Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 2
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Reven og tromma

The jackal and the war-drum

Det var ein gong ein rev som svalt. Mens han lunta omkring og jakta etter mat, gjekk han over ei slagmark midt uti skogen. Han stoppa som snarast, og då fekk han høyre ein kraftig lyd og kvapp til. Susete tenkte han: "Ulykka er over meg. Eg er så godt som daud alt. Kva slags skapning er det som lagar slik ein grov og fæl lyd? Er det mynta på meg, dette?"

Mens han speida for om mogeleg å finne svar, såg han lyden kom frå ei diger krigstromme på ein liten jordhaug. Det var tromma som laga lyden når vinden blæs og vaiande gras og busker slo mot den i vinden.

Han tenkte: "Var det ei stemme eg høyrde, eller kom lyden av slag?" For å finne ut av det, kraup han ganske nær, og såg at lydane kom når digre grasstrå og greiner daska mot tromma. No skjønte han at tingen var hjelpelaus, og kraup enda nærare. Snart slo han på tromma sjølv med labbane sine, og gledde seg: "No har eg gått matlaus lenge. Ho her har nok bra med kjøt i seg."

Så gnaga han seg eit digert hòl på sida av tromma og kraup inn. Der fann han berre treverk og skinn. Då sa han: "Ho verka stor og farleg, men utan noko inni seg."

Løva og sauebukken

The lion and the ram

Uti skogen blei ein sauebukk skild frå flokken sin. Så flakka han aleine omkring der, og såg hardbalen med mykje ull og kraftige horn.

Ein dag møtte bukken ei løve der i skogen. Mange slags dyr følgde etter ho. Då løva fekk sjå vêren stå i motlys med ei låg sol som spela over ull som stritta vidt omkring han i alle retningar, blei løva engsteleg. "Han her kan vere sterkare enn meg", tenkte ho. "Det er derfor han står så fryktlaus."

Så løva gjekk ut av vegen og var glad til.

Men ein dag noko etter kom løva over bukken mens han gjekk og åt gras i skogen, og då sansa ho seg: "Kva ser eg? Han et gras! Det han et, syner kor farleg han er."

Dermed bykste løva over vêren og drap han.

Det tillitsfulle eselet

Ugly's trust abused

I Gudbrandsdalen budde ein kjøpmann som lasta tjue hestar og esel med verdifullt tøy og drog av stad med dei for å gjere handel. Eit av esla hans fekk for stor bør, blei halt og fall slapt saman. Kjøpmannen delte børa hans på andre lastedyr, for dei var midt i ein villskog og han torde ikkje gi seg til lenge der. Derfor etterlét han det skadde eselet til seg sjølv og drog vidare utan.

Då handelsmannen var dratt, halta eselet omkring og tok til å beite. På nokre dagar var han frisk og fin att.

I skogen budde ein bjørn. Han hadde ei gaupe, ei kråke og ein rev diltande etter seg. Mens dei gjekk omkring i skogen, møtte dei det etterlatne eselet. Etter å ha studert dyret, sa bjørnen: "Dette er ein framand krabat her i skogen. Spør han kva han er."

Kråka flaug sin veg og kunne snart seie noko om dyret: "Dyret blir kalla esel."

No spurde bjørnen eselet: "No då, kor kjem du frå?"

Eselet fortalde i gripande vendingar korleis han var blitt skilt frå følget til kjøpmannen. Bjørnen kjende medynk med han og sa: "Her i skogen skal du vere trygg." Dermed var det avgjort.

Ein dag sloss bjørnen med ein diger galte som trefte han med eine støyttanna si. Etter det laut bjørnen halde seg i hiet sitt for å komme seg, men etter fem-seks dagar reiv svolten i han og dei fire som følgde han for å få leivningar av bytta hans. Bjørnen såg kor kraftlause dei var, og sa: "Eg er så skadd av dette såra at eg ikkje kan skaffe oss mat. De får freiste å skaffe mat sjølve i ei tid."

Dei svarte: "Skal vi trivast når kongen vår har det så vondt som dette?"

"Bravo!" sa bjørnen matt. "De snakkar som gode tenarar, så fang eit godt matdyr og bring det hit. Eg skal nok klare å dele det mellom oss og komme til hektene att."

