Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 1
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Hegra og krabben

The heron that liked crab-meat

Det var ein gong eit vatn som var fullt av all slags fisk. Ei hegre heldt også til der. Ho var blitt så gammal at ho ikkje klarte å fange fisk meir. Derfor gjekk ho til vasskanten, såg motlaus ut og gav seg til å vente. Det var ei krabbe der. Han hadde mange fisk omkring seg. No sa han: "Korfor prøver du ikkje å få deg mat i dag, slik du brukte å gjere før?"

Hegra svarte: "Eg et fisk, men frå no av er levebrødet mitt heilt øydelagt. Det er derfor eg ser sturen ut."

Krabben sa: "Korleis har det seg?"

Hegra sa lurt: "I dag gjekk nokre fiskarar forbi her. Den eine sa: 'Det er mykje fisk i dette vatnet. Her skal vi sette ut garn i morgon.' Men den andre stagga han med: 'Det ligg andre vatn nærare byen vi skulle gjeste. Vi drar dit først, så kjem vi attende hit.' Så du er så godt som ferdig, og eg også, for kjelda til mat for meg, blir snart tømt. Det er derfor eg er så sturen at eg ikkje vil ete noko i dag", laug hegra.

Krabben fortalde dette vidare til fiskane. Alle fiskane kom saman og sa til hegra: "Frå hegra som i grunnen er ei kjelde til fare, kan det også komme sjansar til å klare seg. Ver gild og berg oss!"

Men hegra sa; "Eg er ein fugl og kan ikkje greie meg mot fiskarar sjølv ein gong. Men eg kan ta dykk med ein etter ein til eit anna vatn, der det er så djupt at ein ikkje fangar all fisken i garn."

Og fordi fiskane var skremde og stolte på hegra, sa dei til henne i munnen på kvarandre: "Flyg med meg først!"

Skurken tok fiskane ein etter ein og flaug eit stykke med dei, før ho sleppte dei ein etter ein på eit flatt, jordlaust berg. Der åt ho dei ein etter ein, og gledde seg storleg. Men krabben var også fylt av frykt for å miste livet. Han bønfalla: "Gilde deg, berg meg frå gapet til dauden!"

Hegra tenkte: "Eg har ete så mykje fisk at eg har blitt lei av smaken. Eg må heller prøve krabbekjøt, for det skal vere så godt, etter det folk seier."

Så plukka ho opp krabben og flaug gjennom lufta med han. akkurat då ho ville sleppe han ned på berget som dei andre, fekk han auge på ein haug av fiskebein der. Dei var frå fiskane som hegra alt hadde ete. Då tenkte krabben: "Denne skurken har lurt og ete fiskane. Så kva er det rette å gjere? I alle fall og for verste fall seier dei: "Når ein vis blir angripen og ikkje kan komme unna, slåss han mot fienden like til dauden, om så skal vere."

Den glupske hegra kunne seg ikkje med krabbeklørne, og brått var dei om halsen hennar og kneip den over. Krabben tok halsen og hovudet til hegra med seg og kraup til vatnet han var kommen frå. Der sa fiskane til han: "Kor er den gode hegra som bergar oss?"

Krabben svarte: "Hegra er daud. Her er hovudet hennar. Ho var ein skurk som narra mange av dykk i dauden og åt dei. Men no har eg gjort ende på henne for misgjerningane hennar.

Bjørnen og tømmerhoggaren

The lion and the carpenter

I ein by budde ein gong ein tømmerhoggar. Han pla ta med kona si og matpakken sin ut i skogen og hogge ned store asketre [1].

I skogen budde ein bjørn som ein rev og ei kråke hadde det med å snike etter i håp om at han leivde eitkvart. Ein dag gjekk bjørnen omkring i skogen aleine, og då kom han over snikkaren. Tømmerhoggaren kom til at det var kanskje best å stå stille heller ennå prøve å renne unna, og så sa han: "Kom med meg, så kan du ete middag med meg og kona mi."

"Takk som byr", sa bjørnen, "eg blir med. Kva har du av godsaker å by på?"

