Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 3
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Pilfinkmoras hemn

The duel between elephant and sparrow

Ein stad der skogen var tett og god, levde ein pilfink og kona hans. Dei hadde bygt reiret sitt på greina til eit breitt asketre, og med tida blei det ein familie av dei.

Ein dag dukke det opp ein brunstig villrein i der skogen. Han kom under asken for å finne skugge. Lite omtenksam som han var, hekta han geviret fast i greina der pilfinkane hadde reiret sitt, og braut ho av. Egga blei knuste, men foreldra slapp så vidt unna med livet.

Fuglemora klaga og skreik over egga som blei knuste. Ein god venn, ein hakkespett dei kjende, kom til ho i sorga og sa: "Kjære, korfor klage til inga nytte? Dei forstandige klagar ikkje over dei daude. Ein lyt gravlegge dei slik det høver", seier Skrifta.

"Det er gode læresetningar", sa finkemora, "men denne reinen drap ungane våre mens dei enno var i egga, galen av paringstrong som han er. Vil du vere vennen vår, så hjelp meg å finne på ein måte å drepe reinen på, for når det er gjort, kjem eg til å sørge mindre over barna mine. Du kjenner ordtaket: "'Ein er nøydt til å unngjelde for syndene sine før eller seinare.'"

"Det du seier er veldig sant", sa hakkespetten. Og 'Venn i nøda er vel venn nok', som det kanskje heiter einkvan stad. Så vi får sjå kva eg kan finne på. Eg har ein venn, eg også. Det er ein mygg. La oss fly og hente ho med det same, så dette beistet av ein rein kan bli tatt av dage."

Så flaug han med pilfinken, fann myggen, og sa: "Kjære frue, dette er vennen min, ei pilfink-mor. Ho sørger fordi ein galen rein knuste egga hennar. Vil du hjelpe til, skal eg finne ut korleis vi skal få bukt med han, vi tre."

"Gode venn", sa myggen, "det er klart eg vil hjelpe til. Eg har ein nær venn, eg også. Det er ein frosk. La oss dra til han, alle saman og høyre om han har nokre hjelpande ord før vi gjer meir. For ordspråket seier: 'Finn ein forstandig mann, for han kan legge planer som går an.'"

Så drog alle tre til frosken og fortalde heile historia. Og frosken sa: "Kvekk! Kor dårleg det står til med den reinen, no når han har fått ein stor og rasande skare imot seg! Mygg, du skal fly og summe i øyret hans, så han let att auga for å høyre på den vakre musikken. Då skal hakkespetten hakke ut auga hans. Dernest set eg meg ved kanten av ei djup gruvesjakt og kvekkar. Han vil då gå etter lyden når han blir tørst utpå dagen, og ramle nedi. Det er i grove drag det eg har tenkt så langt."

Dei følgde planen fullt og heilt. Myggen song i øyret til reinen, og han lét att auga for å nyte songen. Så hakka hakkespetten ut auga hans i ein fei, og då reinen blei tørst ut på dagen, følgde han lyden av ein frosk som kvekka. "Der froskar kvekkar, finst vatn", tenkte han. Men best som det var, ramla han ned i ei djup gruvesjakt og døydde.

Skjelpadda og gassane

Shell-neck, Slim and Grim

I ein innsjø budde det ei skjelpadde. Ho var venn med to gassar der. Tidene endra seg, og det blei tørke i tolv år. Til sist tenkte gassane: "Innsjøen har gått tørr. La oss finne ein annan å bu i. Men først får vi seie farvel til skjelpadda, den kjære vennen vår gjennom lange tider."

Då dei gjorde det, sa skjelpadda: "Korfor tar de farvel med meg? Eg treng vatn for å leve, eg som dykk. Her kjem eg snart til å bukke under av vassmangel og av å lengte etter dykk. Ver gilde og ta meg med."

Men dei svarte: "Det verkar uråd for oss å få deg med, for du lever jo i vatn og har ikkje vengar."

Men skjelpadda visste utveg: "Ta ein grov kjepp, så bit eg meg fast, og de kan ta meg med."

Gassane henta ein kjepp. Skjelpadda beit midt på kjeppen og sa: "Grip godt tak med nebbane dykkar på kvar side, så flyg vi opp og av stad bort gjennom himmelen, like til vi finn eit høveleg vatn.

