NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 2

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Lerka
  2. Guten og nøttene
  3. Reven og hønemor
  4. Papegøyen og katten
  5. Eselet og saltet

Lerka

IMAGE
"Pass godt på. I morgon kan det vere for seint."

EIN LERKEFAMILIE heldt til i ein kornåker der kornet var nesten fullmode. Kvar morgon sa lerkemor til fugleungane sine før ho drog ut for å finne mat: "Pass godt på og hør nøye etter alt som blir sagt. Ein vakker dag kjem folk for å skjere kornet, og vi må finne oss ein ny heim før den tida."

Så ein dag mens lerkemora var vekk, kom bonden for å undersøkje kornet sitt. "Det er på tide å samle grannane så dei kan hjelpe til med å skjere kornet," sa han til sonen si.

Unglerkene hørte nøye etter og fortalde lerkemor kva bonden hadde sagt. Neste dag kom bonden til åkeren att. Sola varma og kornet var blitt enda meir mode, men han hadde ingen til å hjelpe seg med kornskurden. Då dei såg bonden, blei dei små lerkene enda reddare, og kvitra til mora: "La oss flytte med det same!" ropte dei. "I morgon tidleg kan det vere for seint å komme seg vekk!"

"Å, vi har god tid enno," sa lerkemor roleg. "Skulle bonden lite på naboane, fekk han vente ei god stund før kornet kom i hus."

Dagen etter kom bonden til åkeren att. Sola varma og kornet var blitt enda modnare, men han hadde ingen til å hjelpe seg med kornskurden.

"Vi har inga tid å miste," sa han. "Det nyttar ikkje å vente på grannane, vi får be slektningane våre om hjelp. Gå til onklane og syskenbarna dine med det same og få dei til å love å komme hit i morgon tidleg," sa han til sonen. No blei dei små lerkene enda reddare, og ville flytte med ein einaste gong.

"Å, sa ikkje mannen anna, er det ingen ting å vere redd for," sa mora jamt. "Slektningane har jo nok med sitt eige. Han får dei neppe til å komme før det er gått ei stund. Men i morgon må de høre nøye etter. Eg vil ha greie på kvart ord han seier då."

Nest dag kom bonden att. No var kornet så mode at eit og anna aks hadde falle av, men enno hadde han ingen til å hjelpe seg med kornskurden. "Vi kan ikkje vente på naboar og slekt, vi kan ikkje vente ein dag lenger," sa bonden. "Vi får prøve å få leigt nokre folk, men i alle fall tek vi til sjølve i morgon tidleg!"

"Vi må flytte med det same," ropte dei små lerkene i kor då lerkemor kom heim. "Dei skal skjere kornet i morgon!"

"Kva sa han, då?" spurde lerkemor. "Sa han at dei laut skjere kornet sjølv?"

"Ja, ja," kvitra dei små, "det var det han sa!"

"Då er det på tide vi dreg," sa lerkemor. "Når nokon bestemmer seg til å få tinga gjort sjølv, i staden for å lite på at andre skal gjere dei, då er det alvor. Kom all saman, no får vi prøve vengene våre, for no skal vi fly over til granneåkeren!"

Å hjelpe seg sjølv i tide, det kjem godt med.

I naturen blir mognad følgd av avfeldigheit. Når ein blir moden oppsedar og pedagog, kjem den neste fasen sigande.

Guten og nøttene

EIN liten gut fann ei krukke full av nøtter og rosiner på kjøkkenet og stakk handa nedi for å ta så mange han kunne greie. Men då han ville ta handa til seg att, var den knytte neven blitt for stor og rund, og sette seg fast i opninga.

"No kjem eg til å sitje fast i krukka for alltid," trudde vesleguten.

Då kom mora attende til kjøkkenet. "Prøv å ta berre halvt så mange nøtter og rosiner, så skal du sjå det går betre!"

Somme dugleikar får ein lære fort.

Livet kan lære oss å bli audmjuke.

Reven og hønemor

IMAGE

REVEN kraup inn i uthuset og leita etter eitkvart å ete. Det einaste han fekk auge på, var ei gammal høne som hadde vagla seg høgt over hovudet hans, lang utafor rekkevidd.

"God kveld, høne," sa han høfleg, "eg stakk innom for å sjå korleis du har det. Eg har hørt at du ikkje har vore heilt frisk i det siste, og ville gjerne sjå til deg personleg. Eg kan jo litt om medisin, som du vel veit. Vil du ikkje komme ned så eg kan få teke pulsen din? Du ser då ikkje heilt frisk ut, det ser eg heilt hit."