Dei fire gav seg til å leite etter bytte i skogen, men fann ikkje noko Då sa reven: "Men korfor gå omkring slik, kråke? Her har vi eselet. Han stoler på bjørnen. La oss føre han til bjørnen så han kan få seg mat."

"Eit veldig godt framlegg!" sa kråka. "Men trass alt lova bjørnen han at han skulle få vere trygg her i skogen. Så korleis kan han drepe eselet då?"

"Vel", sa reven, "eg vil snakke med bjørnen og få han til å drepe eselet likevel. Vent her til eg kjem att med svar frå bjørnen."

Med dette skunda han seg til bjørnehiet og sa: "Vi har leita i heile skogen, og no er vi så svoltne at vi knapt kan røre oss. Men eselet har mykje kjøt på kroppen."

Bjørnen høyrde på det omsynslause framlegget og ropte i sinne: "Skam deg! Forslår du noko slikt ein gong til, slår eg deg daud! Eg har jo lova eselet at det får vere trygt i skogen vår."

Reven sa på trygg avstand: "Dersom eselet av fri vilje byr seg fram for deg for at du skal få kjøt i kroppen ved å slakte han, kan ein vel ikkje seie du er forferdeleg skuldig. Men sjå, kva om ein annan byr seg fram frivillig så du kan slakte han? Følget ditt klarer seg nokså dårleg utan deg likevel. Vi vil nok by oss fram."

Bamsen tenkte takknemlig gjennom dette og sa: "Svært bra! Gjer som du vil."

Med denne meldinga skunda reven seg tilbake til dei andre og sa: "Det står dårleg til med bjørnen, og ingen av oss fire kan klare oss utan han. Så la oss gå til han og by oss fram så han får slakte oss og komme til hektene att. Vi skuldar han då såpass!"

Dermed var det avgjort. Alle fire kom seg til bjørnehiet og sette seg. Bjørnen spurde dei ein etter ein: "Gode våpenbror, fekk du noko bytte?"

Kråka svarte for alle: "Ikkje ein einaste, utan eselet. No byr eg meg fram som matbit i staden, slik ein god tenar skal."

Reven sa: "Kråke, du er nesten ikkje verdt å slakte. Det blir altfor lite mat av det, så ingen blir mett av deg. La meg by meg fram, heller."

Så sa reven til bjørnen: "Ta meg!"

Men gaupa var størst og sa til reven: "Du er nokså tynn. Det er meir mat i meg, så la bjørnen få slakte meg i staden. Det er best." og til bjørnen sa ho: "Klem til mot tenaren din!"

Eselet hadde halde seg ved hiet mens dette hende, og tenkte: "Dei snakkar bra for at bjørnen skal ete dei, kvar av dei, men han vil ikkje drepe nokon av dei likevel. Her kjem vel ingen til å miste livet! Kanskje eg også skulle by meg fram og bli rekna som verdt å akte slik? Bjørnen kjem sikkert til å nekte å drepe meg like vel, sidan han har lova meg at eg skal vere trygg." Dermed sa eselet: "Den som har mest kjøt å by fram, det er meg."

Då bjørnen fekk det gode tilbodet, vinka han fram gaupa og reven og let dei rive eselet i hel inne i hiet. "Ikkje i skogen, men i hiet", sa bjørnen tvert. Så åt dei eselkjøt alle saman, like til dei blei friske og gode att.

Når menneske med gard får dyr til å tene seg og godtruande bli slakta, kan det gå dyra som det kan gå med så mange, mange soldatar.

Det er farleg å leve, og somtid nådelaust. Ikkje alle er greie. Så ein bør vare seg.

Papegøyen

Poor Blossom

Det var ein gong ein papegøye. Han var overhendig kjekk å sjå på og kunne litt av kvart, oppvakt som han var.

Ein dag han kvilte ein fredeleg plass og sa fram diktramser, kom dauden framom han. No var tida kommen for papegøyen. Men då papegøyen fekk auge på dauden som kom, skjena han vekk og gøymde seg i buskene. Han ville ikkje bli med dauden.

Somme kom til og spurde han: "Korfor stakk du av då dauden kom hit?"

"Han bringer jamt skade til alle levande vesen", sa fuglen og heldt vengane framfor auga sine, "så korfor skulle eg ikkje gøyme meg for han?"