Men gassane sa: "Det er ein hake ved denne planen. Dersom du opnar nebben og snakkar, mister du taket i kjeppen og kjem til å falle frå stor høgde og bli slått i hel."

"Frå no av og så lenge vi er i lufta, skal eg ikkje seie eit ord", sa skjelpadda.

Så sette dei redningsplanen i verk. Det var tungt for gassane å frakte skjelpadda på dette viset, men det gjekk fort frametter for det. Etter ein halvtime flaug dei over ein by. Folk i byen la merke til det sjeldne synet, og spurde kvarandre nokså høgrøysta: "Kva er det gjæsene flyg med mellom seg der oppe? Er det ei vogn?"

Då skjelpadda høyrde dei, gløymde ho seg og spurde gassane: "Kva er det dei snakkar om?"

I same augeblink miste ho taket om kjeppen og fall til bakken. Folk som ville ha kjøt, sprang til og kappa ho i bitar med skarpe knivar.

Den kongeblå reven

The blue jackal

Det var ein gong ein rev. Han budde i ei hole eit stykke over ein skog. Bak skogen låg ein by. Dit inn gjekk han ein kveld etter det var blitt mørkt, for han svalt og ville leite etter noko å ete.

Lausbikkjene der i byen snuste han opp og flekka tenner, knurra og beit han både her og der med skarpe tenner. Det var eit lurveleven. Livredd av den grove bjeffinga og knurringa deira slumpa han til å springe inn i huset til ein fargar. Der tumla han ned i ei diger tømme som var fylt med flytande blåfarge. Hundane mista sporet av han då, og gjekk vekk.

Reven klarte å kravle ut av tønna med blå fargen og flykta til skogs. Der såg andre villdyr eit blåfarga dyr, og ropte: "Kven er han? Kven er denne blå skapningen?"

Først var dei nervøse og ottesame og sprang eit stykke unna mens dei spreidde meldinga: "Å, å, ein framand skapning har komme mellom oss. Ingen veit korleis han oppfører seg, så la oss stikke av mens vi kan. For det heiter: 'Veit du ikkje korleis andre vil te seg, går det før eller seinare gale å vere tillitsfull.'"

Den blå reven skjønte at her var ein god sjanse til å få litt makt, og ropte til dei: "Nå nå, de villdyr! Korfor flyktar de i redsel for meg? Eg er blå fordi eg har blitt utvald" � her såg han mot himmelen � "til å vere kongen dykkar. Eg kan vere farleg, ja, men de er trygge om de held dykk trufaste mot meg."

Då dei fekk høyre dette, bukka dei andre ville dyra audmjukt for reven. Det var både bjørnar, gauper, harar, hjort og raudrev. Dei sa: "Du er kongen vår. Sei kva vi har for plikter!"

Reven utnemnde bjørnen til statsminister, og gaupa til kammerherre, Men raudrevane, slekta, sleppte han ikkje innpå seg. I staden gav han dei nokre øyrefikar og dreiv dei vekk.

Frå no av kjende han seg ganske trygg for ikkje å bli avslørt av nokon av dei. Så kunne han nyte livet som konge over skogen, mens slagbjørn og andre dyr la daude byttedyr framfor han med vørdnad. Bytta delte han opp og delte mellom undersåttane sine slik kongar gjer det.

Tida gjekk og han hadde det godt på så mange måtar, heilt til han sat og heldt hoff og kom til å høyre ei revetispe som bjeffa i skogen nær ved. Straks sprang han seg og såg ivrig ut, dirra i kroppen og snuste mot vinden. Utan å tenke mykje, tok han til å bjeffe til revetispa, for han kunne like ho endatil utan å ha sett ho. Han kjende det på lukta.

Då bjørnane og dei andre dyra høyrde at han bjeffa og gjorde som han gjorde, skjønte dei at dei hadde bukka for og tent ein skarve rev, og skamma seg veldig. Så sa dei: "Her har vi blitt narra av ein rev. Det skal han få bøte for!"

Då reven høyrde dette, prøvde han å springe sin veg, men ei gaupe innhenta han og reiv han i filler. Og så var det ikkje meir.

Blårev

Blåreven på Svalbard er ikkje nokon raudrev som har fått fargestoff på seg, men ein variant av fjellrev. Fjellrev finst naturleg i Noreg. Han kan gå langt for å få mat. Blårev er fjellrev med stålblå farge, men finst ikkje naturleg på norsk fastland. Blåfargen til blåreven kjem av ei endring i arveanlegga, ein mutasjon. [Sjå Store Norske, s.v. "blårev" og Wikipedia, s.v. "Fjellrev"]

Polar fox
Blårev, ei undergruppe av fjellrev. Reven i fabelen her er ein vanlig raudrev.

