![]() |
Fablar av Esop og andre | ||||||||||||||||||
|
Ulven og lammetUlven stod og drakk av bekken. Då såg han eit lam som stod og drakk i bekken nedafor."Der er middagsmaten min. Eg får finne eit påskott til å ta det," tenkte den. Så ropte han nedetter til lammet: "Korleis kan du vere så omsynslaus? Du rotar i drikkevannet mitt og gjer det grumsete med dei skitne føtene dine!" "Orsak," sa lammet, "men korleis kan eg grumse til vatnet for deg når det renn oppe frå deg og ned til meg? Det er ikkje mogelig, det." "Nei no!" sa ulven. "Eg har fått nok av slikt frekt snakk! Det er ikkje meir enn eit år sia du var frekk og snakka stygt om meg førre gongen, og no svarer du frekt att!" "Det er berre det," sa lammet og skalv i faren. "Eg er berre eit halvt år. For eit år sia var eg ikkje født." "Kven bryr seg om slikt!" sa ulven. "Var det ikkje deg, så var det vel faren din! Og eg liker ikkje å bli motsagt før middag!" Utan fleire dikkedarar gjekk han laus på lammet og åt det. ♦ Alle slags påskott kan brukast av tyrannar. ♦ Mot Gamleirik nyttar det lite med gode kort og reint spel. Høna og svalaEIN HØNE fann egga til ein hoggorm og sette seg ned over dei for å halde dei varme og i live. Ei svale såg kva høna gjorde, og sa, "Det der er dumt. Korfor klekke ut mange ormar som vil skade alle og einkvar så snart dei veks fram, og begynne med deg?"♦ Eit godt spørsmål fortener eit svar. ♦ Ein lyt vel tenkje seg litt om før ein gjer noko annleis enn "gammalt og godt". Reven og storkenDet var ei tid då reven og storken gjesta kvarandre og verka som dei var venner. Reven baud den langnebba fuglen til middag. "Eg håper du ikkje har noko imot at vi et av same fat for å vise vennskap og tillit," sa den."Nei, slett ikkje," sa storken høflig. For skjemt sette reven fram ein brei, flatbotna bolle med tynn suppe mellom dei. "Ver så god, ta godt for deg og signe maten!" sa han, og så tok den til å lepje i seg suppa med den lange tunga si. Storken stod på dei lange beina sine og stakk det tynne nebbet ned i suppa, men fekk ikkje i seg så mykje før reven hadde drukke bollen tom. Det enda med at storken måtte gå heim like svolten som den kom, mens reven hadde ete seg mett. Nokre dagar etter var det storkens tur til å by reven til middag, og reven kom. "Vi storkane et også av det same fatet som gjestane våre. Er det greitt for deg?" Det var det, svarte reven. Storken sette fram suppe i ein tynn, langhalsa mugge med trong opning. "Ver så god, ta for deg!" sa den til reven, og stakk det lange nebbet sitt ned i muggen. "Ahh, åhh! Det smaker jammen godt!" Reven fekk ikkje snuten sin ned i muggen, han kunne berre kjenne suppelukta. "Men eg bør ikkje klage," sa han til seg sjølv då han gjekk heimover til skogen, like svolten som då han kom. "Det var jo eg som lærte storken den matskikken!" "Eg vil ikkje seie orsak for serveringa, eg heller," sa storken der han stod att, "for fantestreken til reven var den andre verdt." ♦ Den eine dårlege tenesta er den andre verdt, tenkjer mange. ♦ Der ein ikkje hører heime, sviktar nok anerkjenningane også etter kvart. Kaia og dueneEi kaie fekk sjå nokre duer i eit dueslag som var rikeleg utstyrt med mat, og mala seg kvit og slutta seg til dei for å leve godt som dei. Så lenge ho var taus, trudde duene ho var ein av dei og sleppte henne til. Men ein dag glømte kaia seg og begynte å seie "kjakk-kjakk" som den kråka ho var. Då skjøna duene at ho ikkje var som dei, og hakka henne vekk med hard bruk av nebba.Då kaia ikkje fekk mat hos duene lenger, vendte ho attende til dei andre kaiene. Men dei kjentes ikkje ved henne fordi ho var kvit, og irriterte dreiv dei henne ifrå seg. ♦ Når ein øver på å innordne seg, kan ein verke litt påteken. ♦ Ein skal ikkje gape over meir enn ein kan svelje. ♦ Til ein har funne rette stad og rette gruppe for seg, kan det kome kriser, ikkje minst skuldast dei slike som stengjer seg mot omverda. ♦ For ei god sak kan ein og annan godt finne seg i litt uhygge innleiingsvis, let det til. Kaia og revenEi halvt utsvelta kaie sette seg på eit pæretre som bar frukt heilt utafor årsida, og venta i håp om at pærene skulle bli modne. Ein rev som fekk sjå henne sitje der og skjøna korfor, sa til henne,"No narrar du deg sjølv. Håpet om godt i vente snyt deg. At desse pærene blir modne til vinteren kjem ikkje til å skje." ♦ Somme tre ber vinterpærer. ♦ Det er mangt å legge merke til i verda, mangt å forstå også. Litteratur BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20002007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||