Det fann han snart ut. Tømmerhoggaren trakterte han med småkaker, kjeks og anna. Alt var smakt til med smør, saft og krydder. Bjørnen ville gjere gjengjeld og lova tømmerhoggaren at han kunne vere trygg i skogen og fritt kunne gå omkring i den.

Då sa tømmerhoggaren: "Kompis, kom gjerne hit kvar dag, men aleine. Ta ikkje med andre når du gjestar meg."

Slik blei det, og slik voks vennskapen mellom dei. Og sidan bjørnen fekk mange godsaker kvar dag, heldt han opp med å gå på jakt. Reven og kråka, som levde av det som blei att etter bjørnen sine slakt, naudbad han til sist: "Kor blir det av deg kvar dag? Og sei oss korfor du kjem att så glad og fornøgd."

Og sidan dei bad så inderleg, sa bjørnen: "Eg har fått ein venn som kjem inn i skogen kvar dag. Kona hans baker og koker dei beste rettane eg har smakt, og eg et i lag med dei kvar dag for å syne at vi tykker det er godt å vere saman."

Då sa reven og kråka til kvarandre: "Vi to skal gå og drepe tømmerhoggaren. Det blir kjøt og blod av han så vi får halde oss i live i nokre dagar til."

Men bjørnen høyrde kva dei sa, og brumma: "Høyr her. Eg har lova tømmerhoggaren og kona hans at dei kan vere trygge i skogen. Eg vil heller bede dei gi nokre godsaker til dykk også."

Det blei dyra samde om. Så gjekk dei for å finne tømmerhoggaren. Han fekk eit glimt av dei mens dei kom mot han og enno var eit godt stykke unna, og tenkte: "Dette lover ikkje bra for meg og kona mi. Det ser eg."

Dei klatra opp i eit tre i all hast. Bjørnen kom oppunder treet og sa: "Korfor? Stoler de ikkje på meg lenger? Ver ikkje redde."

Men tømmerhoggaren heldt seg fast der han var, og sa: "Synet av reven og kråka uroar meg. Det er vennane dine eg ikkje liker. Derfor er det mest forstandig å halde seg unna dykk alle tre heretter."

Og slik blei det.

Ord

  1. Det står anjana (=anjan) (Hardwickia binata) i originalteksten. Treslaget veks på berg, skråningar og sletter i tropane. Lauvet er særs godt krøtterfôr. Treet er prima brensel. Veden, som blir kalla 'anjan', er ekstra hard og haldbar, og blir brukt til møblar, vognhjul, jordbruksverktøy, pålar, bjelkar, bruer, brønnar, årer, parkett, turnreiskapar, rammeverk for hus og mange slags prydting av tre.

    Ask (Fraxinus excelsior) på si side er eit varmekjært lauvtre som veks i store delar av Noreg. Det sterke, seige og lyse trevirket blir brukt til møblar, innreiingar, parkett, og skaft på reiskapar, og før også til ski og meiar. Årringane er vent teikna, og fargen til trevirket er einsarta. Askelauv er godt dyrefôr. Somme seier også at ordet eske (svensk: ask) er avleidd av trenamnet ask.

Hardwickia binata
Detalj frå ein anjan-skog i India

Heiloa som slost mot havet

The plover that fought the ocean
Heilo,
"Somtid er det best og tryggast å gjere som den kloke kona vil", tenkte heiloa etter svært mykje bal.

Ei heilo og kona hans budde ved ei låg slette der tidvatnet frå det veldige havet vaska inn og ut med flo og fjøre. Det yrte av fisk i havet, krokodillar, skjelpadder, haiar, niser, perler østers, skaldyr og anna liv uti, så dei hadde det godt. Då tida var kommen skulle heilokona legge egg, og sa til husbonden sin: "No må du finne ein stad eg kan legge egga våre."

"Korfor det?" sa han, "Heimen vår er då her, den, og arvt frå forfedrane våre, og skal nok halde fram å gi gode kår og framgang for oss heiloer. Berre legg egga her, du, kone."

