NORSK DEL, GULLVEKTA  

Lette eventyr og andre eventyr

 13 › 1 › 25

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Å bli gammal

DET VAR ein gong ein mann som var så gammal at knea skalv som ospelauv under han. Når han sat ved bordet for å ete, uffa sonen og sonekona seg over han, og derfor måtte den gamle få maten på eit leirfat ved sidan av bordet, og det var den dårlegaste maten, og så lite at han ikkje ein gong blei mett. Han såg på bordet der dei andre enno åt, og skalv så leirfatet fall i golvet og gjekk i knas. Den unge kona blei rasande og kjøpte då ein tretallerken til han for nokre øre.
      Ein dag dei sat og åt, spikka den vesle guten på ei trefjøl i rommet. "Kva lagar du der?" spurde faren.
      "Eg lagar eit lite trau til dykk," svarte guten.
      Då såg mannen og kona på kvarandre, og så henta dei straks den gamle bestefaren til bordet, og frå no av åt han med dei. Når han sølte, skjente dei ikkje, etter beste evne.
     ♦ Det er ikkje alt tungt ein kan kjøpe seg frå med hell.


Graskarfjellet

Dette hende for så mange år sia at ikkje nokon lenger veit kor. Men ein stad låg ei bygd, og bak bygda låg eit fjell som såg ut som eit kjempestort graskar. Derfor kalla folk i bygda det også for Graskarfjellet.
      Der Graskarfjellet låg, hadde det tidlegare vore ei vanleg slette. Den gongen budde det ein ung gut i bygda på sletta. Han heitte Liu Ba-yue. Det var ein snill og flittig gut med eit godt hjerte, men han åtte ingenting. Hans far hadde ein gong ått ein åker, men den hadde godsherren lurt frå han. No levde guten av å samle ris og kvistar i skogen, og veden tok han med seg til bygda. Fordi han var så fattig og ikkje åtte anna enn ei gammal hytte og dei to flittige hendene sine, hadde folk gitt han tilnamnet Armingen.
      Men Armingen gjorde ikkje noko av at han ikkje åtte noko. Når han var glad og munter, og det var han ofte, spela han på ei fløyte som han hadde laga av eit siv, og han kunne vakre melodiar.
      Ein dag då han kom sliten og trøytt heim frå det tunge arbeidet sitt la han seg og sovna djupt. Med eitt gjekk døra opp, og inn kom ein svært gammal mann, som støtta seg til ein stokk. Han gjekk bort til guten, og sa vennleg: "Eg har teke med ei tryllefløyte til deg. Den er laga av bambus. Pass no på at du berre bruker den til det gode!"
      Før guten fekk summa seg og takket for gåva, var den gamle mannen borte. Guten kom sakte til seg sjølv og trudde at han hadde drøm det heile. Men kva var dette? Han sat jo og heldt ei bambusfløyte i handa!
      Han sette den for munnen med det same og spelte ein munter melodi. Han blei reint varm om hjertet av den vakre klangen, og straks blei han glad og lystig til sinns.
      Frå no av hadde guten fløyta med seg overalt, og han spela for alle som hadde lyst til å høyre på. Når han spela ein glad melodi, var det som om fløyta lo så dei trilla, fuglane i trea slo også triller, maurane slo takta med følehorna, og sjølv det suraste menneske måtte smile. Guten måtte mange gonger tenkje på kor einsam han var, og då gret fløyta med så sørgmodig stemme at blomane lukka seg, fuglane tagde og folk fekk tårer i auga.
      Framfor hytta der guten budde låg det ein dam med ein blank vasspegel. Rundt dammen var det enger på alle kantar, og i dammen var det småfisk. Ein dag då guten kom heim frå skogen, såg han at barna frå bygda leika ved dammen.
      Med eitt trekte ein av dei gladaste smågutane ein fisk opp av vatnet. Barna hoppa av fryd og stimla saman om han. Liu-Ba gjekk bort til dei, og då var det som om hjertet stivna i brystet på han. Ei stakkars karpe baksa og slo med halen og snappa fortvilt etter luft.
      "La fisken vere!" ropte Liu-Ba.
      "Nei!" ropte gutane, "det er då fint at vi har fanga ein fisk!" Men etter ei stund sa dei: "Vi skal kaste den ut att dersom du vil spele for oss . . ."
      Liu-Ba tok fisken, kasta den ut i vatnet og sette fløyta for munnen. Barna hoppa omkring og dansa og song til fløytespelet.
      Neste dag gjekk Liu-Ba ned til dammen for å vaske seg. Då fekk han sjå at vasspegelen krusa seg, og karpa stakk hovudet opp. I munnen heldt den eit graskarfrø. Fisken sumde bort til breidda og spytta frøet ut på sanden framfor Liu-Ba, og så forsvann den i vatnet att.
