![]() |
Fablar av Esop og andre | ||||||||||||||||||
|
Binna og horeven kappastEIN HOREV sat og skrytte av ungane sine til binna. "Du skulle sjå dei flotte firlingane," sa ho. "Eg fekk dei i eitt kull, ser du. Kva med deg? Kor mange bjørnungar har du fått?""Berre ein," svara binna, "men så er det også ein bjørn." ♦ Det er ikkje alltid kor mange det er som veg mest. Tjuven og hundenEIN TJUV kom listande for å røve i eit hus der han visste det var ein sint hund. Derfor hadde han med seg ein pakke kjøt, og med det same hunden tok til å gjø, kasta han til den eit stort stykke flesk. "Det skal vel stoppe gøyinga di," tenkte tjuven.Men hunden var ikkje så lett å vinne. "Eg fekk mistanke til deg med det same eg såg deg," sa den til tjuven, "men no når du med eitt er så fælande gåvmild, er eg viss på at du pønskar på noko ille. Pakk deg herifrå før eg riv deg i filler!" ♦ Ein skal klare å vakte seg for fremmende som kjem med rike gåver også. Fjellreven og bamsenFØRSTE gongen fjellreven møtte ei bjørn, heldt han på å dø av skrekk og la seg flatt ned på bakken. Neste gong skalv han også av skrekk, men han klarte å løfte blikket så mykje at han fekk eit glimt av bjørnefjeset. Og tredje gongen var han blitt så modig at han gjekk bort til bamse og tok til å snakke til han som ein gammal kamerat.♦ Det er ikkje måte på kor trygg ein kan kjenne seg ved gjentak - Gaupa og fjellrevenGAUPA og fjellreven kunne ikkje einast om kven av dei som hadde den beste pelsen"Skinnet mitt med desse flotte flekkane, er det venaste i verda!" sa gaupa. "Eg har noko pent og verdifullt, eg også," sa fjellreven, "trua mi. Men ein ser den ikkje for den gjømt inni hovudet mitt: Eg trur det er betre å ha vett i skallen enn eit fagert skinn." ♦ Ytre ting kan vere bra å ha. Men dei får nok ein ende. Bjørnen som blei forelskaEIN RUSK av ein bjørn blei opp over øyra forelska i dottera til ein vedhoggar, og kom til faren for å be om å få gifte seg med henne. Vedhoggaren var ikkje glad over utsikta til å få ei bjørn til svigerson, og i starten ville han ikkje ein gong høre tale om det. Men bjørnen var jo farleg og morsk av seg, så mannen meinte han fekk seie ja. Men han tenkte også ut noko i tillegg, og sa:"Vi er stolte over at du vil gifte deg inn i ein fattig familie som vår. Men du må hugse kor skarpe klør og store, sterke tenner du har. Sant å seie er dottera mi noko redd for desse. Men om du fekk trekt ut tennene og klipt klørne, trur eg ho ville kjenne seg tryggare. Då kunne du bli ektemann så god som nokon, tenkjer eg." Bjørnen var så forelska at han gjekk strake vegen for å finne nokon som kunne trekkje ut tennene og klippe klørne hans. Så kom han attende til hytta til vedhoggaren. "La meg få sjå på klørne dine først," sa vedhoggaren. Bjørnen heldt fram potane. "Greitt! Og så tanngarden!" Bjørnen opna gapet og viste fram tannlause gummar. "Flott!" sa vedhoggaren. "Og no som vi er likemenn, skal eg vise deg kva eg eigentleg meiner om å få deg til svigerson." Dermed tok han ein stor stav og dunka bjørnen ut i skogen att. ♦ Durabel kjærleik gjer mest aldri forsiktig. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20002007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||