Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 25
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Harane og revane
  2. Ulven og småfuglane
  3. Mordaren og Nilen
  4. Mauren, dua og fuglefangaren
  5. Tre små piggsvin

Harane og revane

Harane havna i krig med ei ørn og bad revane om å hjelpe seg.

Revane svarte: "Vi kunne sagt ja til å slåst mot ørna i lag med dykk om vi ikkje visste kva for reddharar de er, og kven de slåst mot!"

Ulven og småfuglane

Ulven lét som det var fødselsdagen hans og baud inn småfuglane til selskap. Då småfuglane var komne inn, låste ulven alle dørene og åt gjestane etter tur.

Det gjeld å halde forventingar på eit rimelig nivå.

Mordaren og Nilen

Ein mann hadde drepe ein annan, og blei forfølgd av slektningane til den drepne. Han nådde storelva Nilen, men då han oppdaga ei løve der, blei han redd og klatra opp i eit tre. I treet oppdaga han ein slange og blei enda meir skremt, så han kasta seg i elva. Der blei han tatt av ei krokodille.

Mauren, dua og fuglefangaren

Ein maur var tørst og gjekk til ei kjelde for å drikke litt vatn, men fall uti og heldt på å drukne. Ei due nappa eit blad frå eit tre som stod nær ved og sleppte det ned over mauren så han kunne berge seg ved å klatre opp på bladet.

Mens dette hende, kom ein fuglefangar og gjorde stilt i stand eit stort nett å fange fuglar med. Han ville kaste det over dua og fange ho med det. Men då hadde mauren fått jord under føtene att, såg kva fuglefangaren var i ferd med, sprang til og beit han i foten. Det svei så fælt at fuglefangaren ikkje klarte å vere still, men skaka og rista nettet han heldt. Dua høyrde det og flaug ein stad ho var trygg.

Å kome kvarandre til hjelp kan somtid berge liv.

Tre små piggsvin

Eit stort piggsvin sprang og kravla i dekning i eit tjukt kratt ein kveld ein ulv var ute og leitte etter mat. Tre små piggsvin fekk sjå det store piggsvinet der det låg og gøymde seg, og tok til å gjere narr av det. Piggsvinet svarte: "Om de visste kven en gøymer meg for, skulle de vere like redde som eg!"

(Sjå Gibbs 2008, nr. 234 (Caxton-varianten)

⚶ ⚶ ⚶

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2018–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]