![]() |
Færøyiske ordspråk på norsk og færøyisk | ||||||||||||||||||||||
|
Færøyiske ordtak
Slik som høns legg egg, verper dei kloke likande tankar. Somtid ved å spele metaforisk på slikt ein har omkring seg i naturen og kulturen. Her er over sytti færøyiske ordtak i utval. Ordtak som er merkt med stjerne (asterisk, *) kan vere likeverdige med original-ordtaka. - Tormod Kinnes
Ingen strekker seg lengre enn armane rekk.
Lån skal kome leande heim (tilbake).
Blind er boklaus mann.
Det er alltid eitkvart i vegen med eit vondt barn.
Båtlaus mann er bunden.
Kråka tykkjer best om sine eigne ungar.*
Når musa er mett, er mjølet beiskt.
Knivlaus mann er livlaus mann. Kjem det først ein danske i stova, kjem det vel fleire etter. Det som er dårleg dikta, blir dårleg sunge.
Barnet græt ikkje så lenge det får viljen sin.
Brent barn ottast elden.
Ofte bur falsk under fagert skinn.
Betre å vere god manns frille enn gift ille.
Ofte får ein ilt av hastverk.
Betre er småfisk enn tomme fat. Han som ror utpå ofte, får nok fisk til sist.
Fram kjem den som fer høveleg (el. med lempe).
Sjølvgjort er velgjort.
Betre å leive litt enn å ete overlag mykje.
Når ølet går inn, går vettet ut [Håvamål, v.
12].
Galne hunder får rive skinn.
Små fuglar legg små egg. Lammeull er Færøygull.
Gamle ramnar er ikkje lette å lure.
Det er nok vanskjebner i mest kvar slekt.*
Den som ikkje et seg mett, sleikjer seg ikkje mett.
Det finst vel gode glør etter god eld.*
Til eigen herre å vere blir ein født, og ikkje gjødd.
Tjuven trur at kvar mann stel.
Levande mann er det godt å vente på.
Som ein eldest argast ein.
Som ein reier skal ein liggje.
Ingen skal ete annans matbite. Ein skal sjå gjesten ut om ein vil sjå han att.
Ting går ikkje alltid som planlagt.
Gamle er gode til å rådgi.*
Mange små bekkar blir det store elvar av.
Småbåtar seglar, så vel som skip.
Den som spottar andre, blir sjølv spotta.
Tungt er gammal manns fall.
Det er ikkje lett å byggje båtbord for båra.
Det er mange som kan bere på begge skuldrane.
Gamle venner og gamle geiter skal ingen gløyme.
Har det gått eit skred er eit anna i vente. Mange er død manns arvingar, men ikkje den dødes brør.br> Mangur er deyðs manns arvingi og ikki er deyðs manns bróðir.
Togn (teiing) kjem ikkje til tinget.
Det er betre å lokke to fuglar til reiret enn ein.
Ikkje noko er så ilt at det ikkje er godt for eitkvart.
Han fell som er feig.
Den som eig kua, går like ved halen.
Den som ikkje vågar eitkvart, vinn ikkje noko.
Den som rir fremst, styrer farten.
Alt er betre enn ingenting å eige.
Heime-ala er borte-gala.*
Betre å eige sjølv enn å be bror sin.
Hør om andre, men hygg godt for deg sjølv.
Hunden er som herren sin.
Det går godt å symje om nokon held hovudet ditt over vatnet.
Det er vondt å måtte stole på andre.
Ivrig dog får ofte rive skinn.
Høgt kall gir høgt fall.
Den får bør som ventar, og hamn som ror.
Det er best å spørje sjølvberga mann.
Det er ille å binde hund ved smørstamp.
Den blinde bad den nakne leie seg.
Sjølvskaffa mat er søt.
Det er ei dårleg mus som ikkje har meir enn eitt hol.
Det er ikkje bakstedag kvar dag.
Ein kan leie stuten til elva, men å tigge den får den ikkje til å
drikke.
Det er ein dårleg fugl som skit i eige reir.
Betre føre var enn etter snar.
Tida renn som straumen i elva.
Ei kjelde: Young, G. V. C. and Cynthia R. Clewer, comps. Føroysk-ensk orðabók = Faroese-English
Dictionary. Peel, Isle of Man: Mansk-Svenska Publishing, 1985. BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE] © 20052009, Tormod Kinnes. [E-POST] Ansvarsfråskriving: [LENKJE] | ||||||||||||||||||||||