![]() |
Fablar av Esop og andre | ||||||||||||||||||
|
AstronomenEIN ASTRONOM gjekk omkring og stira på stjernehimmelen kvar natt. Ein natt han gjekk slik og stira, gjekk han rett på ein haug med stein og fall på hovudet nedi eit stort hol i vegen. Ein av vennane hans kom forbi nett då og hørte han ropte om hjelp. Vennen trekte han opp igjen og sa:"Du tenker så mykje på mysteria i universet at du reint glømmer å sjå deg for her på jorda. Men så lyt du finne deg i at du no og då går på nasen." ♦ Ein kan godt vere lærd på himmelen og ikkje på jorda. Doktor UlvEIN ULV hadde ein gong jaga eit esel opp i eit hjørne. Eselet kunne ikkje springe fort nok, for det hadde trakka på ein skarp torn og fått den inn i hoven."Før du drep meg, vil eg be deg om ei teneste: Vil du gjere vel og ta ut tornen som eg har fått i foten på eine bakbeinet? Elles kan den lett stikke deg i halsen når du skal ete meg." "Takk for at du sa det," svara ulven. "Snu deg, så skal vi sjå kva eg kan gjere." Eselet snudde seg rundt og løfta bakbeinet. Ulven bøygde seg fram for å trekke tornen ut med tennene. I det same sparka eselet så kraftig at ulven flaug gjennom lufta eit stykke før han landa på ryggen ute på marka. "Det fortente eg," sa ulven der han sat og såg eselet galoppere heim til stallen og tryggleiken. "Eg burde meint at eg ikkje er nokon lege og halde meg til det eg meistrar." Ulven og tranenEIN ULV fekk eit bein i halsen. Han hosta og harka, ulte og bar seg og bad alle han møtte om hjelp. Det var ikkje lita løn han ville gi til den som kunne få ut beinet.Ein trane hørte dette og baud seg til å hjelpe. "Gap opp alt du kan," sa tranen til ulven. Og så stakk den det lange hovudet og nebbet ned i ulvehalsen og tok opp beinet. "Her ser du den vesle splinten som gjorde så stor skade," sa ho då ho hadde trekt hovud og nebb ut av ulvegapet. "Løn meg no som du lova." Ulven gliste fornøgd, men sa, "Du skal vere glad for at eg ikkje glefsa i meg hovudet ditt i éin jafs! Anna løn får du ikkje av meg!" ♦ Utakk er verdas lønn. LaushundaneFEM LAUSHUNDAR streifa omkring på jakt etter noko å ete, då dei kom til ei djup elv. På elvebotnen kunne dei sjå ein pose full av bein som nokon hadde kasta frå seg. Kjøtbeina såg gode ut, og hundane sette seg på elvebreidda mens munnane deira løp i vatn - dei lurte berre på korleis dei skulle få tak i kjøtbeina.Den eldste hunden sa. "Vi drikk opp alt vatnet. Så kan vi hoppe dit ned og ete alt vi orkar. Kom igjen!" Dei fem hundane begynte å lepje i seg vatnet som rende forbi. Dei drakk så dei nesten sprakk. Elva ensa det ikkje. Den strøymde berre vidare som før, skylde over kjøtbeina på botnen og førte med seg alt som var på dei, til det låg berre nokre kvite, reinskurte knoklar att. ♦ Det som er uråd, er vel uråd. Det sjølvrådige eselet: To versjonar1EIT ESEL bar eit lass langs ein veg oppi høgdene, då han med eitt skjena ut og bykste til kanten av stup med ei djup kløft under. Då han skulle til å bykse utfor, greip eigaren etter halen hans og prøvde å få dyret til å rygge. Men eselet heldt stand.Til sist sleppte mannen mens han sa, "Du vinn, men det blir ikkje til eigen fordel." ♦ Ein stig i vørnad og makt ved å klore seg fast oppi høgdene og kanskje gjeste store menn, men neppe ved å narre seg sjølv grotesk. 2EIT ESEL ville ikkje lystre herren sin. Om mannen ville ha han til å gå til venstre, gjekk han til høgre, og gjorde alltid motsett av det som blei sagt.Ein dag skulle eselet opp ein krokete stig i ei bratt li. Med eitt fekk han for seg at han ikkje ville gå på stigen lenger, snudde seg og gjekk mot stupet. Rett før han fall utfor kanten, fekk herren hans tak i halen på han og heldt han fast. "Kom," sa mannen og halte og drog i eselhalen for å få han tilbake til stigen. "Kom denne vegen, elles fell du ned og slår deg forderva." "Nei, denne vegen!" ropte eselet, og trekte mot stupet og hadde bestemt seg. Han trekte så kraftig at mannen laut sleppe taket og fall i bakken mens eselet hylte av triumf - og i neste no fall utfor stupet. ♦ Vinning som gir tap er til nytte for somme. Spørsmålet er kven. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20002007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||