Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 17
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Hunden og muslingen
  2. Fiskarane og den kjempetunge steinen
  3. Ulven og geitekillingen
  4. Musene og bjøllekatten
  5. Grisepurka og ulven

Hunden og muslingen

Ein hund som var van til å ete egg, fekk auge på ein musling og opna kjeften på vidt gap for å sluke han heil og utan dikkedarar, for han trudde muslingen var eit egg. Kort etter at hunden hadde gulpa ned muslingen, fekk han fæl mageverk. Då sa han: "Au, åå! Det var for dumt å gå ut frå at alt som er rundt er egg."

Dei som handlar utan å tenke seg om, hamnar ofte i uventa farar.

Fiskarane og steinen i garnet*

Nokre fiskarar drog opp garnet sitt mens dei jubla av glede, for garnet var uvanleg tungt, og dei trudde dei hadde fått rik fangst. Men då dei hadde hala garnet inn til stranda, fann dei berre ein stor, tung stein i garnet. Då blei dei skuffa, for dei hadde venta ein rikeleg fangst, og så var det ikkje meir enn litt småfisk i garnet utanom steinen.

Men ein tilårskommen kar iblant dei sa: "Vennar, la oss ikkje ta det leie kastet for tungt, for det går opp og ned her i verda, som heisføraren sa."

Ulven og geitekillingen

Det var sommartid, og geiteflokken var i fjellet. Men den vesle geitekillingen hadde rota seg bort og sprang omkring og mekra etter mora mens sola held på å gå ned. Då kom ulven. Han sikla etter å ete han opp då killingen bad så pent for seg:

"Vent litt då", sa han; "Eg vil gjerne danse ein dans før eg døyr, om du vil synge for meg!"

"Dans då", sa ulven og tok til å pese og ule.

Geiteflokken var i ferd med å gå heimetter i kveldsstilla. Buhundane høyrde ulinga og kom springande, og då sanna ulven for seint at han hadde blitt lurt. Så blei det slutt på ulinga og farvel for ulven. Men killingen dansa, og er han ikkje daud, så dansar han nok litt enno.

Musene og bjøllekatten

Musene kom ein gong saman og rådslo om kva dei kunne gjere for å bli fri for katten. Han var så lei og hard mot dei og låg på lur både tidleg og seint. Dei levde støtt i frykt for dei kvasse klørne hans, så dei nesten ikkje våga seg ifrå musebolet verken natt eller dag. Dei snakka fram og tilbake, men ingen kunne finne ein utveg. Då sa ei lita mus at dei trong jo berre hengje ei bjølle på katten, og dermed høyrde dei av bjølla når han kom, og kunne springe unna i god tid.

"Ja!" peip småmusene oppglødde og hoppa og dansa og rende i koll, så glade blei dei.

Men midt i jubelen reiste ei gammal mus seg og sa: "Planen er god, men kven skal henge bjølla på katten?"

Det var det ingen som kunne tenke seg.

Det er skil på å seie at noko bør gjerast og å gjere det.

Grisepurka og ulven

"God dag, mor. Er det noko eg kan hjelpe deg med?" sa ulven og stakk snuten inn gjennom gluggen til ei grisepurke som nettopp hadde fått ungar.

"Nei takk, nei takk", grynta purka og var redd for dei små.

"Men du har det ikkje så greitt, ser eg", sa ulven. "Mange ungar og ingen til å passe dei. Eg kunne jo vere barnejente hos deg . . ."

"Du skal elles ha mange takk", sa purka, "men vil du gjere meg ei teneste, så kom deg vekk herifrå jo før jo heller, så eg får vere i fred med ungane mine."

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2000–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]