Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 24
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Gåsa og storken
  2. Furua og kilane
  3. Ørna og pila
  4. Voksen
  5. Handverkaren og gudebildet

Gåsa og storken

Ein stork drog ein gong til dammen der han brukte å finne seg mat. Han fekk auge på ei gås som dukka djupt ned i vatnet der, om att og om att. Storken spurde gåsa kva ho heldt på med, og gåsa svarte: "Vi gjæser dukkar ned i gjørma på botnen av dammen for å leite etter mat og rømme frå hauken om han kjem og vil fakke oss."

Storken sa: "Eg er sterkare enn ein hauk! Ver venn med meg, så lar eg deg likefram spotte hauken!"

Gåsa takka ja. Men ikkje lenge etter kalla ho på storken etter hjelp. Ho hadde late vere å dukke ned i vatnet då hauken kom, og hauken slo straks ned på ho og flaug av stad med ho i klørne.

Storken kom ikkje, same kor mykje gåsa skreik etter han. I det hauken skulle til å rive ho i seg, sa ho: "Ein elendig daude ventar alle som stoler på store ord frå ein verdilaus forsvarar!"

(Etter Gibbs 53 m.m. Attgiving)

Somme ventar å bli forsvart av andre som ikkje kan, og det kan bli dyrt for dei.

Furua og kilane

For å gjere vedhogginga lettare, kløyvde nokre vedhoggarar ei furu ved å banke inn kilar i stammen heilt til han rivna. Så lirka dei laus kilane og tok til å hogge. Furua stønna og sa: "Eg vil ikkje skulde på øksa, for ho er framand for meg. Men desse fæle kilane er frå mi eiga rot. Frå dei blei dunka inn i stammen min, har dei rive meg sund!"

Det som framande kan gjere mot oss, kan såre mindre enn medlemmer av vår eigen familie kan.

Ørna og pila

Ein bogeskyttar skaut ei pil mot ei ørn og trefte. Ørna vende hovudet og såg godt på pilskaftet som stod i kroppen hennar. I enden av skaftet var det tilskorne ørnefjør - styrefjør. Ørna sa: "Eg hadde nok ikkje blitt råka utan slike fjør eg sjølv har."

Voksen

Voksen sukka og stønna over at han hadde blitt gjort så mjuk at sjølv det minste slag kunne gå tvers gjennom han. Då fekk han sjå korleis mursteinar blei laga av leire som var mykje mjukare enn voks, men som blei så harde av å bli brent i ein omn at dei kunne vare i mange hundreår. Voksen kasta seg inn i den same omnen for å bli like hard som mursteinane, men han smelta med det same. Det blei ikkje noko att av han.

Prøv ikkje å bli noko det ikkje kan bli noko av.

Nokså mykje er nekta oss frå naturen si side.

Handverkaren og gudebildet

Ein handverkar hadde eit utskore trebilde av guden Hermes. Kvar dag helte han vin over det og la kaker framfor det, men det gjekk ikkje betre med verksemda hans likevel. I eit raserianfall treiv han gudebildet i beinet, tok det opp og slo det hardt mot bakken. Frå det knuste hovudet velta det fram gull. Mens handverkaren samle opp gullet, sa han:

"Hermes, du er både ein trassig og takksam venn å ha. Då eg gav deg vin og kaker, gav du meg slett ingen ting, men no som eg har krenka deg, har du lønna meg med mange velsigningar. Eg forstod ikkje kva for merkeleg æring som skulle til."

Esop: Ein vinn ikkje noko ved å ære ein sta kar som held fast ved det gale. Tvert om.

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]