![]() |
Fablar av Esop og andre | ||||||||||||||||||
|
Den gamle jakthundenEIN JAKTHUND som då han hadde vore ung og sterk aldri hadde gitt etter på jakt for noko dyr i skogen, jakta villsvin då han var gammal. Han kom over ein galte og beit den i øyret, men klarte ikkje å halde fast med dei gamle og svake tennene sine - dei som var att. Galten kunne rømme. Eigaren til hunden såg kva som hendte, og kom kvikt til staden. Han var så skuffa over å miste byttet at han skjelte ut den gamle hunden sin.Jakthunden såg opp og sa, "Det var ikkje min feil. Viljen var så god som før, men eg kan ikkje hjelpe for å ha blitt dårleg og veik med åra. Ros meg heller for kva eg har vore enn å klandre meg for kva eg er i dag." Kråka og ormenEI SVOLTEN kråke såg ein orm som søv i ein solrik krok. Ho flaug ned og greip den. Ormen vrei seg og gav kråka eit dødeleg bitt. I dødskvalen gol kråka, "Stakkars meg som trudde eg hadde funne noko flott, men som viste seg å øydeleggje meg."♦ Hast kan oversjå eitt og anna. Ormen og ørnaEIN SLANGE og ei ørn kjempa mot kvarandre på liv og død. Slangen fekk overtaket og gav seg til å kveile seg om fuglen for å kvele den. Ein bonde som såg dei, sprang bort til dei kjempande, løyste opp kveilen og sleppte ørna fri.Slangen blei så vreid over å miste byttet at han sprøyta gift i drikkehornet til bonden. Bonden ante ingen ting om faren då han kort etter ville han ha seg noko å drikke. Då kom ørna feiande, slo handa hans med vengen, greip drikkehornet i ei klo og flaug vekk med det. ♦ Det er ikkje all hjelp ein ser er hjelp. ♦ Mye dyrebar hjelp kan gå utakka. Den skipbrotne mannen og havetEIN SKIPBROTEN mann blei kasta opp på ei strand der han låg utmatta til han fall i søvn etter strabasane. Etter ein stund vakna han og klandra sjøen alt han kunne. Han sa sjøen lokka menn med å sjå roleg ut, men når dei sette seg i båtar for å pløye vatnet, blei det grov sjø som øydela båtar og drukna folk.Sjøen tok form av ei kvinne, og ho sa til han, "Skuld ikkje på meg, men på vindane. Eg er roleg og stødig av vesen, men vindane fell over meg og skaper desse bølgjene, og piskar meg sint." Elvane og havetELVANE slutta seg saman for å klage til sjøen, og sa, "Korfor det slik at når vi strøymer søte og drikkande inn tidevatnet ditt, skaper du om på oss så vi blir salte og uskikka drikke?"Sjøen skjøna at dei meinte å skulde han for dette, og sa, "Då får de la vere å strøyme inn i meg, så blir de ikkje salta." ♦ Somme tek farge av omgivnadene, andre endrar smak. * Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20002007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||