Den kloke kjøpmannen

Merchant Strong-tooth

I Vekstbyen budde ein kjøpmann som rådde med styre og stell i byen. Så lenga han tok seg av alt, var alle fornøgde, for ingen hadde høyrd og sett så dyktig ein leiar før, verken folk i byen eller i kongehuset der, og dei hadde trass alt motsette interesser i mangt.

Så ein dag gifta kjøpmannen vekk dottera si. Til bryllaupet var alt folk i byen innbydd, og alle hos kongen. Kjøpmannen gjorde stas på alle, feira med dei, gav dei rike kledegåver og meir til. Då bryllaupet var over, førde han kongen heim i lag med følget hans, og synte stor og kledeleg vørdnad.

Kongen hadde ein tenar til å gjere reint i slottet sitt. Tenaren sette seg ein stad som ikkje var for han, men for kongens mest lærde vismann. Kjøpmannen sørgde derfor for at tenaren fekk seg nokre audmjukande klaps og sende han på dør. Tenaren miste sjelefreden over refsinga, og hadde verken rast eller ro den natta.

Seinare ein morgon, då han var feide nær senga der kongen låg halvvaken, sa han: "Kor frekt! Kjøpmannen kysse dronninga!"

Då kongen høyrde det, hoppa han opp i ein fart, og ropte: "Kom hit, tenar! Er det sant at dronninga har kyst kjøpmannen eller omvendt?"

Tenaren svarte: "Eg var vaken i heile natt fordi eg er altfor glad i spel og veddemål. Søvnen overmanna meg ein kort augeblink mens eg heldt på å feie. Eg veit ikkje kva eg sa."

Den sjalu kongen tenkte etter: "Jaså . . . vel, kjøpmannen har fritt tilgjenge til heile slottet mitt. Kanskje slottstenaren såg han gi dronninga kyss og klem? For det heiter:

'Det ein gjer, ser og ønsker når det er dag, det gjer ein også om natta når ein søv.' Og 'Løyndommar djupt i bringa til folk, kjem for dagen når dei blir fulle eller snakkar i søvne.' Og la meg ikkje gløyme: 'Kvinner flest svelt etter å flørte, og det er ikkje lett å gjere noko med.' Det heiter:

'Kvinna er trufast når det ikkje finst mørke krær,
når det ingen høve er,
og ingen mann er nær.'

Etter denne jamringa slutta han å tru godt om kjøpmannen, trekte tilbake alle fordelane hans, og dermed var kjøpmannen fallen i unåde, han som hadde vore så høgakta og æra før. Han fekk ikkje eingong komme inn i kongeslottet. Då tenkte han: "Lykka har snudd seg. Og kongars gunst er nok ikkje til å stole på. Enda eg aldri har gjort noko uvennlig mot kongen, har eg falle i unåde hos han."

Ein dag såg den feiande tenaren at kjøpmannen stanse utanfor portane til slottet. Då lo tenaren høgt og sa til dørvaktene: "Ver varsame, for denne kjøpmannen kan finne på å gi dykk korreks og klaps om de stoppar han, slik som eg fekk då eg sette meg på feil stol."

Kjøpmannen tenkte då han høyrde det: "No forstår eg. Det var tenaren som gjorde det slik at eg fall ifrå gunst og ære. Ein tenar for kongen blir harm over å bli sett på plass av kven det skal vere."

Dernest drog han heim, skamfull og opprørd. Han kalla til seg slottstenaren om kvelden, gav han to plagg i gåve som teikn på vørdnad, og sa: "Eg sette deg på dør, men kongen gav ikkje ordre til det. Det var fordi eg såg at du sat ein stad du ikkje skulle, ved biskopen, at eg audmjuka deg. Orsak."

Tenaren tok imot dei to plagga med stor takksemd, og kjente seg intenst glad. Han sa: "Gode kjøpmann, eg tilgir deg. Du skal sjå at kongen tar deg til nåde att." Dermed gjekk han derifrå og kjende seg løfta til sinns.