Då prøvde dei hine å roe nervane hans, og gjekk så langt at dei bad dauden høfleg og snilt: "Som ei teneste for oss, så la vere å ta livet av denne papegøyen."

Dauden svarte: "Eg veit ikkje om eg kan love det, for det er Tida Sjølv som avgjer slike saker."

Dei tok derfor den fargesprakande papegøyen med seg, gjesta Tida og bad om det same.

Tida svarte: "Det er dauden som er sett til å handtere slike saker. Snakk heller med han ein gong til."

Men då dei gjorde det, døydde papegøyen straks han fekk sjå dauden på nært hald. Alle syntest det var leitt og fælt, og spurde dauden: "Kva skal dette bety?"

Han sa: "Det var rett og slett slik laga at han skulle døy berre ved synet av meg." Med det svaret fór han tilbake til himmelen, og hadde papegøyen med på slep.

Korleis kråka drap hoggormen

How the crow-hen killed the black snake

I eit stort furutre budde ei kråkepar i eit reir dei sjølve hadde bygt. Men ein svart og grådig orm kraup opp stammen og til reiret, og åt opp fugleungane så fort som dei blei født og før dei hadde blitt døypt. Men trass i sorga over å miste dei nyklekka ungane, fekk ikkje kråkefar seg til å dra ifrå det kjære, gamle reiret dei hadde bygt saman med mykje omhug og flid, og i staden prøve å finne seg eit anna tre å bygge reir i.

Til sist fall kråkemora på kne framfør føtene til kråkefar og sa: "Kjære deg, altfor mange av ungane våre har blitt tatt av den glupske ormen. Eg sørger over alle dei kjære små som vi har mista, og synest det er mest forsvarleg at vi flyttar herifrå. La oss bygge reir i eit anna tre så vi får sjå ungane våre vekse fram. I ein heim som ormar kjem inn i, kan ingen vere tilfreds. Vi er i livsfare her."

Kråkefar gjekk ikkje med på det, enda om han også sørgde over at kjærleiken mellom foreldre og ungar blei kappa av igjen og igjen. : "Vi har levt i dette treet i lang tid, kjære deg. Denne staden er fin for oss. Det er ikkje lett å finne ein annan som er god. Eg kan heller tenke meg at vi får ta livet av ormen.

"Det er ein forferdeleg giftig orm", sa kona. "Korleis kan du makte å ta livet av han?"

Han sa: "Kjære kone, jamvel om eg sjølv ikkje kan klare det, har eg vennar som kan seg med mangt. Eg skal fly til dei og få kloke råd frå dei, så kjeltringen som tar ungane våre, får bøte med livet!"

Så flaug kråkefar til eit anna tre. Under det budde ein rev. Kråkefar fortalde han høfleg om plagene og dei store sorgene deira, og bad om råd.

"Kjære kråkefar, "sa reven, "eg har tenkt gjennom saka. Du treng ikkje uroe deg meir. Den ormen er nesten daud fordi han har vore så hjartelaus i lang tid. Den brutale bølla fell til sist, skal du sjå."

"Men korleis?" spurde kråka, som var ein oppvakt fugl. "Korleis?"

Reven svarte: "Dra til ein stad der ein mektig konge kjem på landtur. Ta gullkjeda frå einkvan som ikkje passar godt på ho, og sleppe ned kjeda i bolet til ormen."

Kråkefar fortalde kona si om planen, og så flaug dei kvar sin veg og såg etter kongar på landtur. Kråkemora flaug etter litt over eit basseng. Der plaska og leika kvinnene frå eit hoff i vatnet. På bredda hadde dei lagt frå seg gullkjeder, perlekjeder, klede og edelsteinar. Kråka tok ei gullkjede i nebben og flaug mot treet dei budde i, og passa på at ho blei oppdaga.

Hoffmennene såg ho med gullkjeda i nebben, plukka opp klubber og sprang etter ho. Kråka sleppte gullkjeda ned rundt hòlet til den svarte ormen og venta på trygg avstand.

Når no kongsfolka kom til hòlet. Der fann dei ormen, som hissa seg opp og ville skremme dei vekk. Men folka klubba han i hel, tok gullkjeda med seg tilbake.

Etter dette levde kråka og kona hans i fred og fekk snart sjå ungane sine vekse fram.

