Norsk del, Gullvekta
Fablar frå Femboka  ❀ 5
Seksjon › 49 Sett Søk Førre Neste

Finn ordbøker

Reservasjonar Innhald  

Åtvara fiskar

Forethought, Readywit and Fatalist

I ein stor innsjø budde tre store fiskar. Ein dag høyrde den eine av dei at det gjekk nokre fiskarar langs bredda og prata: "Det er mykje fisk i innsjøen. I morgon tar vi oss hit på fisketur."

Då storfisken høyrde det, tenkte han: "Det lovar ikkje godt. I morgon eller overmorgon kjem dei tilbake. Eg skal seie frå og ta med meg dei to andre storfiskane og flytte til ein annan innsjø der vi ikkje blir plaga."

Så kalla han til seg dei to andre og bad dei bli med.

Den eine sa: "Eg har budd så lenge her, og kan ikkje flytte så fort. Kjem det fiskarar hit, skal eg hjelpe meg med passande middel eg kjem på i høvet."

Den tredje fisken sa: "Det finst store innsjøar andre stadar også, så kven veit om fiskarane kjem hit eller ikkje? Ein skal då ikkje dra ifrå innsjøen ein er fødd i, berre på grunn av litt snakk. Ordtaket er: 'Kjeltringar prøver seg ofte med ting som ikkje lykkast, og dermed går verda vidare, den.' Og derfor vil eg slett ikkje dra herifrå."

Då den første fisken skjønte at dei hadde bestemt seg for å bli, svømte han til eit anna vatn aleine, og der var det godt å vere.

Neste dag, etter at han var vekke, kom fiskarane med gutane sine og kasta nett rundt midten av innsjøen og fanga alle fiskane utan unntak. Då fann den andre store fisken det best å spele daud alt mens han var i vatnet.

Fiskarane tenkte: "Denne storfisken døydde utan hjelp frå oss", og drog han i land og la han trygt på bredda. Derifrå sprella han tilbake ut i vatnet utan at nokon av fiskarane klarte å hindre det, og var trygg.

Men den tredje fisken stakk hovudet inn i garnmaskane og der stod han og kjempa like til fiskarane kom til og slo han med klubber til han slutta å sprelle meir.

Den kloke gamle gassen

The shrewd, old gander

Ein stad i ein skog var det eit traust tre med tjukke greiner. Der budde ein flokk ville gjæser. Ved rota av treet voks ein slyngplante. Den gamle gassen som titt og ofte leidde flokken, sa: "Slyngplanten som klatrar på treet vårt, lover ikkje godt for oss, for når den veks seg til, kan nokon komme og klatre opp til oss og drepe oss. Ta vekk slyngplanten mens den enno er tynn og lett å få vekk."

Men dei andre gjæsene syntest det var dumt snakk, og kappa ikkje av slyngplanten. Så med tida slynga den seg høgt opp i treet. Men ein dag då gjæsene var ute og leita etter mat, klatra ein jeger oppetter slyngplanten. Vel oppe i treet la han ei snare mellom reira og gjekk heim.

Gjæsene hadde ete og kvilt seg før dei kom att. Då hadde natta falle på, så dei såg ikkje snara. Alle saman blei fanga. Då sa den gamle gassen: "Vel, ulykka har skjedd. De bringa den over dykk sjølve ved ikkje å lytte til rådet mitt. No ser det ut til at vi alle fortapte."

Då skreik dei hine gjæsene til han: "No når dette grufulle først har skjedd, kva kan vi gjere? Er det noko vi kan gjere?"

Den gamle gassen svarte: "Spel daude når jegeren kjem. Og når jegeren kastar den siste av oss ned på marka under treet, skal vi alle lette samtidig og fly vekk over hovudet hans."

Tidleg neste morgon kom jegeren tilbake og klatra opp i treet. Då han såg gjæsene i snara si, verka alle daude. Dermed fridde han dei frå snara, fort og sikkert, og kasta dei ned på marka under treet, den eine gåsa etter den andre. Men då han til sist var klar til å klive ned, flaug gjæsene til vêrs og forsvann for han.

Den nedgravne skatten

Right-mind and Wrong-mind

To kjøpmannssøner var vennar og blei kalla Rettenkt og Feiltenkt. Dei reiste til eit anna land langt vekke for å tene pengar. Der fann Rettenkt ei krukke med gull. Etter å ha drøfta stoda med Feiltenkt, ville han dra heim att, og det ville Feiltenkt også, for no hadde dei det dei hadde reist utanlands for. Så drog dei heim i lag.

Då dei kom nær heimbyen sin, sa Rettenkt: "Gode venn, du skal få halvparten av gullet. Gjer vel og ta imot. Når vi har komme heim, kan vi få skore ein staseleg skulptur som vennane våre og andre kan gle seg over."

