NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 18

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Eselet og den mogelege kjøparen
  2. Eselet og grashoppene
  3. Orrhøna og universitetet
  4. Bonden og ormen
  5. Tjuven og mor hans

Eselet og den mogelege kjøparen

EIN MANN ville kjøpe eit esel, og var blitt samd med han som åtte det om at ha fekk prøve dyret før han kjøpte det. Han tok eselet heim og leidde det til krybba. Rundt den stod mange andre esel. Fort vendte det nye eselet ryggen til alle bortsett frå eitt som var latast og åt mest av alle. Då han såg det, sette mannen grime på eselet og tok det med attende til eigaren, som spurde om han kunne teste dyr så fort.
      Mannen svara, "Eg treng ikkje teste dette eselet. Eg kjenner meg viss på at han er ganske likeins som det eselet det valde til følgjesvein."
      ♦ Folk dømmer oss ofte etter dei vi er saman med.


Eselet og grashoppene

EIT ESEL hørt nokre grashopper knikse og blei fortrylla; han ville lage vene tonar som dei. Han spurde kva slags mat dei levde på som kunne gi dei slike vene stemmer. "Doggen," svara dei. Eselet bestemte seg då for å leve berre på dogg for å syngje som dei, og etter kort tid svalt han i hel.
      ♦ Det hender vi granskar med feil utgangspunkt.
      ♦ Det hender at den som granskar gjer feil.
      ♦ Når vi held opp å lengte etter ting utafor vår veg, kan vi få det betre.
      ♦ Vi gjer det betre om vi ikkje går etter ting som er til tap for oss.


Orrhøna og universitetet *

UNDER ei forelesning i hovudbygget på Noregs Tekniske Høgskole, kom ei orrhøne krasjande gjennom eit vindauge og fall til golvet. Ho endte som middagsmat for førelesaren.
      ♦ Når det gjeld studier: Ein skal klare å gå der ein vil inn.


Bonden og ormen

EIN VINTER fann ein bonde ein orm som låg stivfrosen av kulde. Han syntest synd på den, tok den opp og varma den ved barmen under trøya. Ormen kvikna fort til av varmen, og i neste augeblikk gav den mannen eit døydeleg hogg.
      "Å jøye meg," "skreik bonden og anda ut: "Det lønte seg ikkje å synes synd i ein kjeltring."
      ♦ Vennligskap mot takklause er ofte fåfengt.
      ♦ Når kulda får oss til å forbarme oss til eigen ruin, er det ikkje kulda som har skulda.


Tjuven og mor hans

EIN GUT stal ei lesebok frå ein skolekamerat og tok den med heim til mor. Ho riste han ikkje for det, men oppmuntra han. Neste gong stal han ei kappe og tok den med til henne, og igjen roste ho han. Guten, som etter kvart voks opp, heldt fram med å stele, meir og meir verdifulle ting. Til sist blei han teken på fersk gjerning, og med hendene bundne bak ryggen blei han ført til avrettingsstaden. Mor hans følgde etter i folkehopen og slo seg for brystet i sorg fleirfaldige gonger.
      Då sa den unge tjuven, "Eg vil gjerne seie noko til mor før eg dør."
      Då ho kom heilt bort til han, beit han av henne eit øyre. Mora skreik han var då heilt unaturlig, men han svara,
      "Om du hadde tukta meg den første gongen eg stal ei bok og tok den med til deg, ville det nok ikkje utarta til dette, og eg ville ikkje døydd ærelaus."
      ♦ Somme ting utviklar seg i keier, og somme keier kan bli lange og øydeleggjande.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
    ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
    © 2000–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]