![]() |
Fablar av Esop og andre | ||||||||||||||||||||
|
Den gamle bjørnenEIN BJØRN som var slitt ned av åra og kraftlaus av sjukdom, låg på bakken og var like ved å døy. Då gauv eit villsvin laus på han og hemna ein gammal skade med nokre støytar av hoggtennene. Snart etter stanga oksen han. Då eselet såg at bjørnen ikkje tok igjen, sparka han bjørnen i panna med bakføtene. Den døyande bjørnen sa, "Eg har måtta finne meg i å bli fornærma av dei modige, men å bli sparka i skallen av eit esel er å bli vanæra, det er ei skam, nesten som å døy dobbelt opp." ❖ I alderdommen lærer ein å ruge godt, om ikkje før. * ❖ Utdanning kan hjelpe mot mange alderdomsplager, men ikkje alle. ❖ Alderdommen fører mange plager med seg. Oksane og slaktaraneOKSANE ville knase slaktarane, sia det som slaktarane dreiv med, var til forderv for storfe. Oksane samla seg ein gitt dag for å setje planen i verk, og slipte horna til dyst. Men ein eldgammal okse sa: "Det stemmer at desse slaktarane slaktar oss, men dei gjer det med dyktig hand, og gir ikkje unødvendig pine. Blir vi kvitt dei, fell vi i hendene på ufaglærde og ukunnige, og dermed får vi lide dobbelt. For ver visse på at om alle slaktarane forsvinn, vil ikkje menneska mangle kjøt av storfe." ❖ Ha det ikkje travelt med å bytte eit vonde med eit verre. Villsvinet og revenEIT VILLSVIN stod under eit tre og gnei hoggtennene mot stammen. Ein rev som gjekk forbi, spurde korfor han kvessa tennene når det ikkje var nokon fare som truga frå verken jeger eller jakthund. Galten svara, "Eg gjer det føre var, for når det først brakar laus, har eg neppe tid." Fasanen og tranaEIN FARGERIK fasan baksa med vengene og gjorde narr av ei trane som fôr forbi: "Eg er kledd som ein konge, i raudleg gull og purpur og andre regnbogefargar, mens du for det meste er grå." "Det er så," sa trana; "men eg stig opp til skyene og syng under stjernene i høgda, mens du går i buskas nedafor og gjæter hønene dine." ❖ Fine fjør gjer ikkje fine fuglar. ❖ Ein får svare for seg. Svala og kråkaSVALA og kråka striddest om kven som hadde beste fjørdrakta. Kråka gjorde slutt på ordskiftet med, "Fjøra dine er fine om våren, men mine vernar meg gjennom vinteren." ❖ Ein skal ikkje oversjå gode argument. ❖ Ikkje alle gode argument kjem med i debattane: Fjørdrakta til svalene hjelper dei til varmare land der det går an å trivast om vinteren. Jamfør: "Det er en uimotståeleg erfaring at den norske vinter bør tilbringes ved Middelhavet." - Jens Bjørneboe BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE] © 20002009, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||||