Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 18
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Kråka og vasskrukka
  2. Mauren og grashoppa
  3. Gjetarguten og ulven
  4. Den strigla hesten og stallguten
  5. Hjorten og kjerret

Kråka og vasskrukka

Det hadde vore tørt i vêret i lang tid, og ei kråke heldt på å døy av tørst. Så fann ho ei krukke med litt vatn i, men det var ikkje lett å komme til for kråka, for krukka var høg og hadde smal hals. Kråka prøvde på mange vis. Først ville ho velte krukka, men det orka ho ikkje. Så ville ho hakke sund krukka, men det greidde ho ikkje.

Då fekk ho ein lys idé. Ho tok mange småstein og sleppte oppi krukka ein etter ein. For kvar stein steig vatnet litt, og til sist var vatnet høgt nok til at ho kunne drikke seg utørst frå krukka.

I ei klemme kan kløktig bruk av hovudet kanskje hjelpe oss.

Kråka er ein oppvakt fugl. (Sjå Wikipedia-artikkelen "Kråke".)

Mauren og grashoppa

Ei grashoppe hadde sunge og mora seg heile sommaren, men då vinteren kom, eigde ho ikkje matsmulen i huset. Så banka ho på hos mauren og spurde om han hadde litt mat å låne ho.

"Kva? Samla du ikkje mat for vinteren i sommar då?" sa mauren.

"Eg hadde så lite tid til slikt, for eg song og spela i enga, natt og dag. Og før eg visste ordet av det, var sommaren vekk", svarte grashoppa.

"Har du sunge deg gjennom sommaren, får du danse deg gjennom vinteren", sa mauren uhøfleg og kravla inn i tua si att og slo att døra.

Lær son din å arbeide klokt og halde fram så det blir heim og føde.

Det kan vere ei tid for spel og morosam leik, og også ei tid for kunnig, stødig arbeid.

Gjetarguten og ulven

Ein gut gjekk i skogen over bygda si og gjette sauar. Fordi han tok til å bli lei og kei av gjetinga, gav han seg til å hoie og hauke som om ulven var på ferde. "Ulv! Ulv!" skreik han og kom springande til bygds. Snart kom folk settande frå bygda og arbeidet sitt for å redde sauane. Guten lo fordi han hadde narra dei, og spela dei det same pusset to gongar til.

Men så ein dag i kveldinga kom verkeleg ulven farande fram ifrå krattet og ville ha lam. Då skreik gjetarguten av all makt: "Hjelp, hjelp! Ulven er her!"

Folk i bygda høyrde han godt, men sa: "Han skal ikkje lure oss igjen." Ingen kom springande for å hjelpe, same kor høgt han skreik, så ulven fekk drepe mange av dei finaste lamma før han glei inn i skuggane i skogen att.

For den som ofte lyg og narrar, bygg det seg vel opp mistru etter kvart.

Den strigla hesten og stallguten

Det var ein gong ein stallgut som stal havre frå hesten. Havren selde han og fekk mange pengar for, mens hesten blei strigla både tidleg og seint så han skulle sjå blank og fin ut.

Men hesten blei til sist lei denne all striglinga, og sa til guten: "Er det slik at du vil ha meg blank og fin, så gi meg mindre strigling og meir havre."

Hjorten og kjerret

Hjorten kom settande som ein vind, med jegeren noko bak. Fort smatt hjorten inn i eit kratt der han var heilt løynd av blad. Der stod han godt gøymt. Jegeren leitte mange stadar, men fann ikkje hjorten. Jegeren gav seg då på heimveg, men hadde ikkje gått langt før han høyrde noko rasle. Det var hjorten som åt blad. Straks etter låg han dødeleg såra. Då angra han at han hadde byrja å ete av blada som hadde gøymt han så godt.

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]