Høna sette seg tryggare til rette på vaglet. "Du har nok rett i noko, Mikkel," svara ho. "Eg er ikkje heilt bra. Ja, er eg så klein at eg lyt ha det heilt stilt omkring meg. Så du forstår at eg ikkje kan komme ned til deg. Gjorde eg det, kunne det koste meg livet -"

Ein får vare seg. Det kostar jamt over lite.

Papegøyen og katten

EIN MANN kjøpte seg ein papegøye, og i staden for å setje den i bur eller lekkje den fast, lét han den fly fritt i huset. Papegøyen var svært nøgd med dette, og flaksa frå rom til rom og skreik og skråla av full hals. Til slutt slo den seg ned på ei gardinstong.

"Kva er du for ein?" spurde ei silkemjuk stemme nede frå golvet. "Hald opp med dei ulåtane på flyande flekken!"

"Eg er ein papegøye, og eg har nettopp komme hit til huset for å lage sære lydar," sa papegøyen.

"Men eg har budd her i all mi tid," svara katten. "Eg er født her i huset og veit alt om det. Eg hugsar nok kva mor sa, at her er det best å gå stilt på potane!"

"Berre gå stilt, du!" svara papegøyen muntert. "Ikkje veit eg kva du driv med og ikkje bryr eg meg, men eg veit kva mi eiga oppgåve er her: Husherren kjøpte meg for stemma mi, og eg lyt sjå til at han får noko att for pengane!"

Det som verkar for den eine, verkar kanskje ikkje for den andre.

Eselet og saltet

EIN KJØPMANN drog på kremmarferd med eselet sitt gjennom mange land og rike. Der kjøpte og selde han mange fine ting. Somtid var det klede og såkorn, andre gonger frukt og grønsaker; det var slikt han kunne tene pengar på.

Ein dag fekk han høre at det var billig salt ute ved kysten. "Eg kan få god pris for det i landsbyane oppi fjelldalane," tenkte han, og drog av stad med eselet for å kjøpe salt. Saltet var så billig at han kjøpte fleire saltsekkar og hengde dei over eselryggen. All gjekk bra til dei kom til eit trongt fjellpass der det rann ei djup og strid elv. Kjøpmannen trekte eselet etter grima så varsamt han kunne, for stigen gjekk på ei glatt og smal hylle i fjellsida. Då med eitt mista eselet fotfestet og fall med eit digert plask i vatnet.

Mens eselet prøvde å symje imot den strie straumen, blei saltet i sekkane oppløyst av vatnet og skylt vekk. Til sist hadde det berre tomme sekkar festa til ryggen. Fridd for den tunge børa klarte eselet å komme seg inn til elvebreidda, og kunne gå vidare i ro og mak.

Det gjekk ikkje lang tid før kjøpmannen ville kjøpe meir salt. Og igjen tok han eselet med seg ut til kysten, lasta det med saltsekkar og drog opp mot fjellbygdene. Då dei kom til det tronge fjellpasset, hugsa eselet kor lett det hadde gått å bli kvitt den tunge børa, og kor godt det hadde vore å gå vidare utan. Så denne gongen glei det og fall i vatnet med vilje, og kava og sumde i elvevatnet heilt til saltet var skylt vekk.

Kjøpmannen var ikkje fullt så nøgd. Han hadde mista to gode lass salt, og lurte på om ikkje eselet hadde lurt han. Derfor kjøpte han eit svært lass med svampar og hengde dei på eselryggen neste gong han drog til kysten. Eselet gjekk av stad under børa og tenkte: "Når vi kjem til fjellpasset, skal vel børa blir lettare!"

Snart kom dei dit, og enda ein gong lét eselet seg gli ut i straumen der det blei liggjande og bakse mens det venta at lasten skulle bli skylt vekk, slik den hadde gjort to gonger før. Men i staden trekte svampane vatn til seg og blei tunge og svære.

"Kva?" tenkte eselet då det kjende at børa blei tyngre og tyngre. "Her er det noko gale!"

"Hjelp meg. Hjelp meg!" skrytte det og kava for livet. Dei tunge svampane heldt på å trekkje det under. Kjøpmannen strekte seg ut frå elvebreidda og trekte eselet i land mens det pesa og var redd, og med dobbelt så tung last.

Ein får bli av med det som blir dobbelt så tungt langsetter vegen.

Vi ber og tryglar nå vi er komne i klemme. (Etter indisk)

Det gjeld å unngå at fellesskapet blir soge ut av tunge bører og anna som ingen liker.

SAMLINGA  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
    © 2000–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]