Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 4
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Jenta som gifta seg med ein orm

The girl who married a snake

Det var ein prest og kona hans. Dei var barnlause, og kona gret sårt når ho såg ungane og ungdommane til grannane. Men ein dag sa presten: "Gløym sorgene dine, kjære. Då eg sat ved altaret i dag, sa eit usynlig vesen klart og tydeleg til meg: 'Prest, du skal få ein son som overgår alt du kan tenke deg.'"

Då kona fekk høyre dette, svulma hjartet hennar av fryd. "Eg håper berre det stemmer", sa ho.

Med tid og stunder fødde ho ein orm. Det var uventa. Men ho følgde ikkje råda til venninnene sine om å kaste han frå seg. I staden bada ho han og la han med mykje morskjærleik i ei stor, rein boks, og skjemde han bort med mjølk, fersk smør og andre godsakar. Før mange dagar hadde gått, var han blitt moden for å gifte seg.

Men ein dag prestekona deltok i bryllaupet til ein av nabogutane, strøymde tårene nedetter kinna hennar, og ho sa til mannen sin: "Eg skjøner at du foraktar meg, sidan du ikkje gjer noko for å stelle til bryllaup feiring for guten vår."

"Men gode kone", svarte han, "kven andre enn ormar vil ha guten vår?"

Men straks han hadde sagt det, såg han kor forferdeleg sorgsam kona hans blei, og bestemte seg derfor for å dra langt av stad for å sjå kva han kunne finne. Han pakka og drog, og etter mange månadar kom han til eit anna land, der det budde ein slektning. Slektningen tok gjestfritt imot han, så han fekk eit bad, mat og meir til, og ein stad å sove om natta.

Tidleg neste morgon ville han ta farvel med slektningen sin. Som dei sa farvel til kvarandre spurde slektningen han: "Korfor kom du hit? Kva for ærend har du? Du kan seie det til meg."

Til dette svarte han: "Eg har komme fordi eg leitar etter ei høveleg kone til sonen min."

"I så fall", sa slektningen, "har eg ein overlag vakker dotter. Bed du meg om ho, får du ho til sonen din."

Presten tok snart jenta og tenarane hennar med seg, og drog tilbake til heimbyen sin. Men så snart folk der fekk sjå kor gild ho var, bula auga deira ut av glede, og dei sa til følget hennar: "Korleis kan nokon ved sine fulle fem gi ei slik gild jente til ein orm?"

Etter at dei fekk høyre slikt, blei alle dei eldre slektningane til den gilde jenta urolege, og sa: "La ho sleppe den brudgommen!"

Men jenta sa: "Eg har bestemt meg for å gjere som far min avtalte. Eg vil ikkje det skal heite om far at han kryp vekk frå ein avtale." Dernest gifta ho seg med ormen, og slektningane hennar innsåg ho handla flott, og gav ho full oppbakking. Jenta tok straks til å varte opp ormen, by han mjølk og gjere anna for han også.

Ei natt kraup ormen ut av den rommelege boksa si i rommet deira, og kraup opp i senga til ho.

"Kven er det?" ropte ho, "Det er ein mann!" Ho trudde det var ein framand, så ho støkk og skalv, låste opp døra og skulle til å springe vekk, då ei stemme sa innanfrå rommet: "Kjære kone, bli heller. Eg er mannen din." Og for å overtyde ho, kraup han inn i ormehamen som han hadde latt bli att i boksa, og så ut av hamen igjen, og kom bort til ho.

Då såg ho at det glimta diadem i håret hans, at han hadde mange gilde ringar og armband og ande smykke på seg. Ho blei så glad at dei sokk inn i ei djup omfamning.

No vakna far til ormen og oppdaga korleis det var. Han har greip derfor ormehamen som låg i boksa og brende han, for han tenkte: "Eg vil ikkje at han skal gå inn i den hamen att."

Om morgonen let han og kona alle som ville det, få møte den uvanleg kjekke sonen sin og kona hans, og det var nok mange.

Svana og ugla

Passion and the owl

I ein skog låg ein vid sjø, og der budde det ei svane. Men ein dag kom ei ugle til ho.

Svana sa: "Dette skogsområdet ligg for seg sjølv. Kor kjem du ifrå?"

Ugla svarte: "Eg har flakka omkring i verda, og kom hit etter å ha høyrt kor bra ein har det her."

Svana sa: "Ja, her ved vatnet kan ein bu og trivast."

Deretter var dei ofte saman, men ein dag sa ugla: "No drar eg heim til mitt, dit eg kom hit ifrå ved ein annan sjø. Sjå om du kan gjeste meg, for det ville eg sette pris på!" Ho skildra kor ho heldt til, og så flaug ho heim.

Etter som tida gjekk, tenkte svana: "Eg har blitt gammal, bur på denne staden og kjenner ingen andre stadar. Eg vil fly og gjeste ugla som ho bad om. Der ho bur finn eg kanskje andre hyggelege omgivnadar og annan slags mat."

Så flaug ho for å gjeste ugla. Først kunne ikkje svana finne ugla på den plassen som ugla hadde skildra for ho, men så oppdaga ho ugla i ei stygg hòle i ei elvebredd. Der sat ugla og såg ikkje mykje fordi det var lyst. Men svana song: "Kjære venn, kom ut! Det er eg, svana, som har komme på gjesting!"

Ugla svarte: "Eg lyt halde meg i ro om dagen. Du og eg får treffast når sola har gått ned."

Svana laut vente lenge før ho kunne treffe ugla om kvelden, og etter at dei hadde snakka med kvarandre om laust og fast og helsa, la svana seg til å sove der, trøytt som ho var.

No fall det seg slik at ein flokk handelsfolk hadde slått leir ved innsjøen. Ved daggry stod leiaren opp og bles eit signal om å dra vidare. Ved lyden tuta ugla og stupte inn i hòla si i elvebredda. Men svana rørde seg ikkje der ho låg. Leiaren likte lyden av ugla så dårleg at han bad ein bogeskyttar om å sikte etter lyden, og skyttaren spente den store bogen sin og sleppte ei pil av stad dit lyden var kommen frå i skogen. Skotet råka svana som låg og kvilte ved hòlet til ugla, og så var det slutt.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2012–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]