Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 20
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Ørna og kråka
  2. Ulven i saueflokken
  3. Guten og fisken
  4. Bonden, sonen og eselet
  5. Reven og rognebæra

Ørna og kråka

Ørna sat høgt på ein bergkant og speida utover dalen. Der såg ho sauar som gjekk og beita, og små lam som dansa rundt mor. "Nam! Lam!", tenkte ørna, og sveva opp, sirkla over saueflokken og såg seg ut eit lam. Ho slo kloa i det og flaug vekk til ørnereiret.

Imens sat kråka på ein gardstaur og såg alt saman. "Korfor nøgde ørna seg med det vesle lammet?" tenkte kråka. "Korfor tok ho ikkje sauebukken?" Så la ho sjølv i veg og hogg klørne ned i ryggen på den svære sauebukken og halte og drog av alle krefter. Men bukken stod like traust, og kråka vikla klørne sine meir og meir inn i ulla, og kom seg ikkje laus. Så kom mannen som eigde saueflokken:

"Kva er det du lurer på, kråke?" sa han til ho. "Vil du dra av stad med bukken min? Eg trur det er best du blir med meg, eg." Så klipte han ned vengane til kråka så ho ikkje skulle rømme med det første, og tok ho med seg heim til barna sine.

"For ein morosam fugl!" sa dei. "Kva heiter han, far?"

"Det er ei kråke, men ho meiner visst ho er ei ørn", svarte faren.

Ein ter seg mykje som ein er bygt til, men somme overvurderer eigne krefter.

Ulven i saueskinnet

1

Ein ulv ville forkle seg så han fekk ete sauar i ein saueflokk, utan å vere redd for å bli oppdaga. Han fekk tak i eit saueskinn og la over seg, og smaug seg inn blant sauane mens dei var ute og beitte. Han lurte gjetaren så godt at då sauane blei ført til ei kve for natta, kunne han gå med dei dit og bli stengt inne med dei. Då hadde han maten klar.

Men nett den kvelden trong gjetaren fersk sauekjøt å ete. Han gjekk ut i kvea i månelyset og tok tak i det han trudde var ein sau og slakta han fort. Men det var ulven med saueskinnet over seg.

2

Ulven var ein gong så lur at han trekte over seg eit saueskinn og kom inn i saueflokken utan at det blei merkt. Her drap han det eine lammet etter det andre.

Til slutt blei han fakka av gjetarguten og hengt opp i eit tre med sauefellen på seg. Nokre kom forbi i det same, og blei ståande og glane på den digre sauen.

"Har du gått frå vettet, gut!" ropte dei til kameraten sin. "Heng du den største og finaste sauen din?"

"Å, så fin er han ikkje", sa guten og letta på pelsen så ulveskrotten syntest.

Dei blei fælne då dei kjente att ulven, og gjekk sidan inn for å passe betre på så ikkje ulv sneik seg inn i flokkane deira i saueskinn.

"Ulvar i saueskinn" (forkledde fiendar i flokken) var noko folk trong vare seg for alt i oldtida.

Guten og fisken

Ein gut sat ved kanten av ein dam og fiska. Rett som det var, beit ein fisk på kroken.

"Du er liten, men god, du!" sa guten.

"Kjære vene, slepp meg laus!" tagg fisken. "Så kan eg vekse meg stor og svær til neste gong eg kjem att!"

"Eg måtte vere bra dum om eg trudde slikt prat", sa guten og stappa fisken i skreppa. Han valde det sikre vesle for det usikre store.

Møllaren, sonen og eselet

Ein møllar og sonen hans drog til byen med eit esel dei håpte å selje. Då dei var komne eit stykke på vegen, møtte dei ein flokk ungjenter som gav seg til å gape og le. "Nei, sjå!" sa dei. "Her er ein mann som har eit esel å ri på, og endå går han langs landevegen!"

"Det er i grunnen sant", tenkte møllaren. Han stansa eselet og let guten sette seg opp.

Eit stykke lenger framme møtte dei nokre eldre kjøpmenn.

"Goddag", sa guten.

"Goddag", sa dei og såg alvorsfulle ut. "Du skulle stige av eselet, du som har unge, friske bein, og la far din få ri og kvile føtene!"

Guten pusla ned og bad faren sette seg opp, og det gjorde faren, enda om han ikkje var sliten. Om litt møtte dei nokre koner som slo hendene i hop og snakka seg imellom: "Nei skulle du sett slikt! Der rir den store, sterke karen, og lar gutungen pilte baketter!"

Då mannen høyrde det, løfta han sonen opp til seg, og dei rei saman til dei møtte ei gammal frøken som ropte: "Stig av eselet! Er det ikkje betre at to så spreke karar ber det stakkars dyret enn at eselet skal bere dykk?"

Møllaren og guten batt beina på eselet fast til ein staur som dei la over akslene og bar det av stad. Men då dei kom på brua som førte inn til byen, stima folk saman rundt dei for å kike nærare på dette, og dei peika, lo og ropte. Dette skremde eselet så det sparka og skrytte og sleit seg laus og fór i elva.

Møllaren gjekk heimover i lag med sonen sin. Ved å prøve å gjere mange til lags og følge råd frå fleire, hadde dei til sist mista eselet sitt.

Til lags åt alle kan ingen gjere,

det er no gammalt og vil så vere.

Reven og rognebæra

I skogkanten stod ei rogn med modne klasar då ein svolten rev kom svinsande og såg dei lovande bæra. Siklande tok han fart og hoppa så høgt han kunne, men nådde dei ikkje. Han hoppa igjen, og om att, men rakk ikkje opp.

Då sette han seg på rumpa og sa: "Nei, no verkar det som desse bæra er sure. Høgt heng dei, og sure er dei." Så vimsa han vidare.

Det er mange som lèt som dei ser ned på og vanvørder det dei ikkje kan nå.

I originalen frå oldtida er det druer det gjeld - somme druer er sure, og somme er søte. Det er ikkje alltid så lett å sjå utanpå. Slik er det kanskje med folk også der du bur.

Karl den store (742–814) rådde elles til å dyrke rogn. Her i landet har rognebær blitt brukt til mat for folk og fe og høns, og av villfugl. I Seljord blei til dømes rognebær fryst og steikt på glør og etne med stort velbehag, står det i ei skildring. Bæra blir mindre beiske etter frysing, og høver til saft og gele. (Ulltveit 1995, 85-85)

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]