NORSK DEL, GULLVEKTA  

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 2

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE



  1. Bonden og ørna
  2. Bergfurua og bjørka
  3. Høna og gullegga
  4. Kvinna og høna hennar
  5. To froskar

Bonden og ørna

EIN BONDE fann ei ørn i ei felle, og sia mannen sette pris på sjeldne og store fuglar, sleppte han den fri. Ørna synte takksemd, for ein gong ho fekk sjå at bonden sat under eit murheng som var ikkje trygt, flaug ho mot bonden og nappa ein dott hår av hovudet hans med klørne. Då bonden reiste seg og sprang etter ørna, sleppte ho hårdotten. Mannen tok den opp og vendte attende til der han hadde sete. Då såg han at muren han hadde sete under, hadde ramla saman, og undra seg sidan storleg over korleis ørna hadde berga livet hans.

Bergfurua og bjørka

BERGFURUA gjorde narr av bjørka fordi bergfurua stod grøn året rundt, mens lauvverket til bjørka endra seg med årstidene. Så blei det snøvêr. Snøen lava ned, sette seg på og braut ned greinene til furutreet fordi den var tung. Då var ikkje bergfurua så pen lenger, og ei tid etter døydde den av den harde medfarten.

Men snøen gjorde ingen skade på bjørketreet, for det stod utan lauv, så snøen fall mellom greinene og ned på bakken utan å bli til skade.

Folk er forskjellige.

Høna og gullegga

EIN BONDE og kona hans hadde ei høne som la eit gullegg kvar dag. De meinte høna måtte ha ein gullklump inni seg, og slakta høna for å få tak i den. Men då såg dei at høna var presis som andre høner innvendig. Det gramsande paret som hadde venta å bli rike på ein blunk, hadde rana ifrå seg den sikre, daglege vinsten sin.

Å gripe inn utan kunnskap i vinstprosessen kan føre galt av stad.

Kvinna og høna hennar

EI KVINNE hadde ei høne som varp eit egg om dagen. Kvinna funderte ofte på korleis ho skulle få høna til å leggje to egg om dagen i staden for eitt, og til sist bestemte ho seg for å gi den dobbelt så mykje bygg. Frå den dagen blei høna feit og fin, men la ikkje egg meir.

Uventa vanskar rammar glatt den urøynde.*

To froskar

TO FROSKAR budde i same dam. Då dammen tørka opp i sommarvarmen, forlét dei den og gav seg i veg saman for å finne ein ny heim. Mens dei gjekk av stad, fann dei ein djup brønn som var rikeleg forsynt med vatn. Då dei såg det, sa den eine frosken, "La oss klive ned og slå oss til i denne brønnen. Den kan gi både le og mat til oss."

Den andre frosken svara med stor aktsemd, "Sett om vatnet sviktar oss. Korleis kjem vi oss då ut av brønnen når den er så djup?"

Mykje kan bli surt om ein ikkje i forkant prøver å finne fram til mogelege følgjer.

SAMLINGA  

BØLGJE

Litteratur  

OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVARSFRÅSKRIVING: [LENKJE]
   © 2000–2009, Tormod Kinnes. [E-POST]