Kvinnelist

The weaver's wife

Ein vevar og kona hans var på veg ut av huset å dra ein by for å få seg brennevin då ein heilagmann kom gåande og ropte: "Høyr, min gode mann, eg har komme til deg som ein gjest i kveldssola, og kjenner ikkje ei sjel her i bygda. Ta gjestmildt imot meg, for det heiter: 'Ingen framand skal stå utestengd når han kjem til døra di ved kveldstid. Nei, hald han i ære, for det kan lønne seg. Noko å ligge på, vatn og mat, det manglar aldri hos dei fromme.'"

Vevaren sa då til kona si: "Kjære deg, gå inn att i huset vårt med gjesten og ta vel hand om han. Gi han vatn til å vaske dei støvete føtene sine, mat, ei seng og så vidare, og bli verande heime, du også. Eg kjem snart tilbake med mykje vin og kjøt til han."

Kona gjekk smilande inn i huset att i lag med heilagmannen, for ho var ussel i hugen og hadde ein bestemt gut i tankane. Som det heiter:

"Med mannen langt av stad, blir flørtarkona glad og lurer seg til ekstra sengekos, om ho så skal bøte med livet."

Vel inn kommen baud ho heilagmannen ei vaklevoren seng og sa: "Det er nokon frå bygda som eg er nøydt til å møte. Imens kan du bu i huset vårt, men ver varsam." Så tok ho på seg stasen sin og gjekk for å finne elskaren sin.

Men på vegen sprang ho nesten på mannen sin. Han heldt ei mugge med vin i handa og rava i rus. Håret hans var tiltjafsa og han snubla for kvart steg. No sprang ho heim att, tok av seg stasen og såg ut som vanlig.

Vevaren såg ho då ho sprang vekk, og la merke til at ho var i stasen. Han hadde høyrd sladder om ho før, og sjølv om han var full, kom hjartet hans i klemme og han blei sint. Mens han kom inn i heimen, sa han: "Usle kvinne! Kor skulle du av?"

Ho svarte: "Eg har ikkje vore ute sidan eg forlét deg. Kva er dette for forfylla vas? Som ordtaka seier: 'Godt med vin får ein til å falle.' 'Fulle folk endar opp hjelpelause og utan verdigheit.'"

Då ho hadde skjent frå seg, hugsa han likevel at ho hadde hatt på seg andre klede ute på vegen, og sa: "Eg har høyrd rykte i lang tid om at du er utru. Eg har omsider fått prov. No skal du få som fortent . . ." Dermed slo han ho med ei klubbe til ho halta, batt ho fast til ein stolpe og sovna, full som han var.

Mens ho sat i denne knipa, kom kona til barberen i døra og såg ho slik. Først sjekka ho at vevaren sov tungt, og sa ho: "Kjære deg, det er ein som ventar på deg der borte. Du veit kven det er. Skund deg til han."

Men vevarkona svarte: "Men sjå for ei klemme eg er i! Korleis kan eg gå? Du får ga tilbake til han og fortelje at eg ikkje er i stand til å komme til han nett no."

"Kjære deg", sa barberkona, "snakk ikkje slik. For ei jente med tæl er ikkje dette nokon måte å te seg på. Som det blir sagt: 'Dei gir ikkje opp, dei som vil ha store gleder, men ter som som kamelar når dei beitar i tornebuskane.' Og dessutan: 'Har du ein annan mann, så nyt han mens du kan.' Elskaren skal ein ta seg godt av, veit du", sa barberkona til ho.

"Det høyrest vel og bra ut", sa vevarkona, "men eg sit fastbunden. Og mannen min ligg her, det rå dyret!"

"Kjære deg", sa barberkona, "han er hjelpelaus av for mykje alkohol og vaknar vel ikkje før sola skin i morgon tidleg. Eg skal sleppe deg laus og ta plassen din. Men du må skunde deg tilbake når du har tatt deg av karen du elskar."

Det blei dei samde om, men straks etter at dei hadde bytt plass ved pålen, vakna vevaren som snarast i rusen og sa: "Kom hit, masekråke. Vil du halde deg heime frå i dag av og halde opp å mase og grine slik, skal du få bu her, og et set deg fri."

