NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 18

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Guten som fall i vatnet
  2. Bjørnen og musa
  3. Ulven og geita. To versjonar
  4. Lønnen og sivet
  5. Trea og øksa

Guten som fall i vatnet

EIN UNG GUT som var ute og padla i ei elv, støytte mot ein stein og fall i vatnet i ei djup bakevje. Han kunne ikkje symje, så han kava for livet og ropte om hjelp alt han kunne. Han hadde nesten gitt opp håpet då det kom ein gammal mann langs elvebreidda. Mannen sa:
      "At nokon kan vere så dum," sa mannen. "Du veit det er utrygt å padle i elva fordi det går ein farleg straum her. Du skulle hatt ris av mor di."
      Guten klarte berre så vidt å halde hovudet over vatnet. Han skreik, "Berg meg først og skjenn seinare!"
      ♦ Råd utan hjelp verkar snøgt ubrukelig.
      ♦ Ei tid til å tale og ei tid til å handle.


Bjørnen og musa

EIN BJØRN låg og sov i hola si ein varm ettermiddag. Då kom ei lita mus svinsande og rente rett over snuten hans. Han vakna og slo labben i den vesle musa.
      "Å, spar livet mitt," trygla ho og skalv som eit lauv. "Kven veit, kanskje kan eg gjere deg ei att-teneste ein dag?"
      Det smilte bjørnen breitt og søvnig over, og så fekk musa gå.
      Ein tid seinare var bjørnen på jakt og blei fanga i ein felle. Einkvan hadde strekt ei tynn snor over stigen der bamse pla jakte, og spent eit nett over. Då han kom borti snora, fall nettet ned over han, og dess meir han kjempa for å kome laus, dess meir vikla han seg inn i nettmaskane. Han brølte høgt mens han baksa og kava, og blei hørt vidt om i skogen. Men til sist kunne han mest ikkje røre seg.
      No fall det seg slik at også musa var ute og sanka mat den natta. Den kjende att bjørnen på målet og skunda seg etter lyden alt ho orka, og såg snart korleis det var fatt. "Ta det berre med ro," sa ho til bjørnen. "Eg skal fort få deg laus om du berre ligg stille."
      Akkurat det var lettare sagt enn gjort mens den vesle musa beit og gnog av alle krefter. Snart var den eine bjørnelabben fri, så den andre, og så resten av dyret. Ein lita mus hadde halde ord og gjort ei bergingsbragd.
      ♦ Sjå ikkje ned på dei små, ikkje dei små grå.
      ♦ Storleik er ikkje alt som tel.


Ulven og geita

1

EIN ULV fekk auge på ei geit som beita på toppen av ein bratt skrent, der han ikkje hatt nokon sjanse til å ta henne. Han kalla på henne og bad henne alvorleg om å kome ned derifrå, så ho ikkje fall ved eit uhell. Han la til at engene var rike der han stod, og graset saftig og grønt.
      Ho svara, "Det er nok ikkje for det gode beitet du ber meg ned, men for din eigen del - du treng visst mat."


2

EI GEIT gjekk og beita høgt oppå ein fjellknaus då ein svolten ulv kom gåande nedafor. Ulven prøvde om og om att å få fotfeste, men fjellveggen var for bratt til at han kunne hoppe eller klatre opp.
      "Eg synst du skulle kome ned hit," sa ulven. "Eg blir nesten redd av å sjå deg så høgt oppe. Dersom du ikkje er varsam, kan du gli og falle ned. Dessutan kan ikkje graset vere noko godt der oppe. Her nede er det mykje saftigare og grønare. Du får mykje betre middagsmat her!"
      "Orsak om eg ikkje følgjer rådet," mekra geita. "Du får vel betre middagsmat om eg kjem ned, men eg er ikkje så sikker for min eigen del." Dermed klatra ho enda høgare opp i fjellsida, og ulven laut fare sin veg med uforretta sak.
      ♦ Det er ikkje alle som vil oss vel, sjølv om dei let som.
      ♦ [Send eit forslag til kva moral du synst høver best.]


Lønnen og sivet

UNDER ein storstorm i skogen blei mange tre knekt eller blåst over ende, og greiner låg spreidd på bakken. Ein lønn som hadde stått ved elvebreidda, fall ned i vatnet og blei teken med straumen. Forundra såg treet at elvebreidda framleis var dekt av siv.
      "Korleis har de klart det?" spurde treet. "De ser så tynne og skrøpelege ut, men står enno, mens eg, eit kraftig tre, har blitt rive opp med rot?"
      "Det er ikkje merkelig," kviskra siva. "Du blei knekt fordi du stod stiv og strunk i vindkasta. Vi blei berga fordi vi gav etter som det passa og bøygde oss når vinden tok tak i oss."
      ♦ Liten kan óg vere sterk, om enn på annan måte.


Trea og øksa

VEDHOGGAREN gjekk til skogen for å be trea om verke til eit økseskaft.
      "Eg kan ikkje sjå noko galt i det, gjer de?" spurde ein gammal alm. "Han vil berre ha trevirke for øksa si. Han vil ikkje skade oss med det."
      Dei andre store trea meinte det same, og dei blei samde om at vedhoggaren kunne ta ein liten, forhutla ask som ingen brydde seg om. Men vedhoggaren hadde ikkje før fått laga seg eit grepa skaft, før han tok til å hogge ned så mange store tre han kunne.
      "Der gjorde vi nok ein stor feil," sa almen. "Hadde vi ikkje latt han få det vesle treet, kunne vi stått her i mange år enno!"
      ♦ Gir ein veslefingeren, kan ein miste heile handa.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
    ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
    © 2000–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]