"Nei", mukka ho. "Her er havet for nært innpå. Tidevatnet kan komme til å flaume over reiret og feie med seg ungane våre."

Heiloa svarte: "Kjære, havet kjenner då meg, og vil slett ikkje gå fram så fælt mot meg og mine!"

Men endå mens han snakka, skratta kona rett ut, for ho visste betre enn som så. "Skryt og overmot hjelper ikkje stort, og ein blir fort til narr av det", sa ho. "Ein skal vite ganske godt kor ein står - sterke og veike sider - for ved det kan ein ha det tryggast råd. Så det heiter: 'Løft deg over dyriske farar og tenk skarpt! nok.' Og finn dessutan rom til å ta imot velmeinte venneråd. Ver ikkje som skjelpadda som tankelaust mista grepet om kjeppen og døydde av det. Så ver tidleg ute for å vinne trygge, gode kår, og ikkje som dei to fiskane som venta med å flytte frå sjøen sin mens dei enno kunne, før det var for seint. Den oppvakte og framtenkte vinn trivsel rett som det er."

Men hannen sa: "Stol på meg, kjære kone. Ver ikkje engsteleg. Kva fælt kan hende deg mens eg held vengane over deg og rundt deg?"

Då la kona egga og straks la hannen seg over dei for å ruge dei ut. "Slik gjer vi det", sa han.

Havet hadde høyrt heile samtalen, og tenkte: "Vel, vel. La oss sjå kor mektig den heiloa er!" Alt neste dag, då dei to heiloene var ute på jakt etter mat i lag, bruste havet inn og feia med seg egga.

Då heiloene kom tilbake og reiret var tomt, sa heilokona til mannen: "Sjå no! Sjå kva som har hendt oss! Havet har feia med seg egga våre! Eg sa deg vi burde flytte, men du var innskrenka og ville ikkje gjere som eg ville. No må eg sørge. Skal tru om eg gjer noko vanvettig i sorga?"

"Kjære deg", sa heiloa, "vent til du har sett alt eg kan. Eg skal tørke ut havet med nebben min!"

Men ho svarte: "Kjære deg, korleis kan du slåst mot havet? Det kan du ikkje drøyme om. Det er for stort for deg. Det er det eg ser."

"Kjære kone", sa heiloa, "du skulle ikkje seie slikt og ta frå meg motet! Med denne nebben skal eg tørke ut havet til siste drope og gjere havbotnen til tørt land."

"Greier du det, er du god", sa kona og var diplomatisk.

"Viljen gir framgang til verket", sa husbonden, "jamvel om mange lange dagar og netter ligg framfor meg."

"Når du no har det sånn", sa heilokona, "så kall til deg andre fuglar til hjelp. For mange som samarbeider gir siger der den elles var uviss."

"Godt", sa heilohannen. "Eg kallar saman vennane mine og tørkar opp havet." Så kalla han dei til seg og sa kva havet hadde gjort mot heimen deira, og kor fælt heilokona sørgde.

Alle fuglane tok til å slå mot havet med vengane sine. Det var for å lette sorga til heilokona.

Men ein fugl sa: "På dette viset oppnår vi ikkje det vi er ute etter. La oss heller fylle havet med stein og klumpar."

Så skaffa dei seg alle dei steinane og klumpane dei kunne frakte i nebbane sine, og tok til å fylle opp havet.

Då sa ein annan fugl: "Det er lett å sjå at vi ikkje vil lykkast på denne måten. Havet er for digert for oss. Men det finst ei råd: La oss dra til den gamle gassen ved fikentreet der borte i åsen. Han kan gi oss grepa, praktiske råd. La oss gå og bede han. For som det heiter: "Spør gamle om råd når dei har rike erfaringar å dra på."

No drog alle fuglane til den gamle gassen og fortalde om sorga over egga som var røva. Gassen sa: "Fuglekongen er gribben, så det rette å gjere er å jamre og klage til han får medkjensle. Då skal han nok fjerne sorgene dykkar."