Men Feiltenkt fekk ein snikande tanke om å dra meir fordel av gullet, og sa: "Gode venn, så lenge vi to har ein skatt i lag, held vennskapen vår også. La oss ta ein god slump gull kvar, grave ned resten og gå heim, kvar til vårt."

Rettenkt såg ingen veikskapar ved planen, og gjekk med på det som vennen sa. Då dei hadde grave ned størstedelen av gullskatten, gjekk dei inn i heimbyen sin.

Det gjekk ikkje lang tid før Feiltenkt hadde brukt opp sin del av gullet. Då fekk han Rettenkt med på å ta meir gull frå skatten, ein del til kvar. Men før eit år var gått, hadde også den dette rent ut mellom fingrane til Feiltenkt. Han tenkte derfor: "Dersom eg tar ut ein ny slump gull og deler med Rettenkt, er det ikkje meir enn to store delar av gullskatten att. Jøss, eg tenker eg har betre av å ta alt som er att!"

Etter å ha tenkt det, gjorde han det. Han gjekk dit resten av gullskatten låg nedi jorda, tok alt som var igjen, og jamna marka etter seg.

Berre ein månad etterpå gjekk han til Rettenkt og sa: "Gode venn, la oss dele resten av gullet likt."

Rettenkt gjekk med han til staden der skatten var gøymd unna og tok til å grave, men fann ingenting. Krukka var tom. Då slo Feiltenkt hovudet sitt mot den tomme krukka og ropte: "Kva har hendt her? Du må ha stole skatten! Gi meg min halvdel, elles drar eg deg for retten!"

"Hald opp med narreriet", sa Rettenkt. "Tjuveri held eg med for god til. For 'Ein rettenkt mann ser si eiga kjære kone i nabokona.' Kan du forstå det? Det vil seie at han bryr seg nesten ikkje om kva andre har. Det må vere du som har tatt gullet."

Så tok dei tvisten sin til retten og fortalde om gullet som hadde blitt borte. Dommarane kom til at kvar av dei skulle gjennomgå ei vanskeleg eldprøve så ho kunne vise kven som snakka sant. Og i fall begge to døydde under den farlege prøva, kom vel den uskuldige inn i himmelen og den andre neppe.

Feiltenkt sa: "Nei vent, den dommen er ikkje rett. For regelen er: 'Beste prove er skrivne ord. Nest er vitne som såg og høyrde noko. Berre når alt dette manglar, høver eldprøver.' I denne saka har eg eit vitne, sjølvaste skognymfa. Ho vil vise oss kven som er skuldig og ikkje skuldig."

Dommarane svarte: "Du har rett til å kalle inn vitnet ditt, og 'Går skognymfa god for deg, må lova rette seg etter det.' Dette blir interessant! Vi tar dykk med ut i skogen i morgon, begge to."

Så blei partane sende heim til sitt. Feiltenkt spurde far sin om hjelp. "Far", sa han, "eg har så godt som klart å grave til meg den gullskatten. Med den kan vi ha det behageleg resten av livet. Alt som trengst er eit lite ord frå deg. I natt skal eg gøyme deg ut av syne i eit holt tre like ved eg grov ut skatten, for når morgonen kjem, skal du vere vitnet mitt for dommarane."

"Å, son", sa faren, "vi er fortapte! Dette er ingen god plan."

Feiltenkt blei forarga over innvendinga, og det enda med at han gøymde faren sin ut av syne i det hole treet den natta. Då det så blei morgon, tok han eit bad, tok på seg reine klede, og følgde Rettenkt, dommarane og mange andre interesserte dit skatten hadde vore, og ropte så det gjekk gjennom merg og bein: "Nymfe for skogen her, sei kven av oss to som har stole gullskatten som låg nedgraven her. Tal til oss!"

Faren til Feiltenkt sa med høg røyst innanfrå treet: "Rettenkt tok dei pengane."

Då dommarane og anna folk der, fekk høyre det, sperra dei opp auga i forundring. Så tenkte dei over kva for straff Rettenkt skulle ha for å stele gull. Men dei stod og drøfta dette, gjekk Rettenkt bort til det hole treet og la kvist og kvas omkring det og sette fyr på. Nokså fort kom far til Feiltenkt ut av hòlet med eit ynkeleg hyl, svidd hud og bulande auge. Alle spurde han: "Kva skal dette bety?"

"Det heile er Feiltenkt sitt verk", svarte han.

Så hengde dei Feiltenkt i ei grein på det hole treet, roste Rettenkt, og sørgde for at han fekk fordelar frå kongen og anna som var godt å ha.

Hopp og Kryp

Leap and Creep

I slottet til ein konge stod ei makelaus seng. Ho var makelaus på nær sagt alle vis. I eit hjørne av sengeteppet budde kvinnelusa Kryp, omgitt av ein blømande familie av søner og døtrer med søner og døtrer med søner og døtrer og enda fleire etterkomarar utanfor teppet. Kryp drakk av blodet til kongen mens han sov. Med dette kosthaldet voks ho seg lubben og kjekk.

