NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 18

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Hauken, glenten og duene
  2. Tørst ved vegen *
  3. Geita og eselet
  4. To vandringsmenn og ein bjørn
  5. Faren og ormen

Hauken, glenten og duene

DUENE blei vettskremte av synet av ein glente, og sende bod etter hauken for at han skulle forsvare dei. Han sa ja med det same. Straks han fekk kome inn i dueslaget, gjorde han meir skade og drap fleire duer enn ein glente kunne klare på eit år.
      ♦ Unngå eit botemiddel som er verre enn sjukdommen.


Tørst ved vegen *

EIN TØRST hare såg ei bøtte vatn måla på eit skilt ved vegen. Haren skjøna ikkje vatnet var måla, og rende mot vassbøtta i full fart og slo seg stygt på skiltet. Mens han låg framfor skiltet og klynka, kom det nokon og tok han.
      ♦ Etter krasj når tinga eit lågare nivå, men Himalaya unngjekk det.


Geita og eselet

EIN MANN hadde ei geit og eit esel. Geita misunte eselet fordi det fekk meir mat, og sa, "Kor skammeleg dei behandlar deg som både lar deg dra tunge kvernsteinar i mølla, og også let deg bere tunge lass." Geita rådde no eselet til å late som det hadde fallesjuke og falle ned i ei grøft og få ein kvil slik.
      Eselet følgde rådet og fall ned i ei grøft, men blei fælt forslått. Eigaren sende bod etter dyrlegen, som sa, "Smør lungemos frå ei geit over desse eselsåra."
      Dei slakta geita straks, og fekk eselet friskt att svært fort.


To vandringsmenn og ein bjørn

TO MENN som reiste i lag blei overraska av ein bjørn framfor dei på stigen. Den eine mannen skunda seg opp i eit tre og gjømte seg mellom greinene. Den andre la seg flat på bakken då bjørnen kom farande. Bjørnen snuste nedetter mannen frå hovudet og til føtene, og mannen heldt pusten og let som han var død i håp om at bjørnen ikkje ville røre han når han låg slik. Og rett nok, bjørnen fór sin veg utan å røre den liggjande mannen.
      Då bjørnen var heilt vekke, klatra den andre vandraren ned og spurde vennen kva bjørnen hadde kviskra i øyret på han.
      "Han gav meg dette rådet," svara følgjesveinen: "Dra aldri på reise med ein venn som deg når fare nærmar seg."
      ♦ Ulykka viser fort kor sanne venner ein har.


Faren og ormen

EIN ORM som budde i eit bol nær vindfanget til ei hytte, beit spedbarnet i hytta så det døydde. I sorg over tapet ville faren drepe ormen. Neste dag, då ormen kom ut av bolet sitt etter mat, tok mannen opp øksa si og hogg etter ormen. Men han var ikkje snar nok, han trefte ikkje hovudet men halen, som blei snitta av. Dyret rømte.
      Kort etter tok mannen i hytta til å ottast at ormen ville bite han sjølv også, og derfor ville han slutte fred med ormen. Han sette noko brød og salt i bolet.
      Ormen visla, "For framtida blir det ikkje fred mellom oss, for når eg ser deg vil eg hugse du kappa av halen min, og når du ser meg, vil du sjå den som drap vesle sonen din."
      ♦ Ingen gløymer store skader i nærvær av den som valda dei.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
    ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
    © 2000–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]