med hovudet utan å seie noko slag til dei."

Mens ho tenkte i desse banene, gløymde ho spannet på hovudet og kasta kaut med hovudet slik ho ville gjere det når gutane ville kysse ho. Ned fall mjølkespannet, og all mjølka rann ut. Med den forsvann smør og egg og kyllingar og draumen om ny kjole for den gongen.

Det er greitt å vente med å telje kyllingane sine til etter dei er klekte, for det blir kanskje ikkje kyllingar av alle egga.

Herren og apemora

Det var ein gong at dyra i skogen viste fram ungane sine på spedbarnsjå, og Herren skulle dele ut premie. Stolte mammaer frå fjern og nær kom med ungane sine. Men ingen kom til sjået før apemor. Stolt synte ho fram ungen sin for dei andre deltakarane.

Men då dei andre dyra såg denne stygge, stinkande, flatnasa, hårlause skapningen med auge som bula ut, lo dei godt.

"Le om de vil", sa apemor. "Jamvel om Herren ikkje gir han førsteprisen, er han er den penaste, søtaste, kjæraste skatten i verda for meg og apefar."

Foreldre kan somtid vere bundne til avkommet og mykje partiske utan at det er så farleg.

Ulvane og sauane

nn

Ein ulveflokk heldt til nær der sauane beitte. Gjetarhundane heldt ulvane på god avstand, og sauane kunne beite og vere trygge. Men ulvane tenkte ut ein plan for å lure sauane.

"Korfor denne fiendskapen mellom oss til alle tider?" sa dei. "Var det ikkje for hundane som alltid hissar seg opp og lagar problem, kunne vi ha det vakkert i lag, de og oss. Send vekk hundane, så får de sjå kor gode venner vi blir."

Dei lettlurde sauane overtalte hundane å gå vekk, og same kvelden hadde ulvane sauane til middag. Det var ein storslått fest, syntest ulvane, men ikkje sauane, for dei var middagen.

Dropp ikkje gode vennar til fordel for fiendar.

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]