Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 23
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Flaggermusa og røyskattane
  2. Gjetaren og villgeitene
  3. Reven og kråka
  4. Sløsaren og svala
  5. Engelen og tømmerhoggaren

Flaggermusa og røyskattane

Ei flaggermus rota seg inn i hola til ein røyskatt. Røyskatten sprang til for å fange og ete flaggermusa. Ho kjæra og bad for livet men røyskatten ville ikkje høyre på det øyret.

"Du er ei mus", sa han, "og mus er bytte for meg. Kvar mus eg fangar, et eg!"

"Men sjå på vengane mine!" ropte flaggermusa. "Har mus vengar? Eg spør, eg. Så eg er inga mus. La meg fare!"

Røyskatten vedgjekk at flaggermusa hadde vengar og at mus ikkje hadde det, og let ho fly vekk.

Nokre dagar etter flaug flaggermusa inn i hola til ein annan røyskatt. Denne røyskatten var fiende av fuglar. Han fekk fort flaggermusa under klørne sine og gjorde seg klar til å ete ho. "Du er ein fugl", sa han, "og no skal eg ete deg!"

"Kva?" sa flaggermusa. "Er eg ein fugl? Nei, alle fuglar har fjør, og det har ikkje eg. Så eg er ingen fugl. La meg få dra herifrå."

Så berga flaggermusa seg enda ein gong.

Det er somtid lett å finne ut kva for dyr vi har med å gjere, og somtid ikkje.

Gjetaren og villgeitene

Ein kald og stormfull dag dreiv ein gjetar geitene sine inn i ei hole for ly. Til same hola fann også fleire villgeiter vegen etterpå. Gjetaren ville gjerne gjere villgeitene til sine så dei følgde tamgeitene hans, og fôra dei godt mens uvêret raste. Men geiteflokken sin gav han berre så vidt det var nok til å leve av. Då vêret langt om lenge klarna opp att, leidde gjetaren flokken sin ut på beite, mens villgeitene styrta av stad mot berga.

"Er dette takka for å mate dykk og behandle dykk så godt?" klaga gjetaren.

"Ikkje vent at vil blir med i flokken din", svarte ei av villgeitene. "Vi aner korleis du kjem til å behandle flokken din om det skulle komme framande, slik som i hola nettopp."

Det kan vise seg uklokt å behandle gamle venner dårleg på grunn av nye.

Reven og kråka

Ei kråke sat på ei grein i eit tre med eit stykke ost i nebben. Ein rev fekk auge på ho og tok til å spekulere på korleis han skulle få tak i osten. Han kom bort under trekrona, såg opp og sa: "For ein nobel fugl eg ser over meg! Ein finn vel ikkje maken til vakker fugl. Fargane i fjørdrakta glir flott over i kvarandre. Dersom berre stemma hennar er så vakker som utsjånaden, burde ho vere fugledronning - å ja."

Kråka blei overlag smigra, og ville vise reven at ho kunne synge. Ho gol høgt. Då fall osten ut av nebben hennar og ned til reven. Han snappa opp osten og sa:

"Kraftig stemme har du, frue. Det er vett du manglar."

Smiger kan vere middel til å narre noko fint frå hine.

Sløsaren og svala

Ein mann sløste vekk formuen sin, og hadde til sist att berre kleda han gjekk og stod i. Så, ein vakker dag tidleg om våren fekk han sjå ei svale. Han tenkte: "No er jammen sommaren kommen. Frå no av greier eg meg fint utan frakk."

Så gjekk han og selde frakken sin og festa for pengane. Men vêret endra seg. Det kom mykje frost, og den vesle svala døydde. Sløsaren fann den daude kroppen hennar og ropte:

"Stakkars fugl! Kulda blei for streng for deg. Og no må eg sjølv greie meg utan frakk i frosten."

Ei svale gjer ingen sommar.

Visse blomar, fuglar, insekt og tre fortel når det er "ekte vår". At kalenderen fortel det er vår, betyr ikkje fullt så mykje. Det er faktisk stadar i Finnmark som er utan sommarvêr, dersom vi bruker gjennomsnittstemperaturen 10 grader Celsius i døgnet som mål på sommar (Nordin mfl., 1978, 75). I Australia er det dessutan vår når vi har haust, og vinteren i Australia er rundt og etter juli, og ikkje etter jul. Tenk det -

Engelen og tømmerhoggaren

Ein tømmerhoggar heldt på å felle eit tre ved bredda av ei elv då øksehovudet losna frå skaftet og suste ut i elva. Mens han stod ved elvebredda og akka seg over tapet av øksehovudet, dukka ein engel opp framfor han og spurde korfor han var så lei seg. Engelen fekk vite kva som hadde hendt og at mannen var ille ute om han ikkje kunne hogge tømmer, for det var det han skulle leve av. Han kunne ikkje svømme, og hadde berre denne øksa å hogge med. Av medynk med mannen stupte engelen ut i elva og bringa opp ei gulløks. "Er det denne du har mista?" spurde engelen.

Tømmerhoggaren sa at det var det ikkje. Då stupte engelen ut att i elva og kom opp att med ei sølvøks. "Er det denne som er di?" spurde han.

Mannen svarte: "Nei, det er ikkje mi øks, det heller".

Igjen stupte engelen ut i elva, og no kom han opp med ei øks som tømmerhoggaren kjente igjen. Han blei overlag glad og takka velgjeraren sin varmt. Og engelen var så nøgd med ærlegdommen til mannen at han fekk gulløksa og sølvøksa også.

Då tømmerhoggaren fortalde kameratane sine at han hadde fått både ei gulløks og sølvøks fordi øksa hans hadde falle uti elva, var det ein av dei som ikkje kunne gle seg med han over det store hellet, men ville av stad og få gull og sølv sjølv. Han brann slik etter å bli rik at han ikkje fekk med seg heile historia, men la av stad og tok til å hogge ned eit tre ved elvebredda. Han ordna det snart slik at øksehovudet glei av skaftet og fall i elva. Engelen dukka opp no også, og då han fekk høyre at øksehovudet hadde falle i elva, stupte han uti og bringa opp ei gulløks denne gongen også.

Fyren ropte: "Ho er mi, ho er mi!" og rekte ivrig fram handa etter gulløksa. Men engelen blei så fråstøytt av kor uærleg han var, at han både nekta å gi fyren gulløksa og ikkje ville hente opp øksehovudet frå elva heller.

Ærlege har ein føremonn, men får det kanskje ikkje lett med gjørme og grums på alle kantar likevel; ein får helst bli klok også.

Utan eit minstemål av ærlegdom kan ein bli låk å vere i lag med, både i politikken, i forhold til eigen natur og elles.

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]