      Liu-Ba var glad for gåva, tok frøet med seg heim og planta det ved huset sitt. Snart spirde små fine blad opp av bakken, og etter nokre dagar kom det ein ven blom. Liu-Ba vatna planten omhyggeleg og regelmessig og sette opp ein blomsterpinne så planten kunne klatre litt opp frå bakken. Så visna blomen, eit lite graskar voks fram, og det blei større og større. Då det tok til å bli modent etter nokre månader, var det blitt så svært at ingen kunne hugse å ha sett maken til graskar. Folk kom langveges frå for å sjå på det, og Liu-Ba hadde stor glede av den svære frukta.
      Ein varm kveld blei han sitjande ei stund utafor huset sitt. Før han visste ordet av det, var det blitt mørk natt. Det svære graskaret svaia sakte fram og tilbake i måneskinet. Liu-Ba lena seg mot gjerdet såg opp på månen, tok fram fløyta og tok til å spele.
      Då opna graskaret seg der borte i skuggen, og ut kom ei ung jente. Liu-Ba trudde han drøymde og gnei seg i auga, men skuggen av jenta der borte ved graskaret forsvann ikkje. Derfor reiste han seg og gjekk sakte og nølande bortover mot graskaret.
      Borte ved hagegjerdet stod ei heilt ung jente og smilte til han, vakkert som ein vårblom. Der det svære graskaret hadde vekst, låg det berre eit tomt skal på bakken.
      Så høyrde han ei stille stemme i mørket: "Kva er det du er redd for? Kom nærare!"
      "Kor kjem du frå?" kviskra Liu-Ba forundra.
      Jenta lo ein glad latter. "Eg blei født av graskarfrøet, og dei kallar meg Graskarjenta. Takk for at du har stelt så pent med meg heile tida. Vil du, kan eg gjerne bli kona di."
      Liu-Ba blei heilt ute av seg av glede. Dei to bøygde seg djupt for himmelen og jorda, og så feira dei bryllaup.
      Dei to levde i kjærleik og lukke saman i den vesle hytta. Liu-Ba gjekk kvar dag ut i skogen for å sanke ved, og når han kom heim, stod Graskarjenta smilande på terskelen og venta på han.
      Ein dag hende det at ein av embetsmennene til keisaren kom reisande gjennom bygda. Han fekk auge på Graskarjenta og blei ganske forbløffa over kor ven ho var. Då han kom tilbake til keisarslottet, skildra han henne så oppglødd at keisaren straks gav pålegg om at ho skulle hentast, den jenta ville han ha som konkubine.
      Gardistar frå keisaren kom til bygda og fortalde Graskarjenta om kva keisaren forlanga. Liu-Ba gjekk nesten frå forstanden av fortviling.
      Men Graskarjenta smilte til han og sa: "Ver ikkje redd, hald opp å gråte! La meg få med meg skala til graskaret min, og når det er gått sju gonger> sju dagar, skal du reise etter meg til slottet."
      Gardistane greip Graskarjenta og førde henne til den lokale embetsmannen som overgav henne til prefekten, som førde henne til keisaren.
      Hjertet til keisaren tok til å hamre vilt då han fekk sjå den vedunderleg vakre jenta.
      "Vil du vere her hos meg?" spurde han.
      "Ja," sa Graskarjenta og nikka. "Men slottet ditt er eg ikkje særleg glad i."
      "Kva er det du seier!" spurde keisaren forundra. "Det finst ikkje vakrare slott i heile landet. Eller kanskje du veit om noko som er penare?"
      "Ja," sa Graskarjenta. "Sju gonger sju dagsreiser austover herifrå> ligg Krystallpalasset, og det er bygd for ingen ringare enn jadekeisaren, himmelen sin sanne son. Den som ikkje er himmelen sin sanne son kan ikkje sjå palasset i det heile."
      Keisaren kunne ikkje styre seg, men bestemte seg for straks å leggje i veg mot aust med heile følgjet sitt og med Graskarjenta som vegvisar.
      Då dei hadde reist i sju gonger sju dagar, kasta Graskarjenta graskarskala på marka og sa: "Gjer deg om til eit krystallpalass!"
      I det same stod det eit palass framfor keisaren, og det skein og glitra. Keisaren gjekk inn med heile følgjet sitt.
      I det same blei palasset som oppslukt av jorda. Neste dag stod det på same stad eit høgt fjell som hadde form som eit graskar, og inne i dette fjellet var keisaren og følgjet hans forsvunne for alltid.
      Imens hadde Liu-Ba gjort som Graskarjenta hadde bedt han om. Etter sju gonger sju dagar drog han av garde til keisarslottet, og der gjekk han inn den opne døra. Han såg verken keisaren eller nokon av følgjet hans. Berre Graskarjenta kom imot han, heilt aleine.
      Etterpå levde dei lenge og lukkelege i bygda. Og fjellet som hadde oppslukt keisaren og hoffet hans, fekk namnet Graskarfjellet. Det gjorde vel det.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2007, Tormod Kinnes. [E-POST]