![]() |
Lette eventyr og andre eventyr | ||||||||||||||||||
|
To slags sønerEIN RIK engelsk adelsmann skjøna at tida hans var over, kalla han til seg dei tre sønene sine og sa at den som heldt mest av faren sin, skulle arve alle rikdommane hans. Få dagar etter var mannen død og gravlagt. Men då arven skulle overførast til ein av sønene, kunne dei ikkje bli samde om kven som skulle ha den, for kvar sa at han var den som heldt mest av faren.Saka blei bringa fram for den lærde Roger Bacon. Han kalla dei tre brørne til seg og spurde om dei ville leggje avgjerda i hendene hans. Brørne sa at det var ei ære for dei at ein kjendis som han ville dømme mellom dei, og at dei ville overlate til han å avgjere saka etter beste skjøn. Då let Roger Bacon hente liket av faren deira opp av gravstaden under kyrkjegolvet og fekk det stilt opp mot ein mur. Så gav han dei tre sønene pil og boge og sa: "Eg ser ein utveg til å løyse denne striden. Eg har derfor late liket til far dykkar hente og fått det stilt opp mot denne muren. No skyt de ei pil kvar, og den som treff nærast hjertet skal arve alle rikdommane og alt jordegodset hans. Dei to eldste brørne skaut fyrst, og begge trefte kroppen, men ikkje hjertet. Då sa den yngste: "Eg vil heller avstå frå arveretten min enn å skjende liket." Då dømde Roger Bacon slik: "Du skal arve rikdommane og jordegodset, for du kan ha elska faren din høgast." Gull og tullEIN RÅKALD vintermorgon kom tre landsknektar gåande, gåande langs ein landeveg i Aust-Frankrike. Dei var heilt pengelens etter å ha vore med i den burgundiske krigen, og hadde ikkje anna krigsbytte med seg enn ei erobra fane og skrammer i fjes og nevar. No søkte dei ny teneste. Då møtte de kjellarmeisteren i Benediktinarklosteret. Han kom ridande heimover med reiseskrinet fylt til randa av hundre tusen i gullpengar som var kravd inn frå forpaktarane til klosteret.Landsknektane stogga pateren og bad han fromt om nokre skillingar til mat, for magane knurra og fottøyet var gjennomvått av snøslaps. Men den geistlege svara at han ikkje hadde eitt øre på seg, og at reiseskrinet berre inneheldt nokre brev. Då greip ein av dei tre hesten i bekselet, og dei to andre lempa klostermannen ned på vegen. Leiaren for knektane sa: "Sia vi alle er like pengelens så la oss knele ned og be inderleg og audmjukt om å skikke oss ei almisse, gjerne i reiseskrinet til den geistlege vennen vår." Kjellarmeisteren laut knele i snøslapset mellom dei tre skjeggja og lasete knektane og be med dei. Så reiste alle fire seg og banka snøen av kleda og leiaren opna reiseskrinet, og sjå: I skrinet låg hundre tusen i blanke gullpengar. Dei tre knektane takka himmelen for mirakelet og godleiken, og leiaren bad dei to andre om å telje opp gullet og stable det i fire haugar "Nei, nei," ropte kjellarmeisteren og prøvde å trengje seg fram. "Pengane var i skrinet før vi knelte og bad! " "Styr munnen din!" sa leiaren mens han heldt mannen attende med armen og såg på gullstablane etter kvart som dei voks. "I skrinet var det berre nokre brev. Det har vi ditt eige ord på. Her skal delast likt, ein firedel til kvar." Han rekte den geistlege hans del av gullet, og det tjuefem tusen. Så takka dei tre kameratane enda ein gong himmelen, lykkønskte kjellarmeisteren med delen hans i gåva og forsvann syngjande i skogen. Få ord, ikkje forknyttEIN GONG for åtte-ni hundre år sidan, kom ei ung sarasenarinne (arabarkvinne) ned til hamna i ein by i Palestina. Ho var kledd i arabiske klede, og fjeset var løynd bak eit tett slør, bortsett frå dei mørke auga hennar.I hamna låg eit skip. Kvinna gjekk bort til ein sjømann frå det og spurde: "London"? Men mannen rista på hovudet hovudet og sa noe på utanlandsk. Då gjekk kvinna tilbake gjennom byen og opp til ein varde. Der sette ho seg slik at ho såg ut over havet. Og fyrst då mørket fall på la ho seg ned, let att dei mørke auga og sov. Natta gjekk, sola rann, og larmen frå hamna steig opp til kvinna. Men ho såg alltid ut over havet mot vest. Kvar båt som kom, blei møtt med det same spørsmålet, "London?", og kvar den som spurt, rista på hovudet og sa noko uskjønelig. Men dei mørke auga heldt fram å speide, og ho heldt fram å spørje, og til sist ein dag fekk ho napp med "London"? Skipperen ho spurde førde henne om bord og under dekk. Då han kom opp att, baud han mennene sine å spørje alle dei møtte i byen kven kvinna var. Ingen kjende araberkvinna, men ho let til å vere av høg ætt. Så heiste dei storseglet, hala inn ankeret og glei ut av hamna. På dekk stod kvinna med ryggen til land og såg mot vest. Men ein morgon lyte skipperen handa og peikte mot ei grå-kvit stripe i nord, og sa: "London". Då lyste augene hennar opp ein heil del. Neste morgon låg skipet for anker i London-hamna. Ein båt bringa kvinna i land. Ho stansa den fyrste ho møtte med "Gilbert"? Mannen rista på hovudet. Så stansa ho den neste og neste og spurde "Gilbert"? likeins. Den tredje sa, "Det er tusenvis som heiter Gilbert i London." Då mørket braut fram, fann den mørkauga kvinna ly under ein mur. Ei kvinne kom til henne med mat, men ho åt ingenting. I grålysninga var ho ute på gata att og spurde: "Gilbert"? Menneske flokka seg omkring henne. Då trengte ein mann seg fram gjennom hopen og ropte: "Gilbert! Det må vere korsfararen Gilbert Becket som vende attende frå sarasenarlanda! " "Ja," sa ein annan. Becket blei fanga av dei edle sarasenarane og blei sleppt fri av dotter til emiren." No bruste snart ropet "Gilbert Becket!" langs heile Themsenbreidda, og nådde huset der Gilbert Becket budde. I lag med væpna tenarar kom han ridande gjennom folkestimen. Då såg han kvinna og bøygde hovudet for henne. Ved sida av han rei ho så gjennom porten til huset hans, dit ladda kjærleik hadde ført henne ved hjelp av to ord. ♦ Kor ofte får ein gratis skyss og god behandling med gode ord aleine?
BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE] © 20012007, Tormod Kinnes. [E-POST] | ||||||||||||||||||