NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 2

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Den gamle kona og tenestejentene
  2. Eselet og gudebiletet
  3. Haren og jakthunden
  4. Gutane og froskane
  5. Eselet og den gamle gjetaren

Den gamle kona og tenestejentene

EI GAMMAL kone måtte ha to jenter til å hjelpe seg i huset. Dei laut arbeide hardt og stå opp grytidleg. Hanen sette i med å gale så snart det lysna av dag, og straks hanen gol, måtte dei til å vaske og koke og mykje anna. For kvar dag som gjekk, blei dei to jentene stadig meir morgongretne.

"Vi kjem snart til å sjå ut som to rynkete kjerringar om dette skal halde fram," sa den eine.

"Ja, eg har alt fått svære posar under auga," sa den andre. "Det er hanen si skuld. Om han ikkje bråka slik kvar morgon, så ville han ikkje vekkje matmor så tidleg, og vi kunne få sove ut som andre menneske."

"Men eg veit råd," sa den første, "vi kvittar oss med hanen." Så la dei opp råd saman.

Då den gamle kona hadde sovna om kvelden, kraup dei inn i hønsehuset, kverka hanen og grov han ned under ein kvisthaug bakom uthuset. Og neste morgon kunne dei sove trygt og lenge, heilt til sola stod høgt på himmelen.

Men då den gamle kona oppdaga at hanen var vekk og ikkje vekte henne lenger, blei ho så redd for å forsove seg at ho stod opp enda tidlegare enn før. Så no fekk jentene mindre søvn og meir arbeid enn nokon gong.

Å lage ris til eigen bak er korttenkt.

Eselet og gudebiletet

EIT ESEL blei valt ut til å bere eit kostbart gudebilete i ein prosesjon gjennom byen. Mange kom frå alle kantar for å sjå på. Dei stod tett på begge sider av vegen og skubba kvarandre for å få sjå betre. Men då eselet kom, knelte dei alle saman for å ære gudebiletet. Somme strekte fram armane for å røre ved det, andre låg på kne og stirde. Eselet kjende seg med eitt viktig.

"Tenk at alle desse menneska viser meg slik djup vørdnad," tenkte det og jubla innvendig over den nye rolla si. "Eg har lita lyst til å gå vidare," sa han til seg sjølv. "No vil eg stå her ei stund så folk kan få beundre meg." Dermed stogga han og blei ståande ei stund.

Med eitt small eit stokkeslag som gjorde vondt i både sjela og ryggen. "Kom deg vidare!" skreik eseldrivaren og var sint. "Kva meiner du med å stogge prosesjonen slik?"

"Alt til si tid," svara eselet høfleg. "Eg ville berre gi desse snille folka høve til å sjå på meg."

Då tok mannen til å le, alt mens han drog eselet i mana for å få det vidare. "Det er gudebiletet på ryggen din som folk ser på og tilber, ikkje deg. Opp med farten no."

Når folk ligg stirande på kne framfor deg i vørdnad, har dei neppe sett mykje til deg.

Haren og jakthunden

EIN JAKTHUND kom over ein hare som låg og gøymde seg under ein busk. Haren sette av stad over engene, og hunden halsa etter. Men hunden var ikkje så rask til beins som haren, og etter ei stund gav den opp.

Ein jordarbeidar hadde sett på, og då jakthunden kom tilbake, sa han: "Tenk at eit så lite dyr kunne springe frå deg så lett - du tek kanskje til å bli gammal, kva?"

Jakthunden sa støytt, "Du gløymer korfor vi sprang og rende. Det er stor forskjell på å springe for middagsmaten og for livet."

Gutane og froskane

EIN LITEN flokk gutar leika ved ein dam. Då fekk dei sjå nokre froskar som sumde omkring imellom siva. Straks tok gutane til å kaste småstein på dei.

"La oss sjå kor mange vi treffer," sa den eine. "Der trefte eg ein!"

"Den første som klarer å treffe ti av dei, skal få premie!" sa ein annan og greip ein stor stein.

Froskane blei skremde, men ein av dei kvekka fram: "Tenk etter før de kastar meir stein. Det er kanskje leik for dykk, men for oss er det dødeleg alvor!"

Alvor kjem der steinar treff.

"Sporten til somme kan vere døden for andre," sa storviltjegeren.

Eselet og den gamle gjetaren

EIN gjetar vakta eselet sitt mens det beita i ei eng. Då hørte han brått rop og skrik frå fienden som nærma seg. Han ropte til eselet, "Kom, la oss flykte saman!"

Men dyret svara dove, "Korfor det? Er det truleg at sigerherren setter to korger på ryggen min, og ikkje ei som før?"

"Nei," svara gjetaren.

"Puh, så lenge eg ber korgene, kva for rolle speler den kven eg tener?"

Når styremakta skiftar, endrar lite seg for den fattige, ut over namnet på herren hans.

SAMLINGA  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
    © 2000–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]