Dermed drog dei til gribben og fortalde at havet hadde tatt heiloegga. Gribben forstod at overgrep mot ein av undersåttane hans var ei forulemping av han sjølv også. Han måtte sette havet på plass. Dermed flaug han til havet og skjente trugande på det: "Gi heiloparet egga deira, elles . . ."

Havet kom til at no var det farleg, skvalpa av skrekk og fekk fram egga på eit vis. Heiloparet kom til og tok dei med seg til ein tryggare stad, og slik blei enden god nok.

Apa og vedkilen

The wedge-pulling monkey

Nær ein by ein stad budde det ein kjøpmann som hadde gitt seg til å bygge eit tempel. Murarmeistrane og dei andre arbeidarane han hadde hyra, gjekk inn i byen midt på dagen for å få seg middag. Like før dei gjekk av stad, hadde ein av arbeidsfolka splitta ein bjelke arjunaved [1] halvvegs ved å drive ein kile hardt khadiratre [2] inn på langs av trestykket.

No kom ein stor flokk aper ut av skogen og bort til byggeplassen. Dei begynte å leike og bykse hit og dit mellom tretoppane, tempeltårnet og trestablane. Midt under leiken klatra ei ape inn til kilen i bjelken som var halvvegs splitta og sa: "Kven sette inn denne kilen der han ikkje høyrer heime?"

Ho tok godt tak i kilen og drog til. Smekk! sa det. Dei to bjelkedelane small saman så fort at ho ikkje rakk å skvette unna.

Terminaria arjuna
Øvste del av stammen og nedste del av trekrona til arjunatreet

Ord

  1. Arjuna-treet er Terminalia arjuna på latin. Det store, eviggrøne lauvtreet kan bli rundt 25 meter høgt og er vanlig over heile India. Den sterke stammen ber ei vid trekrone. Forskjellige delar av treet, som barken, er av medisinsk verdi. Veden er svært hard. Den blir nytta til å lage båtar og å bygge hus med - og dessutan våpen og arbeidsreiskap.
  2. Khadira: Acacia catechu er eit tornete lauvtre som kan bli opptil 15 meter høgt. Veden blir høgt verdsett til å lage møblar og reiskapar av.

Boteråda blei verre enn plaga

A remedy worse than the disease

Ein flokk med gråhegrar hadde ein gong reira sine i eit stort og gjestmildt tre ein stad i ein skog. I eit hol i treet budde ein svart hoggorm. Han sneik seg til å ete hegrekyllingar før vengane var utvaksne.

Så var det ein gong ei hegremor som fekk sjå korleis eine ungen hennar blei tatt og slukt av ormen. Ho flaug til bredda av ein dam nær ved gret i strie straumar med nebben nedetter i sorga. Ein krabbe la merke til hegra mens ho stod slik, og kom bort til henne og sa: "Korfor så tårevåt og gråtkjøvd i dag?"

Hegra svarte: "Skjebnen går meg imot, og ikkje berre meg. Ungane mine og ungane til andre gråhegrar blir jamt tatt av ein orm som bur i ei hole i treet vi alle bur i. Eg græt i sorg over alt saman. Det er så leitt. Sei meg, finst det eit vis å komme ormen til livs på?"

Krabben tenkte: "No ja, gråhegrane er ingen krabbevennar, for dei et oss når dei kan. Eg skal fortelje denne nedslåtte gråhegren noko farleg sant, noko som enda fleire hegrar kan døy av. Som det farlege ordtaket seier: "La talen din vere som smør, stålset hjartet utan nåde. Få fienden til å handle så dumt at han øydelegg seg slik."

Høgt sa han: "Under slike forhold skal de strø fiskebitar heile vegen frå røyskatthiet til ormehola. Røyskatten vil venteleg følge det sporet, og framme ved treet vil han drepe ormen."

Gråhegrane gjorde som krabben rådde til, og røyskatten følgde sporet av fiskebitar, drap den fæle ormen, og deretter tok han hegrar i treet i ro og mak når han fekk lyst.

Ein gjer vel i å vakte seg for dårlege råd, særleg om dei ser fine ut . . .

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]