NORSK DEL, GULLVEKTA

Fablar av Esop og andre

 13 › 1 › 29 SETT SEKSJON SPøRSMÅL SØK NETTSTADSIDENE FØRRE NESTE
RESERVASJONAR Fablar av Esop og andre 
– SAMLINGA
  1. Dådyret og bjørnen
  2. Hunden og haren
  3. Apene og dei to vandingsmennene
  4. Ørna og ramnen
  5. Kråka og ormen

Dådyret og bjørnen

Eit dådyr som blei forfølgd av jegerar, søkte ly i ei hole utan å vite det var ein bjørn i den. Bjørnen greip dådyret i svære labbar og reiv henne i stykke.

"Å stakkars, stakkars meg," skreik dådyret," korleis skal det no gå? Eg rømte frå menn og ved det kom eg i kjeften på eit villdyr!"

Det er ikkje alltid ein kan vente. Når ein blir jaga, lyt ein somtid berre springe frametter.

Skal ein unngå eitt vonde, skal ein passe seg så ein ikkje går til eit anna og enda verre.

Hunden og haren

Ein jakthund jaga opp ein hare i ei bakkeskråning og sprang etter den ei stund mens den somtid snappa etter den og somtid logra for den, som om den leika med ein annan hund.

Haren sa, "Eg skulle ønske du ville vere meir rett fram. Er du venn, korfor bite meg så hardt? Er du fiende, korfor logre til meg?"

Ein gjer jamt best i ikkje å gi seg til å diskutere metodar med den som jaktar på ein.

Den som vil granske andre sin karakter, kan verke mykje uvanleg på andre, og det kan ein og annan bli nøydt til å bøte hardt for.

Om du ikkje veit om du kan stole på eller mistru ein annan, kan det ikkje vere verkeleg vennskap mellom dykk.

Apene og dei to reisande

To menn vandra i lag, ein luring som fuska med sanninga, og ein kar som ikkje laug. På reisene sine kom dei til Apeland. Kongen i landet fekk høyre at to fremmende hadde komme til landet, og gav straks ordre om å hente dei til han.

For å imponere dei tok han imot dei mens han sat på eit trone og apene stod i lange rekkjer på kvar side. Då dei reisande kom framfor han, spurde han dei kva dei syntest om han som konge.

Luringen sa: "Konge, alle ser vel De er så edel og mektig som det går an."

"Og kva tykkjer De om undersåttane mine?" heldt apekongen fram.

"Dei ser ut til å vere verdt Dykk," sa luringen, aldri så lite underfundig.

Apa gledde seg slik over svara at den gav han ei flott gåve. Den andre vandringsmannen meinte då at når følgjesveinen hans hadde blitt lønna slik for snakket sitt, ville nok han sjølv bli lønna desto betre for likefram snakk. Så då apa snudde seg til han og sa, "Og kva er Dykkar meining?" svara han: "Til aper å vere er de flotte, tykkjer eg."

Apekongen blei så rasande over svaret at han gav ordre om å føre mannen vekk og klore han daud.

Der det er strengt, hjelper det somtid å ordleggje seg litt diplomatisk, og til andre tider tenkje ut nøye kva ein kjem med.

Ørna og ramnen

Ørna sat og prøvde å knekkje ei nøtt med nebben då ein ramn kom flygande og slo seg ned på same greina. Der sat den og såg håpefullt på den gode nøtta.

"Du får aldri knekt nøtta på den måten," sa han. "Dersom eg var deg. så ville eg fly så høgt mot sky som eg berre kunne, og så sleppe nøtta ned på fjellgrunn. Det er vel den beste måten å få tak i kjernen på."

Ørna gjorde som ramnen hadde sagt, og flaug så høgt at ho berre blei til ein prikk på den blå himmelen. så sleppte ho nøtta, og den fall og fall til den trefte bakken. Då hoppa ramnen kjapt ned frå greina og putta nøtta i nebben og forsvann. Då ørna omsider kom tilbake frå himmelferda si, låg det berre nokre nøtteskal att.

Kråka og ormen

Ei svolten kråke såg ein orm som låg og sov i ein solrik krok, flaug ned til den og greip den med nebb og klør. Ormen vrei og bukta seg og gav kråka eit dødeleg giftig bitt. Mens fuglen kjempa med døden, utbraut den: "Stakkars meg! Eg blei så glad over å finne nokon som snart øydela meg."

Fablar av Esop og andre – 
SAMLINGA
Fablar av Esop og andre - SLUTTBOLK

Fablar av Esop og andre - LITTERATUR  

Fablar av Esop og andre - OPP SETT ARKIVDEL NESTE

Fablar av Esop og andre BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, tilvisingar og meir. [LENKJE]
© 2000–2011, Tormod Kinnes [E-POST].  —  Ansvarsfråskriving: [LENKJE]