Mens ho budde slik, kom ein gong loppa Hopp inn med vinden og fall ned på senga. Loppa undersøkte senga og var overlag nøgd med den – det herlege, mjuke sengeteppet, den vedunderlege godlukta der. Han hoppa omkring på sengeteppet hit og dit så lenge at han trefte Kryp. Ho sa til han: "Kor kjem du ifrå? Dette er ein kongeleg bustad, så forsvinn med det same."

"Frue", sa loppa til lusa, "du skal ikkje seie slikt, for det heiter ein skal ære gjestar. No er eg gjest her. I den siste tida har eg hatt høve til å smake på blodet til prestar, krigarar, forretningsfolk og liveigne, men det var syrlig, slimete og ganske usunt. Men han som kviler og søv i ei seng som dette, må vel ha makelaust blod, om lag som nektar. Det er nok fritt for sjukdom og i harmonisk balanse som hofflegane hjelper han til. Det er truleg gjort rikt og nærande av mat frå mange utsøkte skapningar i vatn, på jorda, og i lufta, og så krydra vidare med sukker, granateple, ingefær, og pepar. Eg vil tru at blodet til han som ligg her i senga, vil vere livseliksir for meg. Derfor har eg tenkt smake på denne søte og velduftande substansen, og kombinere nyting og vinst slik – med løyve frå dykk."

"Nei", sa ho. "For skapningar som deg, med irriterande bitt, kjem det ikkje på tale – det er utenkeleg. Ha deg vekk frå senga med det same. Du kjenner ordtaket:

'Tosken som ikkje veit kva han duger til, kven hans fiendar er, kva han pliktar og kva som er høveleg tid og stad, vil sikkert mislykkast.'"

Men loppa fall på kne framfor lusa og bad om og om att om det same som før. Og lusa var eigentleg høflig av seg, og dessutan hadde ho overhøyrd ei forteljing om ein falskspelar som sa til ei ungjente: 'Han har forakta den heilage Treeinigheita, som avviser bønna frå ein fiende med forakt.'

Fordi lusa kom dette ordet i hug, ville ho la loppa smake av kongeblodet, men la til: "Du skal ikkje komme til måltidet på feil stad og til feil tid."

"Kva er rett stad og tid?" ville loppa vite. "Eg er ny her, og derfor ikkje heilt informert om slikt enno."

Lusa svarte: "Når kroppen til kongen kropp er overmanna av vin, trøyttleik eller søvn, då kan du bite han stilt på føtene Det er rett stad til rett tid."

Loppa gjekk med på vilkåra, men den svoltne klodrianen beit likevel kongen på ryggen like etter at han hadde sovna tidleg på kvelden. Loppebitet klødde så fælt at kongen vakna og klødde ryggen mens han ropte etter ein tenar: "Esj! Noko beit meg. Leit gjennom senga til du finn insektet."

Loppa høyrde befalinga til kongen, og hasta livredd ned i ein sprekk i senga. Då tenarane til kongen kom til og følgde ordren hans, hadde dei med ein lampe og leita omhyggeleg gjennom sengeteppet. Då kom dei over Kryp der ho låg,og tok knekken på henne og heile familien hennar.

Apekatten som ikkje ville lære

The unteachable monkey

I eit skogområde var det ein flokk apekattar. Ein kveld dei var fælt nedtrykte, kom dei over ei eldfluge. Dei undersøkte insektet, trudde at det hadde eld i seg, og la det varsamt ein stad og dekte det med tørt gras og tørre blad til det blei ei såte. Så sette dei seg i ein ring rundt og rekte dei fram hender og føter mot såta, klødde seg her og der og naut det dei trudde var varme. Ei av apene, som var kald i skrotten då, bles hyppig på såta; det skulle halde varmen ved lag.

No flaug ein fugl ned frå treet sitt og sa apa som bles: "Kjære deg, det er ikkje tiltrengt at du held på slik. Det er ikkje eld som lyser, det ei eldfluge."

Apekatten tok ikkje omsyn til det fuglen sa, men bles vidare, og stoppa ikkje når fuglen gjekk så langt som å gå i vegen for han fleire gongar. Og då apa blei for plaga av fuglen som kom for nær innpå, greip ho han og slo han i hel mot ein stein.

Gode råd hjelper ikkje dei som ikkje vil og dei som ikkje klarer å følge dei.

Innhald


Femboka, fablar, soger, Panchatantra, litteratur  

Femboka, fablar, soger, Panchatantra, opp Seksjon Sett Neste

Femboka, fablar, soger, Panchatantra BRUKARGAID: [Lenke]
© 2010–2017, Tormod Kinnes. [E-post]  ᴥ  Ansvarsfråskriving: [Lenke]