Neste dag kom tenaren inn i slottet og feia som før. Mens kongen låg halvvaken, sa tenaren: "For ein oppvakt kar! Når kongen sit på do, et han agurk!"

Då kongen høyre dette, undra han seg og sa: "Kva er det for tøys? Eg kjem ikkje til å drepe deg for det, for du er tenaren min. Men har du nokon gong sett meg gjere det der?"

"Konge", sa tenaren, "eg var vaken i heile natt fordi eg er så overlag glad i spel. Trøyttleiken overmanna meg mens eg feia. Eg veit ikkje kva eg har mumla; eg sov tungt."

Kongen tenkte gjennom det: "Frå eg blei født og til no har eg aldri ete agurk på do. Sidan denne karen har snakka vrøvl om meg, har han nok gjort det same om kjøpmannen. Er det slik det er, gjorde eg truleg kjøpmannen urett ved å la han hamne i unåde. Ja, når eg no tenker grundig gjennom det, stig det fram at ein kar som han ikkje er ureieleg. Og no når vi ikkje har han til å styre og stelle i byen, er det ingen som retteleg veit kva dei skal gjere."

Etter å ha vurdert saka, kalla kongen til seg kjøpmannen, gav han gilde smykke som han sjølv hadde gått med, og fine klede, og så sette han kjøpmannen inn som statthaldar og heldt han høgt i ære for resten av livet.

Reven og vêrane

The jackal and the ram-fight

Ein heilagmann som var ute på reise, kom ein gong til ei elv. Mens han sat ved bredda og kvilte seg, fekk han sjå ein saueflokk der to av vêrane slost. Dei to vêrane trekte seg frå kvarandre og brasa saman gong på gong. Pannebraskane klaska mot kvarandre til blodet strøyma.

Gnyet trekte til seg ein rev. Han klarte fleire gongar å komme til og slikke i seg blod på bakken etter dei to. Då heilagmannen såg det, tenkte han: "Dersom reven hamnar mellom dei to bukkane når dei støyter saman, er det ute med han. Slik ser det ut for meg, ja."

Og sant nok, neste gong vêrane braka saman, flytta ikkje reven seg vekk frå der han stod og slikka blod, hamna mellom dei to hovuda til vêrane og døydde momentant, utan å få sagt "Takk for maten" eingong.

Heilagmannen sukka og gjekk vidare på reisa si.

Høveleg utdanning

The results of education

Ein stad i fjellet over store skogar, bringa ei papegøye to ungar til verda. Desse kyllingane blei fanga av ein jeger ein gong mora hadde dratt vekk frå reiret for å leite etter mat. Den eine ungen klarte å rømme, mens den andre blei sett i bur av jegeren og lærde å snakke heime hos han. I mellomtida trefte den første papegøyekyllingen ein heilagmann som tok han med seg dit han sjølv budde, og stelte vennleg med han.

På dette viset gjekk tida heilt til det kom ein konge. Han var på jakt, og kom vekk frå følget sitt etter at hesten hans sprang av garde utanfor kontroll. Kongen kom dit jegeren budde. Med det same papegøyen sansa at det kom nokon, tok han til å klukkle frå buret sitt: "Kom igjen, karar! Her kjem det nokon til hest. Bind han, bind han! Drep han, drep han!"

Då kongen oppfatta kva papegøyen sa, spora han hesten sin og rei vekk derifrå.

Neste gong kongen kom fram til folk, var han kommen til ein annan skog. Midt i skogen budde heilagmannen og andre einebuarar i lag. Ein papegøye hang i eit rommeleg bur i ei grein der. Han sa til kongen: "Velkomen, konge, og kvil deg. Forfrisk deg på det kjølige vatnet og dei søte fruktene vi har. Kom hit, einebuarar! Kom og ær gjesten vår. Det er kongen. Gi han vatn å vaske føtene med i den kjølige skuggen av treet her eg heng."

Då kongen høyrde dette, sperra han opp auga av forbausing og sa til papegøyen: "I ein skog eit stykke herifrå fekk eg heilt andre velkomstord frå ein papegøye som såg ut akkurat som deg. Han sa 'Bind han, bind han!' og ropte "Drep han, drep han!'"

Papegøyen svarte ved å fortelje kva som hadde hendt han og bror-papegøyen, korleis dei hadde komme ifrå kvarandre som kyllingar, og korleis det hadde gått han sjølv derifrå.

Mykje kjem nok an på kva for oppseding ein får.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2011–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]