NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 18

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Den listige bjørnen
  2. Skjelpadda og ørna
  3. Kvepsen og ormen
  4. Bjørnen og ørna
  5. Eselet og hesten

Den listige bjørnen

EIN BJØRN som alderdommen hadde gjort for veik og sein til å skaffe mat, kom til at han fekk bruke list. Han la seg i hiet og let som han var sjuk, og sørga for at alle omkring fekk vite han var sjuk. Dyra sørga over han. Men etter som dei kom ein etter ein til hola hans for å vise medkjensle med han, reiv bjørnen dei i hel og åt dei opp.
      Etter mange av dyra på kort tid hadde blitt borte slik, oppdaga fjellreven trikset. Frå utsida av bjørnehiet stelte han seg opp på respektfull avstand og spurde korleis bjørnen hadde det.
      "Sånn passe," svara bjørnen, "men korfor står du ute? Kom inn så vi kan snakke saman."
      "Nei takk," sa fjellreven. "Eg ser mange fotspor som går inn i hola di, og ingen som går ut igjen."
      ♦ Klok er den som let seg åtvare av ulykka til andre.


Skjelpadda og ørna

EI SKJELPADDE som låg og varma seg i sola, klaga til sjøfuglane over den harde skjebna si: Ingen ville lære den å fly. Ei ørn som sveva i nærleiken, hørte klaginga og spurde kva løn ho ville få om ho tok skjelpadda høgt opp og let ho få høve til å flyte på luftstrømmane.
      "Då vil eg gi deg alle rikdommane som ligg gjømt i Sognefjorden," sa skjelpadda.
      "Kom med til vers, då," sagt ørna; og så tok ho skjelpadda i klørne og bar henne nesten opp til skyene. Der sleppte ørna henne og le ho klare seg sjølv. Skjelpadda fall ned på eit fjell og brakk skjoldet i mange bitar. Mens ho døde sa ho, "Dette fortente eg kanskje, for kva skulle eg oppi lufta, som har store vanskar berre med å røre meg på bakken?"
      ♦ Om folk fekk alt som dei ville det, ville vel mange bli øydelagt.


Kvepsen og ormen

EIN KVEPS sette seg på hovudet til ein orm stakk den igjen og igjen med brodden, så den blei såra til døde. Ormen pintest fælt og visste ikkje korleis han skulle bli av med fienden. Så såg den ei tungt lasta vogn som nærma seg. Med overlegg bukta ormen seg fram og la hovudet under hjula mens den sa, "I det minste tek eg fienden min med meg."
      ♦ Siste utveg er ikkje alltid delikat.
      ♦ Somme djupe sår er det ros som gir oss.(Amerikansk)
      ♦ Ein får bruke vettet til å pønske ut på førehand kva som verkar best.


Bjørnen og ørna

EI ØRN landa i eit tre og bad ein bjørn slutte lag med seg. Det ville bli til fordel for begge, sa ørna.
      Bjørnen svara, "La gå - men eg lyt ha garanti. For kan eg stole på nokon som kan fly vekk frå avtalen når som helst ho har lyst til det?"
      ♦ Prøv nøye før du fester lit.


Eselet og hesten

EIT ESEL bad ein hest leive ein liten del av fôret sitt. "Vel" sa hesten; "i fall det blir att noko når eg har ete ferdig, skal eg gi det av godhug. Men kom heller når eg skal i stallen i kveld; då kan eg gi deg ein liten sekk med bygg."
      Eselet sa, "Takk. Men eg har vanskeleg for å tenkje meg at nokon som nektar meg ein matbit no, vil gi noko større og betre seinare."
      ♦ Ein bør avklare stillinga før ein gir ifrå seg noko særlig.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
    ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
    © 2000–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]