Barberkona sa ikkje noko, for ho var redd at stemma hennar ville røpe ho i mørket. Sjølv då han tok opp att tilbodet sitt, let ho vere å svare. Då blei han sint og kutta av nasen med ein skarp kniv. Så sa han: "No kan du bli. Eg kjem ikkje til å vere snill mot deg meir!" Så sovna han att mens han mumla noko rør.

Heilagmannen som var i huset, hadde ikkje fått sove, og var vitne til det kvinnene gjorde.

No kom vevarkona heim etter å ha nytt å vere saman med elskaren sin, og sa til barberkona: "Er alt i orden? Eg håper det brutale beistet ikkje var oppe mens eg var vekke."

Barberkona svarte: "Eg har mist nasen min, men resten av meg er bra. Sett meg fritt med det same, før han vaknar. Eg vil heim. Viss ikkje er han truandes til å gjere verre ting om litt - skjere av øyre og meir til."

Så vevarkona løyste barberkona, sette seg ved pålen i staden for ho og ropte klandrande: "Å, forferdelege fjols du er! Eg er ei skikkeleg kone, eit eksempel på truskap! Kva for mann er i stand til å krenke og maltraktere kona si slik? Høyr, himmelske makter! Sjå kva mannen min har gjort meg! Er eg ei trufast kone, så la nasen min vekse ut att og bli slik han var. Og har eg villa hatt ein annan mann, så gjer meg til oske!"

Etter desse ropa, sa ho til mannen: "Sjå her, din skurk! I kraft av truskapen min har nasen min vakse ut att og blitt før!"

Og då han tente ein fakkel og undersøkte ho, var nasen hennar som før, mens det var ein blodpøl på golvet framfor ho. Han blei paff, sleppte ho laus av reipa, og ville ynde seg inn hos ho med ei mengd smiskeord og frasar.

Heilagmannen hadde sett alt som gjekk føre seg den natta, og undra seg storleg: "Kvinner, korleis held ein dei på plass? Stundom ligg det ormegift i bringa deira bak vakre ord. Den giftige frukta kan vere søt utanpå. Det er ikkje alltid lett, nei."

Mens han låg og tenkte slike tankar, snigla natta seg av stad for han. I mellomtida hadde barberkona komme seg heim att med nasen kappa av. Ho tenkte: "Kva skal eg gjere? Korleis kan eg løyne at nasen min er kappa av?"

Same natta var mannen hennar hos kongen og barberte folk. Ved daggry kom han heim, ivrig etter å barbere folk i byen. Han stansa i døra og ropte til kona si: "Kjære, gi meg barberkniv-etuiet mitt med det same. Borgarane treng meg til å barbere seg."

Då fekk kona hans ein idé. Ho blei verande innandørs, men kasta berre ein barberkniv ut døra. Barberen blei arg for at han ikkje fekk heile barbersettet med det same, og slengde barberkniven inn att etter ho. Dette gav kona ein gyllen sjanse. Ho lyfte hendene over hovudet, kom styrtande ut frå huset og skreik av all makt: "Å, å, å, den slubberten, den bølla! Eg har alltid vore trufast, og så har han kappa av meg nasen! Sjå her! Berg meg, berg meg!"

Så kom politiet og dengde barberen til han blei halt, batt han og tok han med til retten saman med den naselause kona hans. Dommarane spurde han: "Korfor gjorde du dette lite vakre mot kona di?"

Barberen var så forvirra og ute av seg at han ikkje kunne svare. Dermed las juryformannen opp: "Den skuldige er livredd fordi han har gjort lovbrott, kan ikkje svare for seg, stammar og sveittar og ser ned. Fangen er utan tvil skuldig, og må dømmast til � døy. Sett han på eit spidd."

Heilagmannen såg barberen då han blei leidd til avrettingsstaden, og fekk høyre om den naselause kona hans. Han gjekk sporenstreks til dommarane og sa: "De har gjort eit fælt mistak. Barberen er ikkje skuldig i det heile. Så fortalde han om hendingane han hadde sett, og dommarane og juryen blei forbløffa over kor langt kvinner gjekk. Dei sleppte barberen fri, og dømte kona hans til å miste eit par øyre i tillegg, for det forferdelege ho hadde tenkt å få gjort mot mannen sin.

Då dette var gjort, gjekk heilagmannen heim att til klosteret sitt og var styrkt i ånda over å ha fremma litt rettferd i verda.

Ein skal ikkje tru alt ein høyrer.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]