NORSK DEL, GULLVEKTA  

Islandske ordspråk på norsk og islandsk

 13 › 2 › 8

SETT
ARKIVSEKSJON
ØVST PÅ KARTET
SØK NETTSTADSIDENE

VENSTRE STOLPEBREIDD
 
RESERVASJONAR   FØRRE SAMLINGA NESTE




Ordsprog fra Island, islandske ordtak ordspråk
"Det er mangt slags folk som siglar over havet [Islandsk]."
Island ligg på en geologisk varm flekk i havet vest for Noreg. Island har ei gammal lovgivande forsamling, Alltinget, som blei starta i 930 AD. Tynwald på Man i Irskesjøen er enda eldre.
      Etter 300 år som uavhengig blei Island med i Noregsveldet på 1200-talet, og kom seinare under Danmark, korleis det nå kunne ha seg! Island blei heilt uavhengig i 1944, og har nesten 300.000 innbyggjarar. Dei er ei blanding av etterkommarane av norrøne sjøfarar og keltarar.
      Island er fleire øyer. Den største av dei er den 18. største øya i verda, med våte og kjølege somrar, vulkanar, bukter og fjordarmer, varme kjelder, og flinke små ponniar til rideturer inn i fjellheimen som dominerer det meste av landet. Folket er ikkje lesesky, men i litterær verdsklasse. Talespråket stammar frå norrønt. Islendingar skreiv og tok vare på norrøne skrifter.
      Ordspråka frå sagaøya er for det meste frå gamle soger. Utveljing og omsetjing (tilnærming) er ved - T. Kinnes


Islandske ordtak

Dei som blir prist i dei høgste tonane skuffar meg mest. [Grettis]
- Ofleyfingjarnir bregðask mér mest.

Dei som blir rekna for gode, liknar kvarandre i mykje. [Grettis]
- Mart er líkt með þeim sem góðir þykjast.

Det er ein sterk mann å hale reip med (om noko svært vanskeleg). [Njåls saga]
- (Þar er) við ramman reip at draga.

Det er godt (best) å køyre heim med ei heil [uskadd] vogn. [Egils]
- Gott (bezt) heilum vagni heim at aka.

Det er leitt for den som lever i eit fremmend land. [Njåls saga]
- Ilt er þeim er á ólandi er alinn.

Det er mange slags folk som siglar over havet. [Eyrbyggja]
- Margir eru marlíðendr.

Det er venn som åtvarar. (Den er ein venn som åtvarar ein mot det vonde). [Grettis]
- Vinr er sás vörnuð býðr.

Det finst ofte eit troll (trollkvinne) i fagert skinn (lekam). [Eyrbyggja]
- Opt er flagð í fögru skinni.

Det hender mange som ein minst ventar. [Grettis]
- Verðr þat er varir ok svá hitt er eigi varir.

Det som involverer dei som er nær oss, involverer også oss sjølve. [Njåls saga]
- What involves those close to us involves us as well. [Njåls saga]

Ein skal ikkje be lenge om lite. Aasen: "Det er leitt å be lenge om lite." [Njåls saga]
- Eigi skal lengi lítils biðja.

Eitt er lykke, eit anna er dugleik (kraft). Alternativ: Eitt er hell, eit anna dugleik. [Grettis]
- Sitt er hvárt gæfa eða görvileikr.

Gåve ventar gjengjeld. [Med Gislas]
- Æ sér til gildis gjöf el. æ sér gjöf til gjalda.

Ikkje avgjør (viser) utsjånaden dei gode eigenskapane. [Njåls saga]
- Eigi deilir litr kosti. [Abr.]

Ingen er overlag dum om han kan teie. [Grettis]
- Engi er allheimskr ef þegja má.

Ingen får erstatning for ein son utan at han avlar ein sjølv.
- Mangi getr sonar iðgjöld nema sjalfr ali.

Kalde (fiendtlege) er (ofte) kvinners råd (planar), [Njåls saga]
- (Opt) eru köld kvenna ráð.

Mange er vanskelege å sjå gjennom. [Grettis]
- Vandsénir eru margir.

Mange går til eit geitefjøs for å krevje (få) ull. [Grettis]
- Margr ferr í geitarhús ullar at biðja.

No har ein site [vore] så lenge det var mogeleg. [Eyrbyggja]
- Setit er meðan sætt er.

Pengane er fjernare enn livet, først (berge) livet som det viktigaste. [Njåls saga]
- Er fé fjörvi firra.

Ugyldige er den mindreårige sine ord. [Gislas]
- Ómæt [eru] ómaga orð.

Vondt kjem av og til av mangel på etterklokskap. [Cf. Grettis]
- Hlýte jafnan ilt af athugaleysi.


BØLGJE

Litteratur  
     
OPP SETT ARKIVSEKSJON VIDARE


   BRUK. Brukargaiden femner over forkortingar, bøker ordna etter forfattarar og bokstavkodar, ordbøker, design og navigering på nettstaden, søkjeråd, og tilvisingar. [LENKJE]
   ANSVAR UT (ansvarsfråskriving) til gagn for oss: [LENKJE]
   © 2005–2007, Tormod Kinnes. [E-POST]