![]() |
Fablar av Esop og andre | ||||||||||||||||||
|
Sporven og harenEIN HARE som ei ørn hadde fakka, hulka og skreik mest som eit ørlite barn. Ein sporv klandra den, "Du som er så rapp på fot, korfor let du nokon ta deg?"Mens sporven kvitra og hoverte, blei den teken og drept av ein hauk. Haren trøsta sporven mens den døde: "Mi ulykke hoverte du berre over. No kan du kanskje lære å gremje deg over ei som liknar." Gjæsene og trananeGJÆSENE og tranane beita i same enga då ein fuglefangar kom for å fakke dei i netta sine. tranane var lette på vengene og rømde fort. Men gjæsene, som var tunge og trengte meir tid på å kome til vers, blei fakka.Mora, barnet og ulvenULVEN smaug seg rundt hushjørnet på jakt etter mat. Då han gjekk forbi eit opplyst vindauge, hørte han eit barn som skreik mens mora skjente og sa: "Hald opp å skrike, elles skal eg kaste deg ut av vindauget, og då kjem kanskje ulven og tek deg!"Ulven tenkte: "Dersom eg ventar her ei stund, så får eg kanskje ein godbit!" Så smaug han seg rundt huset att og venta berre på at barnet skulle begynne å skrike. Og då kvelden fall på og det blei mørkt, tok til barnet å skrike att. Ulven kraup heilt innunder vindauget og venta spent. Han hørte mora tale til barnet, men no var stemmen mild og blid: "Ikkje gråt, du kan då skjøne eg ikkje meinte det eg sa! Ulven skal aldri få ta deg!" Svolten og sint måtte ulven gå attende til skogs mens han skar tenner og sa til seg sjølv: "Slik går det når ein hører på folk som seier ein ting og meiner noko anna!" ♦ Tru ikkje alt du hører. Hanen og edelsteinenEIN hane som skrapa etter mat for seg sjølv og hønene sine, fann ein edelstein og sette i: "Om den som åtte deg hadde funne deg, og ikkje eg, ville han teke deg opp og halde deg like høgt i ære som før. Men for meg har det ikkje noko å seie at eg fann deg. Eg vil heller finne eit byggkorn enn ein edelstein."♦ Det ein kan leve på, det finn ein sikkert er godt. ♦ Kostelege ting er for dei som kan setje pris på dei. Fiskaren og garna hansEIN FISKER var både heldig og dyktig ein gong han sette garn, og fekk ei mengd med fisk. Med stor omhug halte han all den store fisken i land, men kunne ikkje hindre at mindre fisk gjekk gjennom maskane i garnet og ut att i sjøen.♦ Ein får ta kvar dag som den kjem, og kvart garn som det kjem også. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20002007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||