Gullvekta
Esopsfablar  ❀ 19
Seksjon › 31   Sett    Søk   Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar    Innhald     

  1. Furua og tornebuska
  2. Krabben og ungen hennar
  3. Hesten, hjorten og bonden
  4. Hjortestasen
  5. Kua og padda

Furua og tornebuska

Høg og byrg stod furua på ein knaus og såg ut over dei andre trea i skogen rundt. Nede ved rota hennar stod ein tornebuske, og ho gav seg i prat med furua:

"Kva er det du tenkjer på, som støtt står så høg og tjukk?" spurde tornebusken.

"Å, eg har mykje å fundere på, eg", sa furua. "Kanskje kjem eg ein gong til å bu i slott, eller segle som skipsmast omkring på hava. Men du, din stakkar, får stå der du står, for ingen bryr seg om deg."

"Det finst no dei som held av meg også", sa tornebusken, og tenkte på ungdom som pynta seg med rosene hans. "Men om det ikkje er så mange som treng meg, så er det heller ikkje så mange som vil ha meg med hud og hår", svarte han.

I det same kom ein tømmerhoggar og sette øksa i furuleggen for å hogge opp furua til famneved. Då sa tornebusken til fura: "No tenkjer eg du gjerne ville bytta med meg."

Først ettertrakta og kanskje til nytte, og etter kvart oppbrukt - det er vegen mang ein lir under i lang, lang tid. Grantreet av H. C. Andersen gnir det inn.

Krabben og ungen hennar

Ei krabbemor ville lære ungen sin å gå. "Du går på skeive, barn. Gå rett fram!" sa krabbemora.

Ungen høyrde ikkje større på ho, men sa: "Gå føre og vis meg korleis eg skal gjere det, så gjer eg etter."

Krabbemora prøvde fleire gongar å gå rett fram, men ho evna berre å gå sidelengs, presis som sonen sin. Forsøka hennar stranda då snubla og fall på nasen.

Eit godt føredøme i rette tid har mykje for seg, og ofte er det også slik at "Som gamle syng føre, kvitrar unge etter."

Krabbane går på skeive, både unge og gamle.

Hesten, hjorten og bonden

I retteleg gamle dagar, då hesten verken kjente band eller beksel, men beita alt han makta og hadde det godt, kom hjorten og stal litt av maten hans.

Hesten blei harm og klaga til ein bonde som ganske nyss hadde komme dit til trakta. Bonden lovde å hjelpe dersom hesten ville gjere som bonden sa, og det lovde hesten. Dermed fekk hesten beksel i kjeften og sal på ryggen, og det bar av stad med bonden i salen.

Han rei ned hjorten, og hesten vrinska av glede og såg fram til å vende tilbake til fridommen i skog og mark. Men mannen tok han i staden heim til garden sin, spente han for plog og horv og laut han slite for bonden frå då av.

Hjortestasen

Hjorten stod og spegla seg i glasklart vatnet.

"For nokre gilde takkar eg har!" sa han; men så fekk han auge på dei lange, tynne beina sine, og skamma seg djupt.

"Uff, slike lange, tynne bein!" sa han. "Og eg som har slike fantastiske horn med taggar!"

Han hadde ikkje før sagt det, så blei det slik larm og leven av bikkjer som gøydde og hestar som trampa og jegerar som bles i horn. Hjorten sprang så fort som ein vind inn i skogen, heilt til horna og takkane sette seg fast i ei grein og stansa han i farten.

Hundane kom til, og jegerane også. Hjorten sansa med eitt at beina han hadde skamma seg over, ville ha berga han om det ikkje var for stasen han bar på hovudet. Dei store takkane hadde ført han til fall.

Det som er uvurderleg, kan bli undervurdert.

Stas som blir synt fram, er ettertrakta av tjuvar også.

Det blir feil å sjå ned på det nyttige og berre halde av stas.

Kua og padda

Kua beita i enga og blei med tida stor og diger. Nedi graset sat padda og glodde.

"Eg kunne nok bli like diger som deg om eg berre ville", meinte padda.

Kua vørde det ikkje, men heldt fram å beite og jorte gras.

Då bles padda seg opp til auga bula ut. "Er eg ikkje like stor no?" ropte ho til kameraten bakom grastorva.

"Nei ikkje enno!"

Padda pusta seg opp enda meir, og spurde igjen: "Enn no då?"

"Å, du får puste deg opp litt til."

Det gjorde padda, men då sprakk ho.

"Ein skal ikkje skreve vidare enn buksene kan halde." (Ordsprøk)

  Innhald  


Bøker      

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar.    Seksjon     Sett    Neste

Fablar av Esop og andre, såkalla esopsfablar, &æsopsfablar. Brukargaid  ᴥ  Ansvarsfråskriving
© 2013–2019, Tormod Kinnes. [E‑post]